2021
50 ÅR MED HANDEL
JUBILEUMSMAGASIN ELVEGÅRDEN OG FØRDE TORG 50 ÅR MED HANDEL 1
50 ÅR MED HANDEL I FØRDE
2021
Det er ein stilfull 50-åring når vi ser på fasaden til Elvegården. Sjølvsagt er det nødvendig med nokre løft når ein har levd eit liv og det er viktig å henge med i tida. Samtidig er ein etablert og har funne sin plass i miljøet. Stabilitet, erfaringar og god økonomi er med på å trygge situasjonen og gjere gode val med gode kvalitetar. Her er det ingen fare for noko 50-årskrise! Så er det godt å ha ungdomen med på laget! Den framleis ungdomelege Førde Torg med sine 25 år er alltid på jakt etter meir moro. Det var såleis heilt naturleg å bygge scene og legge til rette for at det alltid skjer noko her. Slik utfyller dei kvarandre. I lag har desse to samarbeidd om å skape eit miljø og eit hus for alle. Den gode miksen av etablerte butikkar og kontor, og dei nye skota som kjem til etter kvart, gjer at dei husar gode arbeidsplassar for alle oss som jobbar her. Vi tek lunsjpausen på ein kafé, handlar mat i butikken på veg heim og stikk gjerne innom på kvelden for å ta ei runde i butikkane. Vi høyrer til her. Dette skal også kundane merke. Her er både husrom og gjesterom. Vi er opptatt av å vere eit stort senter for alle. Her skal du finne det du treng både av butikkar, kaféar og møtestadar. Vi er godt etablerte, men ungdommelege og stadig på jakt etter å vere med på det som skjer.
INNHALDS LISTE Ordføraren gratulerer................................................................................................................................... 4 Historia om Elvegården.................................................................................................................................5 Erdal Sport 50 år............................................................................................................................................ 10 Aba`s Inn............................................................................................................................................................ 12 Magne Aase 70 år...........................................................................................................................................14 Elvetorget Gym – eige treningssenter for tilsette............................................................................ 15 Regnskapssentralen AS og Sæle AS – dei første leigetakarane..................................................16 Moderniserte kontorlokale PWC og Ortopediteknikk...................................................................18 Historia om Førde Torg...............................................................................................................................20 Samanbygginga av Elvegården og Førde Torg.................................................................................. 24
Vaktmester Jan Ove Kalstad..................................................................................................................... 28 Huseigarane sin representant Jonny Tjønn........................................................................................32 Elvetorget kjøpesenter................................................................................................................................ 34 Torgscena.......................................................................................................................................................... 39 Møteplassen.................................................................................................................................................... 42 Visste du at:.....................................................................................................................................................44 50 år med lokalt samarbeid......................................................................................................................46 Elvetorget si rolle i samfunnet............................................................................................................... 48 Frå albumet......................................................................................................................................................49 Vi feirar 50 år med handel i Førde.......................................................................................................... 51
Redaksjonelt innhald: Elvegården as og Førde Torg as v/ Jonny Tjønn
2
Grafisk produksjon: Rein Design reindesign.no
JUBILEUMSMAGASIN
HELSING FRÅ ELVETORGET
”VERDAS BESTE” Elvetorget er alle butikkane som har sine lokale i Elvegården og Førde Torg, og dei utgjer eit kjøpesenter på om lag 40 butikkar, kafear m.m. Senterleiinga og butikkane har som mål å bidra til å vere ein god møtestad for kundar og tilsette. Vi skal vere gode på kundeopplevingar og dyktige på faget vårt. Trivsel og tilhøyrighet er viktig for oss, og det vil kundane våre merke. Vi kunne ikkje hatt det betre enn akkurat her! Vi har ein raus huseigar som alltid vil oss det beste. Av og til treng vi litt hjelp for å komme over ei kneik, av og til er det noko som må fiksast og ofte treng vi berre litt skryt. Og det får vi! Vi har ein huseigar som legg til rette for oss, sørger for at det er fint både inne og ute og gjev oss den frihet vi treng for å drive god butikk. Den siste tida har vi hatt fleire utvidingar og oppgraderingar, samt nyopningar. Vi har ein huseigar som trur på oss og satsar på oss. Det er slik vi blir gode. Eit kjøpesenter der det nesten ikkje er ledig areal, etablerte leigetakarar utvidar og ein leigetakar opnar sin tredje butikk, fortel at vi likar oss her. Takk til Jonny som representerar huseigarane og sørger for at her alltid er spennande butikkar og stor trivsel. Takk til Jan Ove som aldri seier nei, men ordnar alt med eit smil. Vi er heldige som har verdas beste huseigar og vaktmester! Gratulerer med jubileet! Vi blir med på minst 50 til! Helsing frå senterleiar og butikkane på Elvetorget
50 ÅR MED HANDEL
3
HELSING FRÅ ORDFØRAR
GRATULERER MED JUBILEET! Det er få stader i landet som har hatt ei så flott utvikling og vekst som Førde. Frå å vere ei lita bygd for nokre ti-år sidan, har Førde i dag blitt ein vital, mangfaldig og kraftig småby. I år etter år har byen vore prega av stor aktivitet og investeringslyst, og det ser ikkje ut til å stoppe opp. Tvert om er det i dag større aktivitet og investeringar enn nokon gang. Det er mange grunnar til Førde sin suksess. Ein av hovudgrunnane er næringslivet, og den svært store viljen næringsaktørane har hatt til å satse. Det har gjerne vore tale om lokalt næringsliv, og fleire av desse har hatt mange prosjekt i byen vår. I år er Elvegården 50 år og Førde Torg 25 år. I tillegg til det feirar mange av leigetakarane i dei to forretningsgårdane òg jubileum. Gratulerer til dei alle! Desse bygga er flotte representantar for ei av dei aller viktigaste næringane i Førde, og ikkje minst ei næring som har sett Førde på kartet; nemleg handelsnæringa. Førde har i mange år vore den største handelsbyen mellom Bergen og Ålesund, og denne posisjonen har berre blitt meir og meir styrka. Handelsnæringa har mange positive sider for Førde; den skaper arbeidsplassar og står for verdiskaping, aukar attraktiviteten til byen vår, styrkar Førde som reisemål, er med på å skape ei levande sentrum, skaper møteplassar og er òg mange ungdommar sitt første møte med arbeidslivet. Som fleire andre næringsdrivane i Førde, er eigarane av Elvegården og Førde Torg òg involvert i andre store og viktige prosjekt og næringar i byen vår. Fritz Hjelmeland sine selskap har til dømes investert mykje i utvikling av sentrum dei siste åra, som oppgradering og moderniseringa av Sunnfjord Hotell, Tinghuset og Hafstadgården. Frå 1. januar 2020 blei Førde by kommunesenteret i nye Sunnfjord kommune. Byen vår har såleis òg fått eit ny rolle å spele; som ein motor for å få vekst og god utvikling i heile den nye og flotte kommunen vår. Det er ei rolle eg er sikker på byen vil ta på ein god måte.
Førde, juni 2021 Olve Grotle ordførar i Sunnfjord kommune
4
Førde har alle føresetnader for å ha ei god utvikling i åra framover, ikkje minst fordi næringslivet vårt er så offensive og omstillingsdyktige. Det er derfor ekstra kjekt å gratulere viktige næringsaktørar med jubileum, når eg samtidig veit at desse kjem til å få feire mange gode jubileum i framtida.
JUBILEUMSMAGASIN
Historia om
Elvegården Entreprenør Fritz Hjelmeland bygde i 1971 Elvegården som såleis var starten på kjøpesenter og utvikling av handelsbyen. Fritz Hjelmeland.
Fritz Hjelmeland kom frå Hjelmeland i Gaular. Han vart fødd i 1939, som den yngste av «Hjelmelandskarane» - som spelte ei stor rolle i å bygge det Førde vi kjenner i dag. I alt var dei 11 søsken! Talent for forretning kom tidleg – i ungdommen kjøpte han seg ein skogteig og selde ved. Fritz reiste som far sin til USA for å utdanne seg til murar. Brørne var gode idrettsfolk, og Fritz var den beste. 16 år gamal fikk han 1. plass i fylkesmeisterskap i både hopp og kombinert. Han vart og beste hoppar i rennet, uansett klasse. Medan han var i USA vart han amerikansk juniormeister i
50 ÅR MED HANDEL
hopp, 17 år gamal. Under prøve-OL i Squaw Valley i 1959 vart han nummer 14 av 90 hopparar. I 1961 vende han heim og følgde i fotefara til far sin og brørne: Han starta eige entreprenørselskap. Ei kort tid eigde han også selskapet som selde Ford-bilar i Førde. Fram til 1996 var han med på å sette opp mange bygg i Sogn og Fjordane, men størst preg sette han på Førde sentrum. Mot slutten av 90-talet la han ned entreprenørverksemda, og fokuserte på forvaltning av bygningsmassen sin i Førde. Fritz gjekk bort 19. desember 2013, men det
Foto: Arne Stubhaug
viser att mange bygg etter han. Eit av dei er Elvegården. Historia om Elvegården starta i 1971 då Fritz Hjelmeland bygde Elvegården sitt første byggetrinn. Der flytta Erdal Sport og Førde Bilsenter AS (Ford) inn. Fritz var medeigar i Førde Bilsenter AS dei første åra. I 1973 kom Regnskapssentralen som sidan har ført rekneskapet til Elvegården. I april 1982 kom Sparkjøp med ein butikk på nesten 1900 m2, då i lokala som Førde Bilsenter AS hadde, og ei tid husa også Elvegården Handelsskulen. I
5
”
Vi er stolte over å ivareta og vidareføre drifta av Elvegården slik Fritz ville gjort det
desember 1983 kom «Norges lengstlevande gatekjøkken med same eigar», Aba´s Inn, til Elvegården, samt at vi fekk eigen interiør-butikk med golv og maling då Bokuben flytta inn i 1988. På mange måtar var dette med på å starte handelseventyret i Førde. Utover 80-og 90-talet kom det til fleire byggetrinn og fleire leigetakarar. Etter kvart husa Elvegården både bank og kontor. På 1990- og 2000 -talet kom Fokus Bank, samt Norges Vassdrags- og Energidirektorat og PWC. Ein annan viktig aktør å ha med seg - for ein utbyggar som Fritz Hjelmeland - var konsulenten Sæle AS og VestConsult AS som har vore med lenge og er nytta mykje i ulike byggetrinn.
6
JONNY TJØNN, DAGLEG LEIAR
Den mest synlege utbygginga av Elvegården ser vi som forlenginga av bygget, mot Førde Torg. Her etablerte Varner-gruppa seg tidleg med fire butikkar, og i 2. etg finn du Olefine som er ein svært populær kafe! Både Cubus og Olefine har utvida og oppgradert, noko som synleggjer eigarane si satsing i Elvegården. Etter kvart som tida gjekk har bygget stadig blitt oppgradert og vedlikehalde. Den siste større oppgraderinga skjedde i perioden 2014-16, då fasadar blei bytta ut og etterisolerte, samt at vindauge blei bytta ut med vindu med dagens standard. Med denne oppgraderinga fekk fasaden eit løft og framstår no som eit stilfullt bygg.
Sjølv om Elvegården i dag husar mange kontor, var dette starten på Førde som handelsby. Eigarane har tilrettelagt for dei leigetakarane som vil inn og det har aldri vore problem med å fylle lokala. Ein god miks av kontor og butikkar gjer det til eit interessant bygg å vere i. – Vi er stolte over å ivareta og vidareføre drifta av Elvegården slik Fritz ville gjort det, seier Jonny Tjønn, som er dagleg leiar for Fritz Hjelmeland sine selskap.
JUBILEUMSMAGASIN
Førde på slutten av 60-talet. Dette var før både Elvegården og Førde Torg var bygd. Vi ser her slaktehuset før det blei bygd om til Handelshuset.
50 ÅR MED HANDEL
7
Førde på slutten av 80-talet. Det første byggetrinnet var det kvadratiske bygget som ligg langs Naustdalsvegen. I 1986 kom tilbygget vi ser til høgre.
8
JUBILEUMSMAGASIN
Elvegården i dag. I 2020 kom det ny fasade på hovudbygget, medan mellombygget har same fasade som på Førde Torg.
50 ÅR MED HANDEL
9
FAMILIEBEDRIFTA ERDAL SPORT
Nokre av dei som var med frå tidlegare tider: Stein Erik Øvrebø, Ole Johan Hegrenes, Lauge Mandelid og Arne Erdal. Vi kan nemne at den første tilsette var Steinar Sæterlid.
Arne Erdal starta Erdal Sport i dei lokala som dei framleis er i, 5. november 1971 og feirar i år 50 år.
– Alt starta med at eg hadde denne tomta som Fritz Hjelmeland gjerne ville bygge på. Så gjorde vi ein avtale med at han bygde og leigde tomta og eg leigde lokale, fortel Arne. – Eg var aktiv innan friidrett og hadde interesse for sport, og syntes det var bruk for ein sportsbutikk i Førde. På den tida var butikkane på sørsida, der også Førde Sport heldt til. Så vi var ganske åleine her. Ikkje var brua her då og veien gjekk ikkje lenger enn hit. Det har vore ei enorm utvikling i Førde, stadfestar han. – Det var ikkje lett å drive butikk. Eg jobba døgnet rundt og tok ikkje ut lønn på mange år. – Det var min jobb vi levde på dei første åra, fortel Ruth Erdal. – Eg dreiv butikken åleine den første tida, fortel Arne. Det viktigaste var at butikken måtte overleve. Når eg skulle hente varer måtte eg henge opp lapp på døra at det var stengt, og når eg var sjuk sat eg gøymt inne i butikken og håpte at det ikkje kom kundar, ler han. – Rådet frå legen var at eg ikkje skulle sjekke kor mykje eg hadde i feber. – Når Ankerløkken kom vart det ein vesentleg forskjell på aktiviteten. Vi
10
var den første butikken i dette bygget, men etter kvart kom det fleire og vi vart ein del av eit større butikkmiljø. Det er mange som har vore innom her. Den første naboen vår var Ford, i tillegg har bygget husa lokale leigetakarar som Erling Gjelsvik og Erling Nesse for å nemne nokre av dei første som var her. – Dette er ikkje ein jobb, men eit liv, seier han. – Heile familien har delteke i denne bedrifta, og han fortel om Herman som stod på ein krakk bak kassa og solgte varer når han var 4 år gamal. – Og her er eg framleis, smiler Herman. Arne starta ei våpenavdeling i sportsbutikken. Herman fatta interesse for jakt og konkurranseskyting og utdanna seg til børsemakar og tok med seg våpenavdelinga på loftet. Dermed vart Våpenloftet til. I år feirar dei 30 år! – Som sportsbutikk var vi ein av dei første som vart med i G-sport-kjeda. Vi var likevel veldig opptatt av å vere lokale og har alltid presentert oss som Erdal Sport. Det personleggjer det vi driv med og vektlegg dei verdiane som alltid har vore viktige for oss, fortel Arne og får bekreftelse frå Herman som no representerer desse kvalitetane. – Det er viktig å finne sin nisje, seier han. Vi må spesialisere oss og ha fag-
JUBILEUMSMAGASIN
Herman Erdal ved opninga av Våpenloftet for 30 år sidan.
kunnskap. Dette har vi merka veldig tydeleg på Våpenloftet, men også innan fiske og ski for å nemne noko. Og så strekk vi oss veldig langt for å betjene kundane våre! Framleis treff vi heile familien Erdal på jobb. Ruth er innom kvar dag og tek noko av papirarbeidet. Irene kan bekrefte at dette er blitt ein livsstil for heile familien, og med to aktive og dyktige idrettsutøvarar i familien, Karoline og Ole Martin, er det sport som gjeld døgnet rundt. – Eg følger framleis med og er innom så ofte det passar, fortel Arne. Det er godt å sjå at det vert drive vidare i familien. Eg ville gjort det same ein gong til om eg skulle valgt igjen. I det vi avsluttar vil han få lov til å skryte av den tilrettelegginga som Jonny Tjønn gjer på vegne av huseigar. Det å ivareta både huset og leigetakarane og samarbeide om å sjå løysingar, opplever han som ein veldig viktig faktor for stabilitet og trivsel. – All honnør til huseigar, avsluttar Arne. Familien Erdal. Arne, Ruth, Herman og Irene.
50 ÅR MED HANDEL
11
BYENS ELDSTE GATEKJØKKEN ABA`S INN Andreas Vilnes var styrar på Firdatun Kafé der Fritz Hjelmeland pleidde å ete middag. Andreas hadde alltid hatt lyst å starte noko for seg sjølv og spurte difor Fritz om han hadde eit ledig lokale til han. Såleis starta eventyret til Aba`s Inn i Elvegården 27. desember 1983.
Kanskje det er nokon som lurer på kva namnet betyr? Bjørg kan avsløre at det det er initiala til familien Andreas, Bjørg og Aleksander. Trond vart fødd i 1985, og Bjørg spøker med at dei skulle vel tatt med han også og endra namnet til Taba`s Inn. – Både Fritz og Andreas hadde til felles at dei var nøysommelege og sta begge to. Dei kom likevel godt overeins og Andreas fekk laga seg eit greitt lokale i Elvegården. På den tida var Elvegården eit frittliggande bygg og vi hadde luke der du handla. Så vart vi det første gatekjøkkenet som du kunne gå inn i. Fritz likte også slik vi innreia det og sa at vi hadde fått det fint til, fortel Bjørg. Og då er det ingen grunn til å endre på noko, ler ho etter 38 år i same lokalet. – Første dagen var omsetnaden ca kr 400,-, og sidan har det auka på. Vi har klart oss bra. Og vi har jobba mykje. Det har stort sett vore 12 timarsdag på oss begge i alle år. Vi har likt arbeidet vårt og det har vore kjekt å treffe folk og prate med alle. Av og til syntest Andreas at eg prata for mykje og meinte eg måtte få gjort litt arbeid og. Eg synest det er viktig å snakke med folk, ha godt
12
humør og yte god service. Menyen er også den same, ler Bjørg. – Det vi held på med er så gamaldags at det er ingen andre som vil begynne med det, det er vel difor vi sel så bra. Også dei som veks opp no vil ha det same som vi andre ville for 30 år sidan. Brulandsporsjonen som var ein slager på 80-talet står framleis på menyen. I Firda fekk vi omtalen med «byens beste pizza». No vil også dei som er like gamle som meg og eldre, ha hamburger og pommes frites. Det var ikkje vanleg før, vi er blitt meir ungdomelege. Og så lagar vi ikkje alt mulig. Har vi ikkje det dei spør etter må dei kjøpe det vi har eller gå andre stader, smiler Bjørg. – Vi har funne vårt konsept, og så kan andre gjere det på sin måte. Vi er opptekne av at det skal vere god mat, rask levering og god stemning. Og så kan kundane velje kva dei vil ha på og kor mykje dei vil ha. Vi kastar oss ikkje på nye trendar men held fram slik vi alltid har gjort. Eller det vil sei, eg har vegetarburger også altså, ler Bjørg.
JUBILEUMSMAGASIN
Bjørg driv framleis Aba´s Inn slik ho har gjort det i 38 år.
50 ÅR MED HANDEL
13
MAGNE AASE ER POWER Vi har også med oss på laget ein som er eldre enn oss. Power Sunnfjord starta som Balestrand Elektriske i 1951, av Magne Aase, og vart i 1957 etablert i Kyrkjevegen 4 som Magne Aase. Det er nok den tv,- og kvitevareforhandlaran ein heil generasjon har eit nært forhold til. Magne Aase selde sitt første fargefjernsyn 29. januar i 1970 og sidan den tid har det vore ei enorm teknologisk utvikling. Steinar er også ein del av denne historia. Han starta si karriere som 7-åring med å levere brev. – Slik meinte mor mi at vi kunne spare litt på portoen sidan løna mi var lågare enn prisen på frimerket, ler Steinar. Han arbeidde i butikken frå 1981 og overtok som dagleg leiar i 1993. – Eg har prøvd å ta Magne Aase-sjela med meg, fortel Steinar. – Vi skal vere gode på kundetilknyting og service, følgje opp og ta vare på kundane våre og ha eit ansvar for vara vi har selt. Vi høyrer framleis at kundar seier «vi har alltid handla alt på Magne Aase». Den tilliten skal vi ta godt vare på, seier han. – Vi skal også ta godt vare på dei tilsette. Det er grunnlaget vårt for å gje kunden det beste. I den enorme teknologiske utviklinga er det ingen som kan alt, vi har kvar vårt område som vi har ein lidenskap for, og såleis er vi også veldig avhengige av kvarandre. Mitt interessefelt er, og har alltid vore, kvitevarer. Når vi valde å vidareføre Magne Aase i Power, var det eit bevisst val. Livet er sett saman av epokar, og det var naturleg for oss å bli med i noko større som hadde marknadskraft og kunne gje oss den drahjelpa som vi trengde. Vi fekk etablert oss på Elvetorget 11. april i 2019 og er overbeviste om at vi fekk den beste beliggenheita i Førde og med ei kjede som Power i ryggen er vi klar til å framleis vekse inn i framtida. Med Magne Aase-sjela med oss.
14
Steinar Aase, son til Magne Aase og dagleg leiar i Power Sunnfjord.
JUBILEUMSMAGASIN
ELVETORGET GYM I 2014 flytta Puls ut av lokala som dei nytta i Elvegården. Dette førte til at vi hadde ledig eit areal som høvde godt til treningssenter. Vi valde difor å tilby eit eige treningssenter til butikkar og kontor som leiger lokale i Fritz Hjelmeland sine kontor og forretningsbygg. Målet var å bygge ein «stille gym» der ein har individuell trening med utstyr av høg kvalitet. Samstundes skulle det vere så billeg som mogleg. Dette skulle ikkje vere noko vi som huseigar tente pengar på, men noko som skulle vere med å auke trivsel og helse til våre leigetakarar. Tilsette og familie kunne få trene til ein billeg penge og vi kalkulerte med 300 medlemmar og ein pris på kr 150,- for dei som jobbar her og kr 250,- for familien eller treningskompisen. Det har vi klart og prisane har vi halde på dette nivået frå 2015 fram til i dag. Så for kvart år har det vorte billegare og billegare å ha eit treningsabonnement på Elvetorget Gym.
50 ÅR MED HANDEL
15
DEI FØRSTE LEIGETAKARANE
Dei to første leigetakarane i kontordelen av Elvegården var Regnskapssentralen AS og Sæle AS. – Eg begynte hos konsulentfirma Oddvar Sæle i 1972 og då hadde firmaet vore etablert i lokala i Elvegården sidan hausten 1971, fortel Sæmund Bjørset. – Regnskapssentralen flytta inn her i 1971, fortel Asbjørn Steen. Eg fekk kontor vegg i vegg med kontoret til Fritz’en så det var kort vei når eg skulle inn og diskutere noko, ler han. – Vi var i kvar vår ende av bygget den gong, fortel Bjørset. – Men vi har flytta mange gonger her. Vi var små så det var lett å flytte oss vidare når han fekk tak i dei store statlege leigetakarane. Handelsskulen heldt til her ei stund og så kom NVE.
16
JUBILEUMSMAGASIN
”
Førde har hatt ei fantastisk utvikling
SÆMUND BJØRSET
– Elvegården var eit av dei første store bygga i Førde og Fritz tenkte langsiktig når han bygde dette. Førde var ei bygd i vekst og området her hadde gode parkeringsmoglegheiter, sjølv om det på den tid omtrent ikkje fantes biltrafikk i sentrum og det var mange ledige parkeringsplassar. Sentrumområdet i Førde har hatt ei fantastisk utvikling, konkluderer Bjørset. – Når eg starta i firmaet som ung ingeniør var det ikkje så mange konsulentselskap i området så vi hadde mykje å gjere, både i Førde og i andre delar av fylket. Vi har hatt mange oppdrag både for Elvegården og andre byggeprosjekt som Fritz jobba med, så vi har alltid hatt eit tett samarbeid med huseigar. Også Regnskapssentralen har hatt eit tett samarbeid ved at dei den seinare tida førte rekneskapa til alle selskapa. – Eg var også formann i bygningsrådet i ein periode og behandla mange av byggesakene på den tida, så eg hadde styring på kva han heldt på med, smiler Asbjørn. Det var ikkje alt han fekk som han ville. Latteren sit laust, og historiane og minna er mange når desse to byrjar å fortelle. Det er lett å drøyme seg tilbake til gamle tider i ei lita bygd der arbeidsverktyet var teiknebrett, reknestav, blyant og linjal og store maskiner
50 ÅR MED HANDEL
med magnetkort. Overgang til ny teknologi var kostnadskrevjande og omfattande. – Vi har flytta ein gong sidan vi kom her. Eg trengte meir plass og Fritz ville ikkje gje frå seg kontoret sitt, så då måtte vi heilt bort i andre delen av bygget. Det var krevjande! Vi fekk tak i vektløftargruppa i Naustdal for å flytte døra til safen. Vi fekk oss eit veldig flott lokale med gode kvalitetar. Kanskje han ville bøte på at han ikkje gav frå seg kontoret sitt, smiler Asbjørn. – Fritz var ein tydeleg person. Vi visste alltid kvar vi hadde han, men det mangla ikkje på diskusjonar. Eg hugsar spesielt ein gong det vart oppheta stemning når vi krangla om 4 m2. Då slo eg i bordet og forlangte ny kontrakt innan 1 time. Og det fekk eg. Fritz var ein god huseigar. Han var tydleg og ryddig og eit ord var eit ord. Bjørset nikkar og er heilt einig i denne beskrivelsen. – No er Førde der framsynte politikare på 60-talet ville vi skal vere, avsluttar Bjørset. Når sjukehuset vart bygd og handelssentera er etablert, er Førde blitt den trafikkmaskina vi vil vere. Så avsluttar vi før vi begynner å diskutere løysingar for trafikken i dagens sentrum.
17
I 2. etasje bak Olefine, mot elva, finn vi nyoppussa lokale til blant anna Ortopediteknikk som flytta inn i 2019.
18
JUBILEUMSMAGASIN
Lokalet til PWC vart totalrenovert i 2017 og fekk veldig gode kvalitetar og store vindu med flott utsiklt mot elva.
50 ÅR MED HANDEL
19
Historia om
Førde Torg Torbjørn Berqvam hadde tomta og Fritz Hjelmeland kunne bygge. Slik starta det.
Torbjørn Berqvam er utdanna ved NTH/NTNU i Trondheim og har arbeidd med betong sidan 1971. Vi torer å kalle han ekspert på betongsamansetninga ved glidestøyp! Frå 1975 arbeidde han i tolv og eit halvt år ved Condeep-anlegget i Stavanger der Norwegian Contractors bygde betongplattformer for oljeindustrien. Bygginga var for ein stor del basert på glidestøyp som er svært effektivt med omsyn til kostnad og byggetid, men medfører ein del ekstra krav til samansetninga av betongen. Etter 1995 vart det ikkje bygd fleire betongplattformer i Norge, men ekspertisen hans har vore etterspurt og han har i samarbeid med den østerrikske glideentreprenøren “Gleitbau” vore engasjert på anlegg i mange land over heile verda. Erfaringane frå bygging av betongplattformer har gjeve han oppdrag i mellom anna Saudi Arabia, Qatar, Israel, tre land i Nord-Afrika, Chile, Brasil, Russland, Australia, Sør-Korea og mange gonger i Canada og USA. Oppdraga har variert frå 300 meter høgt tårn i Qatar,
20
JUBILEUMSMAGASIN
motorvegbruer, tankar for flytande naturgass i Algerie, og mange skorsteinar med høgde opptil 200 meter. Det var sjølvsagt heilt naturleg at han skulle bygge eit stort kjøpesenter i betong i heimbyen Førde. Torbjørn vart fødd i 1944 og er oppvaksen i Førde. Sjølv om han budde i Stavanger i mange år, 1975–2000, er han ein Førdemann som har vore med på å bygge byen vår. Kanskje alt starta i 1968, då Torbjørn hadde sommarjobb hos Fritz Hjelmeland som heldt på å bygge internatbygget på Mo Jordbruksskule. Dei vart kompisar og det var mange treff og mykje prat om gode idear. Slik starta også eventyret om Førde Torg. Torbjørn hadde tomta og Fritz kunne bygge. Fritz hadde god utsikt til tomta frå kontorvindauget sitt, så han sat nok og ville gjerne bygge på den. Men han sat ikkje lenge. Fritz var som kjent ein utålmodig mann, så når dette vart bestemt gjekk det fort framover, og Førde Torg vart opna 5. september 1996 med stor festivitas og mykje folk til stades.
50 ÅR MED HANDEL
Mange var skeptiske til prosjektet og fleire meinte at tomta burde brukast til eit parkanlegg i staden. Vegvesenet var bekymra for auka trafikk på Rv 5 og meinte at tomta burde nyttast til føremål som ikkje ville medføre noko særleg trafikkauke, f. eks. eit trelastlager/byggevareforretning. Byggjeprosessen var hektisk og effektiv. Når bygget stod ferdig var nesten 10.000 m2 forretningsareal pluss 3.300 m2 parkeringsgarasje i underetasje bygd til ein pris på kr 53,3 mill. Noko som var svært rimeleg også i 1996. Bygget er oppført i betong og element forblenda med teglstein og er av høg standard. Utførande totalentreprenør for heile byggeprosjektet var Fritz Hjelmeland AS. Parkeringsgarasjen var det første store parkeringsanlegget under bakken i Førde. – Vi hadde ikkje leigetakarar når vi starta og vi fekk litt kalde føter av og til når vi tenkte på at vi skulle fylle 10.000 m2, fortel Torbjørn. – Vi hadde likevel trua og var ikkje redde, Førde var ein god stad å satse. Etterkvart begynte det å komme mange lokale leigetakarar på bana, så var vi ut og kontakta ulike kjeder og blant anna Lindex var veldig interessert. Der fekk vi også vel-
dig god hjelp med innvendige løysingar og hadde eit godt samarbeid med på utforminga. – Som eit morsomt eksempel kan nemnast at Fritz meinte det berre skulle vere ei rulletrapp opp frå første etasje, ingen ned. Om kundane kjem inn og opp, finn dei alltid vegen ut att, sa han. Så vi kan takke Lindex for at vi også har rulletrapp som tek kundane ut av senteret. Vi vil også nemne familien Stenbakk som fylte senteret med fire butikkar når vi opna, det var ei stor satsing av den familien. Det var også bra å få inn Rema 1000 som ein stor butikk som fylte mykje av arealet vårt då dei flytta frå sørsida og inn på Førde Torg. Det var også viktig for oss å ha parkeringsplassar for kundane. Vi var heldigvis så forutsjåande at vi fekk godkjend parkeringsplassar for ei eventuell utviding på eit seinare tidspunkt. Vurderingane våre var også om det skulle vere 2 eller 3 etasjer, men konklusjonen var raskt at det var økonomisk å bygge 3 etasjer når vi likevel var i gang. Det var Torodd Os som teikna bygget. – Og eg som godkjende det, ler Jonny Tjønn.
21
Førde Torg er eit stort bygg som i hovudsak husar butikkar. Før samanbygginga i 2012 var dette eit frittståande bygg. Her ser vi også den nye scena som stod klar i 2021.
22
JUBILEUMSMAGASIN
– På den tida jobba eg i kommunen, og eg hugsa at eg fekk mykje kjeft for å ha godkjent dette bygget, ler han. – Det var eit utskjelt bygg ja, bekreftar Torbjørn. – Alle meinte at det skulle vore meir vindu, men det er ikkje praktisk i eit kjøpesenter der vinduaga vil vere mot kundar som er inne på senteret. Fritz og meg var rundt omkring og besøkte ulike senter for å finne gode løysingar i kombinasjon med innleigde senterarkitektar. – Eg synest vi har fått eit godt senter. Vi har ein god kombinasjon av lokaleigde butikkar og kjeder og dette gjev eit godt samspel. Vi er lokalpatriotar og gler oss over at dei lokale grundarane har greidd seg så bra. Vi har alltid hatt ein policy om å hjelpe dei som treng det, om det er for å komme i gang eller i ein forbigande periode. Eg trur også at senteret fungerer så godt fordi det er kort vei mellom huseigar og leigetakar. Vi har gjort mykje rett. – Og kjøpesenter i Førde har bidrege til ei god utvikling av byen og har ei god framtid, fastslår Torbjørn.
50 ÅR MED HANDEL
Jonny Tjønn representerer eigarane etter Fritz Hjelmeland, og Torbjørn Berqvam eig 50% i Førde Torg.
23
Samanbygging 2012
To blir ein
Det er mykje historie i desse veggane. Torbjørn og Fritz var to ulike personlegdomar: begge var sta og målbevisste, men i lag har dei vore med å bygge eit av dei store sentera mellom Ålesund og Bergen i handelsbyen Førde. Etter mange år som to bygg vart Førde Torg og Elvegården bygd saman i 2012. Dette vart ein suksess for både Førde Torg og Elvegården og det felles namnet, Elvetorget, starta etablere seg. Elvetorget har i denne perioden gått godt økonomisk og satsinga som eigarane gjorde viste seg å vere riktig. Eigarane har bidrege til at det skal vere eit interessant senter og det skal vere godt å vere leigetakar her. Mange har fått den starthjelpa dei trengde for å få hjula i gang, og rause huseigarar og eit senter som blir godt drive, har gjort til at her er stabile leigetakarar som gjer det bra. Konkurransen i Førde innan handel er sterkt aukande. For Elvetorget gjeld det å vere dyktig nok, slik at vi klarer å hevde oss blant dei beste. Dette klarer vi gjennom dyktige og solide leigetakarar, med høg kompetanse og god økonomi, gjennom gode parkeringstilbod, eit konkurransedyktig leigenivå, og ei profesjonell marknadsføring via Elvetorget.
24
JUBILEUMSMAGASIN
Samanbygginga engasjerte mange og fekk store medieoppslag. Faksimiler frå Firda.
50 ÅR MED HANDEL
25
Før samanbygginga.
Etter samanbygginga.
26
JUBILEUMSMAGASIN
Slik ser det ut der biltrafikken tidlegare gjekk gjennom. Krut kaffebar har fått eit attraktivt og fint lokale.
50 ÅR MED HANDEL
Det er god plass til å samlast på Torgplassen når vi fjerna biltrafikken mellom sentera.
27
Vaktmester
Jan Ove Kalstad Du har sikkert sett Jan Ove i arbeid enten med å måke snø, klippe plenen, bygge om eit lokale eller på veg frå det eine til det andre. Det er ingen som har så mykje å gjere og likevel er så tilsynelatande avbalansert som han.
I 1981 søkte han jobb hos Entreprenør Fritz Hjelmeland som mobilkranførar. Han fekk jobben med ei prøvetid på 3 månader. – Fritz var ein som eg hadde respekt for, så det føltes bra når eg vart godkjent og fekk fortsette, seier Jan Ove, som no har vore her i 40 år. – Eg har hatt alle moglege oppdrag som mobilkranførar, køyrt hjullastar, kran og gravemaskin. Det har vore mykje maskiner og betongarbeid. Her skyt Jonny inn at det var ingen som var betre
28
JUBILEUMSMAGASIN
mobilkranførar enn Jan Ove. Når det var vanskelege oppdrag. ringde andre ofte Fritz for å få låne den dyktige mobilkranføraren. Jan Ove bekreftar beskjedent at det kan nok stemme det. – Etter kvart vart eg med på fleire byggeprosjekt. Det starta med forskaling og støyping, men eg lærte mykje av alt eg var med på og etter kvart tok eg del i det meste. Elvegården har vore eit langvarig byggeprosjekt med minst 5 byggetrinn. Det største var nok når vi bygde 4.etasje på 90-talet. Då var det ledig byggekapasitet og Fritz bygde denne etasjen utan å ha leigetakarar. Det stod tomt lenge, men han såg potensialet og fekk rett i det.
50 ÅR MED HANDEL
– Førde Torg er nok det mest hektiske eg har vore med på å bygge. Vi hadde eit veldig tidspress på oss, og mykje skuldast nok Fritz sin effektivitet og enorme struktur på framdrifta. Det var veldig mykje overtid på den tida, minnast Jan Ove. Eit bygg som er bygd av veldig flinke arbeidarar! – Eg er litt usikker på når eg gjekk frå å vere
tilsett som mobilkranførar til å bli vaktmester, ler Jan Ove, men det endra seg nok då eg var den einaste tilsette i selskapet og eg fekk ei naturleg rolle som ein slags mellommann mellom Fritz og arbeidarane på prosjekta han hadde. Ofte såg vi andre løysingar når vi jobba enn det som Fritz hadde planlagt, så da var det min jobb å overbevise Fritz om at vi måtte gjere det annleis. Det har vore ei lærerik og spennande tid å arbeide for Fritz. Han var ein effektiv mann, alt skulle skje veldig fort og vi måtte stå på for å få jobben gjort i rett tid. Han var alltid tett på prosjekta og hadde ei eiga evne til å plutseleg dukke opp på byggeplassen når vi minst venta det, for å
29
30
JUBILEUMSMAGASIN
følge prosessen på tett hald. Han var flink til å få folk til å jobbe og han gav seg aldri før vara var levert. Det har vore spesielt å jobbe så tett på ein arbeidsgjevar i så mange år, og eg har nok fått tatt del i jobb,- og privatlivet hans meir enn dei fleste. Så meiner nok familien min at det vart litt for lange arbeidsdagar når ungane var små. – Ei litt morsom historie er då Fritz var på ferie i huset sitt i Spania og då han skulle heim sat han askefast. Som sagt var han ikkje kjent for å vere tålmodig, så når han ville heim så måtte det skje fort. Så då køyrte eg til Spania og henta han med bil. Det var faktisk ein veldig fin biltur, ler Jan Ove
50 ÅR MED HANDEL
– Det har vore ei veldig interessant tid, veldig lærerikt og utruleg kjekt å ha fått vore med på å bygge dette. Eg føler eit visst eigarforhold til desse bygga, og kjenner kvar krok i dei. Det er jo nyttig når det stadig er ombyggingar, ler Jan Ove. Og han avslører at ombygging og oppussing er det kjekkaste han veit! Jan Ove har ord på seg for å alltid vere smilande og seier aldri nei. – Det kan bli mykje av og til innrømmer han, og eg vil helst nå over alt så då er det berre å jobbe litt overtid så kjem eg i mål. Mykje har endra seg med åra og eg er ikkje i
nærleiken av det arbeidspresset eg har. Eg har fått ein utruleg flott arbeidsgjevar i Jonny og han sørger for at eg også har fritid til å gå fjellturar både vinter og sommar. Han har vel tenkt at eg lyt halde meg i god form skal eg greie jobben min, ler Jan Ove. Og kva vil så neste byggeprosjekt vere? – Det må vel bli leiligheter på toppen av bygga der eg kan bu og ta heisen ned i kjellaren på jobb, smiler han.
31
Dagleg leiar
Jonny Tjønn Jonny Tjønn er huseigarane sin representant utad og har sidan 2009 vore dagleg leiar for Fritz Hjelmeland sine selskap.
Dette er ei rolle som involverar han i mykje av det som skjer i Førde. I tillegg til drifta av Førde Torg og Elvegården, har han fått Domstolen i nytt bygg på sørsida, og no er også Norec flytta inn i nye og flotte lokale i same bygget. Samstundes har han leia ombygging og oppgradering til stor konferansesal på Sunnfjord Hotell. – Vi er med på veldig mykje spennande i Førde no. Når vi har så mange bygg i sentrum er det naturleg at det vert mykje oppussing og vedlikehald. Dei siste 4-5 åra har vi blant brukt ca 25 mill kr på vedlikehald av Elvegården og Førde Torg, og det vart eit synleg løft når vi fekk ny fasade på Elvegården. –Elles hugsar eg godt samanbygginga av dei to bygga. Det var ein
32
JUBILEUMSMAGASIN
lang prosess, og det var ikkje gitt at vi fekk det til. For det første måtte vi bli einige om utforminga, og når vi fekk det på plass var det eit styr å få det godkjent. Motargumenta var at det måtte vere gjennomkøyring for bilar og at bygget vart for langt. Nokre meinte også at vi ikkje måtte fjerne muligheten for å sjå Halbrendsnipa i opninga mellom bygga. I ettertid er nok alle einige om at det var heilt rett å bygge saman Elvegården og Førde Torg og gjere det til eitt senter. – Det siste prosjektet vårt no er sjølvsagt scena på Torgplassen, sier Jonny fornøgd og ser ned på scena frå kontoret sitt. Dette er huseigarane sitt bidrag til kundane og innbyggjarane i Førde. – Vi er opptekne av møteplassar og aktivitet i sentrum og stiller derfor scena til bortimot fri dispensasjon. Vi er også opptatt av å ha det fint rundt oss og har tilrettelagt med grøntareal og bord og benkar langs elva. Uteområdet vårt vert jamnleg vedlikehaldt gjennom året for å legge til rette for dei som ynskjer å bruke det.
50 ÅR MED HANDEL
– Vi har verdens beste vaktmester! Dersom eg tenker at noko skulle vore gjort, har han alt gjort det. Han kjenner kvar ein krok på bygga og steller det som det skulle vore hans eige. Det er eit uvurdereleg arbeid han legg ned. – Det er ikkje berre bygga og uteområdet som skal vedlikehaldast. Vi er også veldig opptatt av å ta vare på leigetakarane våre. Det er ofte vanskeleg å få inn nye leigetakarar, men når dei først er komt inn blir dei veldig ofte verande. Det er stort å kunne få på plass dei store og kunne skrive langvarige kontrakter. Det er ein huseigar sin draum. – Eg prøver å ivareta Fritz og Torbjørn sin grunntanke om å hjelpe dei som treng det for å komme i gang, seier Jonny. La dei få fotfeste og ei starthjelp om dei treng det. Dette har også gjort til at vi har stabile leigetakarar som vi har eit veldig godt forhold til. Dei opplever at det er kort avstand mellom behovet og beslutninga, og at løysingane kan tilpassast. – Det var ein opplevelse å arbeide i lag med Fritz. Han var ein raus person, men også tøff mot dei som han meinte ikkje gjorde jobben sin. Eg
har sjølv gjort eit par tabbar som har kosta mykje og einaste kommentaren til ein fortvila syndar var at «det var dumt, det skulle ikkje du gjort». Og så var vi ferdig med det. Han hadde også ei evne til å vere til stades når det var viktig og stilte alltid dei rette spørsmåla. Han var ein lokalpatriot, og veldig opptatt av lokaleigd næring og lokalstyret er også vårt fortinn i dei selskapa vi har. Eg fekk nokre lærerike år i lag med han før han gjekk bort i 2013. Mine framtidsutsikter er å fortsatt legge til rette for trivsel og sørge for ei sunn forretning ved blant anna fulle lokaler. Og sjølvsagt tenker eg at det hadde gjort seg med eit tak i ei eller anna form over Torgplassen, smiler Jonny lurt.
33
Elvegården + Førde Torg =
Elvetorget
Elvetorget er kjøpesenteret som består av butikkane i dei to bygga Elvegården og Førde Torg, derav også namnet Elvetorget.
På eit skipingsmøte 25. mars i 2009 vart desse to sentera til eitt ved stifting av Elvetorget Senterforneing, og etter samanbygginga i 2012 vart dei også fysisk eitt heilt senter. Men kjært barn har mange namn! Framleis er det mange som omtalar oss som Førde Torg, som var namnet då kjøpesenteret opna i 1996. Torget vert også i daglegtalen nytta av mange, noko som vi også sjølv brukar i omtalar som #trivselpåtorget eller #møtastpåtorget.
34
Elvetorget er eit av få privateigde kjøpesenter i Norge. Butikkane er organisert i ei foreining som står for aktiviteten og presentasjonen av kjøpesenteret. Med eit godt samarbeid med ein raus huseigar, gjev dette oss ein frihet men også eit eigarforhold til senteret vårt. Kanskje nettopp av den grunn har vi stabile leigetakarar som har vore hos oss i mange år! Blant dei aller eldste er som nemnt tidlegare Erdal Sport og Aba`s Inn, men også blant anna
Centrum Salong, Bokuben, Yes Leikebutikken, Lindex, Rema 1000 og Chatlet Sport har vore her frå starten av. Trivsel, godt samarbeid med huseigar og tilhøyrighet er viktige faktorar i denne samanheng. Vi er nok etterkvart ganske unike ved at vi har så mange privateigde butikkar og gründarar hos oss. I tillegg har vi mange som også tilbyr tenester utover dei varene dei sel, som gullsmed og urmakar, sykkelverkstad og reperasjon av klede.
JUBILEUMSMAGASIN
Slik presenterte vi oss før vi vart eitt.
I 2018 fekk vi ny logo som symboliserer det å møtast.
Vi er opptekne av trivsel for oss som jobbar her. Det får vi ved å møtast på tvers av butikkane, enten det er til fredagskaffien, frukostmøtet eller dugnaden. Vi driv kjøpesenteret i lag. Det kan høyrst ut som Kardemommeby. Og det er det! Vi vil at Elvetorget skal vere møteplassen for «folk flest». Det skal vere godt å vere her. For mange er det det daglege besøket på senteret som berikar dagen. Vi vil vere eit folkeleg senter, som er ein plass for alle. Det er her vi skal møtast.
50 ÅR MED HANDEL
Dette ser du i logoen vår, som består av to snakkebobler som symboliserer mennesker som møtast. Det er viktig for oss å ha dei gode og spennande butikkane, gode og varierte matplassar og trivelege lokaler. Det synes vi at vi har greidd.
35
Vi er stolte over dei gode matplassane vi har hos oss! Aba`s Inn er «still going strong» etter snart 40 år. Dei har nok framleis «byens beste» pizza. Olefine er vårt lokale bakeri og måtte utvide i fjor for å få plass til alle gjestane. Også LunsjKafe måtte utvide. Dei fekk eit mykje større kjøkken, som kjem til nytte når all mat blir laga frå botnen av. Det nye tilskotet vårt er Krut. Det starta med det lokale Sognefjord Kaffibrenneri. Og no har det utvikla seg til mat og drikke med kveldsope i helgene og arrangement som quiz og konsertar. Dette er ei spennande satsing og eit nytt konsept som vi tidlegare ikkje har hatt på Elvetorget. Vi er veldig heldige som har ein god miks av lokaleigde butikkar og kjedebutikkar. Det gjev oss eit mangfald som vi veit at kundane våre set pris på. Det har vore ekstra spennande å oppleve at dei som har valt å starte ein butikk og har det som sin livsstil, har greidd seg så bra. Vi treng engasjement og satsingar for å vere med på å utvikle ein by og eit senter. Vi er ekstra stolt og synes det er beundringsverdig når Frode Sevaldrud no opnar sin tredje butikk på Elvetorget. I fjor opna han Medvind og i år opnar han Frost og frå før har han Storm. – Du må tore å satse og gjere det ordentlig, er Frode si suksessoppskrift. Vi treng slike satsingar for å vere interessante både som by og som senter. Det er også viktig at det skjer noko hos oss. Vi ynskjer velkomne dei som vil ha stand eller andre aktivitetar, så langt det er mogleg. Gjennom året har vi besøk av Brito, Kvalitet fra Havet, Bondens Marked, for å nemne nokre. Vi lagar også eigne arrangement og aktivitetar gjennom året og har alltid med oss ei russegruppe, som blant anna lagar moro for barna.
36
JUBILEUMSMAGASIN
EIT SENTER I UTVIKLING I løpet av den siste tida har både Olefine og LunsjKafe utvida og oppgradert for å auke kapasiteten og ha betre plass til kundane. Også Cubus fekk større og ny butikk når Olefine endra litt i lokalet sitt.
50 ÅR MED HANDEL
37
NYOPNINGAR Krut er kaffebaren som serverer eigenprodusert kaffi frå Sognefjord Kaffibrenneri. Krut har samarbeid med blant anna Kinn bryggeri og er ope for arrangement i helgane.
Det var stor spenning knytt til den nye butikken, Medvind, som opna i mars 2020. Det var bevisste valg på interiør og utforming, og eigarane ville sette sitt særpreg på denne butikken. Dette er den andre butikken som Frode Sevaldsrud eig på senteret, og snart opnar den tredje.
38
JUBILEUMSMAGASIN
TORGPLASSEN OG TORGSCENA
«Et torg eller torv er en åpen plass i en by eller et større tettbygd strøk, beregnet for utendørs handel med varer» Ein Torgplass skapar forventningar om aktivitet. Det er ein marknadsplass der dei som har noko å selge får selt varene sine. Dette merkar vi spesielt om sommaren då det er ein attraktiv stad for bærseljarar
50 ÅR MED HANDEL
og andre. Her set kundane på benkene og ventar på at dei skal komme, og ingen veit når. Dei kjem når dei er ferdig å plukke. Vi ynskjer at Torgplassen skal vere den naturlege møteplassen i byen vår. Huseigar sitt bidrag til samlingar og aktivitet i sentrum er ei scene på 70 m2 med takoverbygg. Den er tilrettelagt for at dei som vil kan
kome å bruke den for det som egnar seg. På denne måten vil vi kunne presentere mangfaldet i byen vår og samstundes underhalde både tilreisande og lokale tilhøyrarar. Med ei permanent scene vert det også ekstra kjekt å kunne ynskje velkomen til Førdefestivalen, Nattope og andre arrangement.
39
NATTOPE I FØRDE – EIN FOLKEFEST PÅ TORGPLASSEN Nattope er det største handelsarrangementet vi har i Førde. Kvart år rundt 10. november har butikkane i Førde langope og vi har trekning av gåver frå næringslivet på rundt kr 200 000,-. Trekninga går føre seg på Torgplassen kl 21.00 og samlar langt over 1000 menneske framfor scena. Vi fekk ikkje arrangere vanleg nattope i 2020, men i 2019 hadde vi ein omsetnad på 6,6 mill og 15 600 betalande kundar på ein dag.
40
JUBILEUMSMAGASIN
Hos oss treff du ofte ulike aktørarar som har noko å selje. Nokre av desse er Brito Spekemat, Kvalitet fra Havet, Torghandel, Bondens Marked og faste bærseljarar. På Torgplassen vil du også oppleve folkefesten når Førdefestivalen har sine konsertar.
50 ÅR MED HANDEL
41
#MØTASTPÅTORGET Eit kjøpesenter er også ein møteplass. Her kan vi rusle rundt og prate med kjende som vi treff. Dette symboliserer vi også i logoen vår. To snakkebobler som fortel om møte mellom mennesker og den viktige praten. Derfor har vi også sitteplassar rundt omkring der ein kan sette seg ned og ta ei pause i tillegg til dei fire ulike kafeane som du finn på senteret vårt.
KUNST PÅ SENTERET No kan du gå tørrskodd gjennom heile senteret, og i enden av gangen av Elvegården finn du Gyngehesten. Her har vi dekorert veggane med eit tredimensjonalt kunstverk av Steinar Caspari. Figurane er malt med sprayboksar rett på veggen med frihand. Vi anbefaler ein tur inn i gangen.
42
JUBILEUMSMAGASIN
50 ÅR MED HANDEL
43
VISSTE DU AT: Kvart år er det om lag 1,3 mill betalande kundar i butikkane våre
Vi har gratis parkering for 500 bilar fordelt på to garasjer og merka plasser ute
44
27 av våre 39 butikkar er privateigde, der fleire av dei har vore her frå starten av
Vi fikk vår første kafé i 1983. I dag har vi fire gode stadar du kan nyte god mat
2020 var det beste året vi har hatt, med ein samla omsetnad på 517,5 mill kr Alle steinbenkar og bord, både inne og ute på Torgplassen og langs elva er levert av Landøy Steinindustri og Førde Granitt
Elvetorget har hatt 15 600 betalande kundar på ein dag
JUBILEUMSMAGASIN
Den første butikken i Elvegården var Erdal Sport – som framleis held til på Elvetorget – 50 år seinare
Elvetorget er eit av få privateigde kjøpesenter i Norge
50 ÅR MED HANDEL
I 2022 er det ti år sidan Førde Torg og Elvegården vart bygd saman I starten vart det selt bilar i Elvegården Parkeringsgarasjen under Førde Torg var det første store parkeringsanlegget under bakken i Førde
Vi har pussa opp for cirka 25 millionar kroner dei siste fem åra
Vår fantastiske vaktmeister og altmoglegmann, Jan Ove, har vore med oss sidan 1981
45
50 ÅR MED GODE, LOKALE LEVERANDØRAR Bygga våre husar over 50 bedrifter, butikkar, kafear og meir, mange hundre arbeidsplassar, og årleg er det over 1,3 millionar kundar innom. Då er det viktig at alt fungerer optimalt til ei kvar tid. – Vi brukar store ressursar på drift og vedlikehald. Nyleg pussa vi opp fasadane på Elvegården, for kring 20 mill. kr. I eit vanleg år brukar vi i snitt 8-10 mill. kr. på drift og vedlikehald på Elvetorget. I tillegg kjem større prosjekt, seier Jonny Tjønn, dagleg leiar i eigedomsselskapa til Førde Torg og Elvegården. – Bygningsmassen vår består av 18 000 m2 med forretningsareal, ca. 7000 m2 kontor og 4600 m2 parkeringskjellar. Vi er avhengig av gode leverandørar som kan sitt fag, noko vi ser blir meir og meir viktig etter som tida går. Bygga skal fungere like godt no som for 50 år sidan. Og det har vi! Våre leverandørar har vist seg dyktige, dei leverer på tid, yt god service og er gode samarbeidspartar, seier Jonny.
46
Sidan Elvegården vart bygd i 1971 har vi vore opptekne av å finne gode, lokale leverandørar av tenestene vi treng for å utvikle og halde bygga våre i god stand.
50 år med same lokale leverandørar – Vi har lange kundetilhøve med dei fleste leverandørane våre. Vi leitar ikkje etter nye leverandørar til oppgåver som blir løyst godt av dei vi har. Det var filosofien til Fritz Hjelmeland: Leverer du –blir du. Vi har mange leverandørar som var med på bygginga av Elvegården, som framleis er med, og fleire som kom til for 20-30 år sidan. Frå start av har det vore viktig å ha faste personar hjå leverandørane for å få ein god og effektivt prosess, seier han. – Når vi skal i gang med eit nytt prosjekt finn vi det vi treng hos våre faste lokale leverandørar. Det gir tryggleik. Vi veit vi kan stole på at dei leverer, dei har ein god historikk, det er kort veg mellom oss, og det er lett å få tak i dei. Vi er også avhengige av at ulike leverandørar spelar godt på lag med kvarandre, på tvers av fag. Vi er ein god oppdragsgjevar, og våre leverandørar har det i seg at dei ynskjer å løyse dei utfordringar som
alltid dukkar opp i prosjekta vi har på gang. Viktig med eit næringsliv som speler på lag med kvarandre Både næringsbygg og kjøpesenter er gjensidig avhengige av kvarandre, og resten av næringslivet i Førde. Difor er Jonny oppteken av å bygge gode samarbeid. – Det er viktig å bruke ressursane lokalt, og bidra til at Førde har eit næringsliv som utviklar byen vår. Å bygge byen Førde er eit samarbeidsprosjekt vi alle tek del i. Som ein stor aktør er vi opptekne av å styrke lokalt næringsliv. Vi er lojale mot dei som leverer godt til oss, seier han. – Vi er også heldige å ha nokre gode samarbeidspartar som er leigetakarar, som Regnskapssentralen AS, Sæle AS og Vest Consult AS. På neste side ser du nokre av våre faste leverandørar.
JUBILEUMSMAGASIN
GLASMEISTER
Gravdal Skog & hageservice 6800 Førde – Tlf. 907 32 583 – gravdalskog.no
50 ÅR MED HANDEL
47
ELVETORGET SI ROLLE I SAMFUNNET
Førde er ein liten by. Handelsbyen! Derfor ynskjer vi å samarbeide med kultur, idrett og næringsliv.
Vi skal spele på lag og saman blir vi gode. Vårt samarbeid med idretten er verdifullt av fleire grunnar. Det engasjerer ofte ein stor del av innbyggarane våre og arrangement som cupar og anna er med på å gjere Førde til eit interessant reisemål. Vi er avhengig av å ha eit rikt og aktivt næringsliv, arrangørar som torer å
48
lage dei store arrangementa og då er vår oppgåve å delta i dette. Førde skal vere eit spennande stad å komme til. Derfor er det så viktig å samarbeide med naboen for å bli god. Vi har alle ei samfunnsrolle. Ei av våre er å vere ein god stad å møtast.
JUBILEUMSMAGASIN
FRÅ ALBUMET Det har vore mykje moro på kjøpesenteret gjennom alle desse åra. Nokre av dei hendingane som har vore mest omtalt er blant anna "Bamseslepp" og "Gratis poteter". Bamsesleppet frå helikopter i 1999 var ein suksess, og til glede for 333 barn og vaksne som fekk seg ein bamse, og nokre heldige vinnnarar av gåvekort.
Det var eit aktivt swing-miljø i Førde, og Cadillac og rock`n roll på senteret samla mange.
50 ÅR MED HANDEL
3 tonn gratis poteter var ei morosam hending i september 2000. Her fekk kundane plukke med seg det dei greidde med poteter.
49
FRÅ ALBUMET
Nattope i førde er ettarkvart blitt ein åreleg tradisjon og her har gjengen på Førde Torg kledd seg i pyjamas så dei kan hoppe rett i køya når dei er ferdig på jobb.
50
Kjartan Krognes og Tom Kvist serverer musserande og blomster til damene på Damenes dag i 1999.
JUBILEUMSMAGASIN
Vi feirar 50 år med
handel i Førde! I haust vil vi markere det med kundefest i butikkane, på Torgplassen og ikkje minst på den nye scena vår. Her skal det vere musikk og ulike aktivitetar og moro for barn og vaksne. Vi ser fram til å kunne samlast igjen!
Så gler vi oss til haustfest, nattope og julehandel. Når huset og Torgplassen kokar av god stemning og glede over å kunne møtast og slå av ein prat med dei du kjenner. Når Torget fyllast med frukt- og bærseljarar, lokalmatprodusentar og andre som vil ha stand for å formidle sitt budskap. Det er slik vi likar det. Framleis skal vi ta ansvar og vise hensyn for kvarandre og sørge for at møteplassane våre er trygge og gode. Velkomen til jubileumsfest for Elvegården og Førde Torg!
50 ÅR MED HANDEL
51
Velkomen til Elvetorget HEIM // HOBBY Astrid Blomster Bokuben/Panduro Gyngehesten Kid Interiør Leikebutikken Yes Nille Norli Sybutikken Sting for Sting Telenorbutikken Power
KLEDE, SKO OG TILBEHØR Bik Bok Carlings Cubus Dressmann H. Brændmo og J. Pettersen Lindex More Woman Non Stop Sko Storm Medvind UT Vestland Frost
SPORTSUTSTYR Erdal Sport Våpenloftet Sport 1 Førde PERSONLEG PLEIE OG HELSE Centrum Salong Dermia Floke – Grønn frisør Fredrik & Louisa Naprapatsenteret Sunnfjord Apotek Specsavers
KAFÉ OG DAGLEGVARE Aba´s Inn Olefine – Naustdal Dampbakeri LunsjKafé Rema 1000 Krut DIVERSE Fjordprofil Link Bingo OPNINGSTIDER: Kvardagar 10.00–20.00 (16.00) REMA 1000: Mandag–laurdag 07.00–23.00 Enkelte av våre leigetakarar har eigne opningstider