NETT NO - ÅRG 8 / UTG 1 / 2020

Page 18

F Ø RST E OV E R S KOT: Etter ein sommar med mange nordmenn på besøk, ligg restaurant Hoven an til å gå med overskot for første gong i 2020. Foto: Marius Beck-Dahle

ARVELEG BELASTA Av: Marius Rosbach

Familien, laget, lokalmiljøet og ein dose galskap, er grunnsteinane for hotelldirektør Richard Grov. Difor var dei rusta då den frykta «koronasommaren» slo alle rekordar.

Ingen betyr meir enn andre. Hugs at etter storm, kjem finevêr. Og ikkje nyt suksess for lenge.

– Om dette er den nye normalen, er eg fornøgd, seier hotelldirektør Richard Grov mot slutten av intervjuet til NETT NO-magasinet. Då har han fortald om korleis dei gjekk frå «uverkeleg stille» dagar i mars - til ein rekordsommar. Då hausten tok til trudde direktøren ved Hotel Alexandra knapt det han hadde opplevd. Meir om det seinare. Først litt om kvifor det gjekk slik. HAR KRIBLINGA I HENDENE

Det høyrest enkelt ut når hotellverten i femte generasjon skal forklare korleis familien og lokalmiljøet heng saman med drivkrafta for jobben. – Om ein har ei viss tryggheit og plattform, så kan ein ha blikket retta framover – og det meiner eg vi har hatt. Han bur med familien nokre minutts til fots frå hotellet, og fortel om arven frå foreldra. 18

NETT NO

– Det skal starte å krible litt i hendene før det har gått for lang tid. Heldigvis har eg kriblinga i hendene enno, seier han. Det kan ein forstå når ein ser på satsingane i Loen dei siste åra. Først litt om grunnlaget for rekordsommaren. – FEKK HOVUDET OVER VATNET

Richard Grov fortel om dei første dagane etter at regjeringa innførte dei mest inngripande tiltaka landet har opplevd i fredstid. Hundrevis av tilsette blei permitterte i løpet av få dagar. Brått vart dei tvungne til å ta høgde for at det kanskje ikkje kom gjestar inn døra resten av året. – På få dagar gjekk vi frå fulle hus, til å stenge dørene og senke temperaturen. Først gjaldt det å få kontroll på kostnadene og likviditeten. Så la dei ein plan. Fleire planar. Det var «worst case scenario» og vurdering av stadig nye krisetiltak. I ein slik situasjon er det lett å gjere irrasjonelle avgjersler, og Grov meiner regjeringa

fortenar topp karakter for handlekrafta den første tida. – Permitteringar og kriselån gjorde at vi fekk puste og fekk hovudet over vatnet. Då kontantstøtta kom på plass, såg vi at det også var mogleg å ta risiko, fortel han. Då den verste krisestemninga slapp taket, bestemte dei at gjestane skulle få avgjere nivået på bemanninga framover. Grov legg heller ikkje skjul på at det forpliktar å ha mange fastbuande tilsette i ei lita bygd. – Gud hjelpe meg for ein motivert gjeng vi var, då vi over pinse såg at det kom til å bli ganske mange gjestar, fortel han. BELEGGET SKAUT I VERET

Etter ei forsiktig opning blei det klart at mange ville kome på besøk til Loen denne sommaren. Hotellet hadde satt arbeidskontraktar med fleire enn 100 ekstrahjelper på vent, men forstod at det berre var å rigge for fullt hus. Hotelldirektøren skulle prise seg lukkeleg over valet når sommaren var over. – Vi våga å gjere det fordi vi hadde kontroll


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.