NETT NO - ÅRG 8 / UTG 1 / 2020

Page 70

HAR ALLTID DRØYMT OM Å STARTE EIGA BEDRIFT

Ho kjem frå øya Silda, er oppvaksen med fisk, har alltid jobba med fisk og har no starta sitt eige sjømatselskap.

NYS KAP IN G : Hildegunn Fure Osmundsvåg hoppa av som norsk fiskeriutsending og starta opp sjømatselskapet Star Seafood i Måløy.

70

NETT NO

Av: Kjetil Haanes

– Dette har vore ein draum heilt sidan eg var ung, seier Hildegunn Fure Osmundsvåg.

Fleire har fartstid frå andre eksportselskap, blant anna gjeld det John Hodnefjell.

44-åringen synst ikkje det er noko merkeleg at ho har starta opp sjømatselskapet Star Seafood saman med ein gjeng med vener og tidlegare kollegaer.

– Den beste innkjøparen her til lands, seier Hildegunn, med eit smil. HAR HATT GOD START

– Vi har vorte godt mottatt av både kundar og leverandørar.

På plass er også Øyvind Holvik, Thomas Steenslid, Katrine Myklebust og Arne Barmen, alle godt rutinerte sjømataktørar. Fleire av dei tilsette er medeigarar. Det er også dei profilerte Måløy-investorane Skibenes og Carlson, i tillegg til Magne Årvik.

Dei sju tilsette i Star Seafood har base i Ervik Havfiske sine lokale på ‘øya’ i Måløy, rett under Måløybrua.

– Vi har fått ein god start og er takknemlege for at dei hadde tru nok på oss til å hjelpe oss i gang, seier gründeren.

I det første heile driftsåret omsette selskapet laks og ørret for nesten 600 millionar kroner.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.