Sinus 2P (2021) utdrag nyn

Page 32

MORDGÅTA Du jobbar som kriminaletterforskar. Det er blitt funne eit lik i ein kjellar, og du må estimere drapstidspunktet for å kunne utelukke nokre av dei mistenkte. Til det kan du bruke Newtons avkjølingslov.

Varme er energi som blir overført på grunn av ein temperaturforskjell. Varme går naturleg frå ein stad med høg temperatur til ein stad med låg temperatur. Det er derfor det gjer vondt å legge handa på ei varm kokeplate. Varmen går frå kokeplata med høg tempera­ tur til handa med lågare temperatur. Det er fleire faktorar som påverkar kor fort noko blir avkjølt. Det har for eksempel noko å seie kor stor overflata til gjenstanden er, og det har noko å seie kva materiale ho er laga av. For eksempel kjennest det mykje kaldare å ta på ei jernstong enn å ta på isopor, sjølv om begge har stått ute i minusgradar. Det er fordi jernstonga leier varme vekk frå handa mykje betre enn isoporen gjer. Ein annan faktor som har betydning for avkjølinga, er kor stor temperaturforskjell det er mellom gjenstanden og omgivnadene.

Newtons avkjølingslov Den berømte fysikaren Isaac Newton (1643– 1727) klarte å finne ein matematisk modell for korleis avkjølinga avheng av temperatur­ forskjellen. Den publiserte han i eit tidsskrift i 1701: Kor fort temperaturen til ein gjenstand minkar, er proporsjonal med temperaturforskjellen mellom gjenstanden og omgivnadene. Ein kopp kakao blir avkjølt raskast når han har høg temperatur. Etter kvart som tempe­ raturen går ned, vil han bli avkjølt saktare. Temperaturen i kakaoen kan ikkje bli lågare enn romtemperaturen han er i. Etter kvart som

s

30

tida går, vil han altså nærme seg romtempera­ turen stadig meir. Newtons modell kan bli uttrykt som ein matematisk funksjon. Temperaturen ved tida t er gitt ved t T (t) = T k + To t T (t)er = T temperaturforskjellen k + To Her mellom gjen­ standen og omgivnadene ved start, k er avkjø­ t T (t) = T kog+ To er temperaturen til om­­ lingsfaktoren givnadene.

Finne tidspunktet for eit mord Menneske har normalt ein kroppstempe­ ratur på ca. 37 °C når dei er levande. Når ein person døyr, vil kroppen etter kvart bli avkjølt. Kor fort det skjer, avheng blant anna av temperaturen til omgivnadene, storleiken på kroppen og kleda den døde har på seg. Mordetterforskarane kan bestemme avkjø­ lingsfaktoren k etter at liket er funne ved å gjere temperaturmålingar. Ved å måle tem­ peraturen til omgivnadene også, kan ein da bruke Newtons avkjølingslov til å rekne ut kor lenge kroppen har lege død. Slik kan draps­ tidspunktet bli tidfesta. 40 35 Temperatur i °C

Frå varmt til kaldt

30 25 20 15 10 5 1

2

3

4 5 6 7 Tid i minutt

8

9 10

1  |  Prosent

01_Sinus 2P-2021_kap1_teori.indd 30

10/08/21 1:55 PM


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.