NY LA ST E BIL: Jan Endre Vartdal (t.v.) fortel ivrig om den første lastebilen med ny design på sidene, som viser at den køyrer med 100 prosent resirkulert isopor om bord. Han og søskena Sindre og Ingvild har trua på resirkulering som løysing på det dei frykta var starten på slutten for bedrifta.
BEREKRAFTIG SØSKENFLOKK Av: Marius Rosbach
Det som først såg ut som ei eksistensiell krise, kan snart ha løyst råvaretilgangen for Vartdal Plast.
Det siste året har mange kjent på korleis det er å møte ei krise som ein tenkjer kan vere starten på slutten. Slik kjende søskenflokken Sindre, Jan Endre og Ingvild Vartdal i familiebedrifta Vartdal Plast det for nokre år sidan.
GJER BUSINESS PÅ «AVFALLET»
«Om ein tek fram kalkulatoren først, får ein ikkje gjort noko», var kommentaren til Vartdal Plast-sjefen i eit tidlegare intervju med NETT NO. Det kan truleg forklare reisa familiebedrifta har vore med på dei siste åra.
Media var fylt av saker om det aukande plastproblemet - som deira bedrift var ein del av. Produkta i ekspanderbar polystyren (EPS) – også kalla isopor – blei vist til som døme på miljøforsøplinga. Forbod i ulike variantar var mellom forslaga til løysing.
No er innsamling av EPS sett sett i system frå Trøndelag til Bergen. Lastebilane deira tek med brukt isopor til den nye «resirkuleringsfabrikken» på Liadal. Erfaringane etter eit halvt års drift av anlegget er svært gode.
– No er vi kome dit at vi verkeleg ser moglegheitene for korleis vi kan utnytte det som for eit par år sidan var ei mørk natt, seier dagleg leiar Jan Endre i Vartdal Plast.
– Vi trur heilt klart at innan 2025, så kan vi ha all produksjonen basert på resirkulert plast, er Jan Endre sin konklusjon etter at han entusiastisk har fortalt om nye metodar
26
NETT NO
for å lage plastemballasje – utan tilførsel av fossil olje. SNART 60 ÅR I BRANSJEN
Det har kosta nokre sømnlause netter å kome til den konklusjonen. Familiebedrifta som søskena eig ein tredel kvar av, blei starta av farfaren Jan i 1961. Fire år seinare var Vartdal Plastindustri først i verda til å ta i bruk EPS-kasser som emballasje til fisk. I dag er selskapet eit konsern med fleire hundre millionar i omsetning årleg. Oppkjøp dei siste åra gjer at dei har fire eigne fabrikkar, og er deleigarar i fire til. Fiskekasser, byggisolasjon og anna emballasje blir selt til heile landet.