NETT NO - ÅRG 8 / UTG 1 / 2020

Page 72

EI N P ER FEKT A R B EI D SDAG : Oscar Almgren har nok å henge fingra i med kring 20 tilsette i sving på det meste. Ein perfekt arbeidsdag for svensken er med ski på føtene, som her i «bakgården» på Stranda. Foto: Martin Kristoffersen

AKTIV FORRETNINGSBYGGAR Av: Marius Rosbach

– Om det berre var fordi eg vil dra på tur, kunne eg skalert det ned mykje meir, seier Oscar Almgren og humrar.

Oscar Almgren innrømmer at han først fatta interesse for jobben som guide, fordi han synest det er kjekt å dra på tur. Framleis har han det slik, men dei siste åra har produktutvikling og forretningsbygging vore den fremste drivkrafta i arbeidet for Uteguiden-sjefen. – Alle guideselskap vil vise fram aktivitetane dei held på med. Difor kan folk få inntrykk av at vi berre stå på ski heile vinteren, og padlar kajakk på fineversdagar om sommaren. Men det er utruleg mykje 72

NETT NO

anna arbeid som ligg bak, seier han. Det er på dette tidspunktet i intervjuet at svensken, som har gjort strandar av seg, påpeiker at han kunne gjort ting i langt mindre skala om poenget berre var å kome seg på tur. Han har rett i det. Uteguiden som blei kåra til årets reiselivsbedrift i 2018, består i dag av fleire selskap med avdelingar på Stranda, i Valldal og Ålesund. OPNA SAMLINGSPLASS PÅ STRANDA

I sommar oppretta Almgren eit holdingsel-

skap og fusjonerte inn Valldal Naturopplevingar. Eit av dei seinaste tilskota i Uteuiden-universet er plassen «Hygge» i Stranda sentrum. – Dette er ein egoistisk greie og ein type stad eg sjølv har sakna. Det skal vere ein plass der du kan kome og ta ein øl på fredagskvelden, men vi vil gjerne at det skjer noko også. Som her om dagen, då vi hadde quiz, fortel han.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.