G O D TR U : – Vi må få fram det reine og unike som er typisk for norske produkt, meiner Knut Helge Vestre. Han trur reker fangsta på kalde djup vil vere ein vinnar på matfronten i framtida.
TRIVST MOTSTRAUMS Av: Marius Rosbach
Då koronakrisa ramma, fann Coldwater Prawns of Norway at dei skulle satse på auka sal. Det er på eit vis logisk for det ålesundsbaserte selskapet.
– Vi starta som eit sal og marknadsføringsselskap i 2007, og vi har gått derifrå til produksjon og fiske, fortel Knut Helge Vestre då NETT NO møter han og nestleiar Hege Furnes i lokala deira i vasskanten på Aspøya. Det illustrerer eit av dei viktigaste poenga han har på hjartet – og som vi kjem tilbake til. Leiarduoen har titlane CEO og COO, og saman med dei andre i Coldwater Prawns of Norway vil dei erobre verdsmarknaden for kaldvassreker. Begge ser på seg sjølve som optimistar, og likar dårleg å gi seg på 76
NETT NO
ting. Då store delar av verda stengde ned i marsdagane 2019, og mange var mest opptekne med å strupe kostnader, var det aldri aktuelt hos rekeseljarane å permittere tilsette. – Vi bestemde oss for at vi ikkje skulle ta det ordet i vår munn, og orienterte oss etter kvar ordrane var i marknaden, seier Vestre. KAPRA NYE KUNDAR
Restaurant- og hotellmarknaden, som til vanleg utgjer 40-50 prosent av omsetninga deira, forsvann over natta. I løpet av kort tid
kasta dei seg rundt og sette opp kampanjar og ulike aktivitetar for kundar på butikkar og supermarknader. – Slik fekk vi boost i salet. Samtidig jobba vi for å skaffe nye kundar, og i løpet av mars og april fekk vi nye kontraktar for store summar, fortel han. Koronapandemien ga også eit oppsving i heimkøyrd mat i Kina. Det er noko Coldwater Prawns of Norway allereie har jobba mot i mange år.