Sinus 2P (2021) utdrag nyn

Page 34

REPETISJONSOPPGÅVER OPPGÅVE 1

OPPGÅVE 5

a) Finn den prosentvise auken eller nedgangen når vekstfaktoren er 1) 1,03 2) 1,15 3) 0,97 4) 1,003 5) 0,14 6) 2 b) Finn vekstfaktoren ved 1) 5 % auke 2) 0,9 % auke 3) 150 % auke 4) 7 % nedgang 5) 38 % nedgang 6) 0,5 % nedgang

a) Ein familie hadde eit straumforbruk på 20 000 kWh i 2018. I 2019 var forbruket 3 % høgare. Bruk vekstfaktoren og finn straumforbruket i 2019. b) Familien reduserte forbruket frå 2019 til 2020 med 3 %. Kor stort straumforbruk hadde familien i 2020?

OPPGÅVE 2

a) Du får 20 % rabatt på ei bukse som kosta 900 kr før salet. Kva betaler du for buksa? b) Du kjøper ei bukse på sal til 525 kr etter å ha fått 30 % rabatt. Kva kosta buksa før salet? OPPGÅVE 3

a) Eit politisk parti aukar oppslutninga frå 20 % til 26 %. 1) Finn auken i prosentpoeng. 2) Finn auken i prosent. b) Eit anna politisk parti aukar oppslutninga med 3 prosentpoeng. Det utgjer ein auke på 15 %. Kor stor oppslutning har dette partiet etter denne framgangen? OPPGÅVE 4

Innbyggartalet i ein by veks med 10 000 per år. I ein annan by veks innbyggartalet med 0,5 % per år. Kva for ein by vil ha flest innbyggarar på lang sikt viss utviklinga fortset?

s

32

OPPGÅVE 6

Zara kjøpte aksjar for 10 000 kr. Dei første to åra steig verdien av aksjane med 17 % per år, men det neste året minka han med 5 %. Kva for ein eller kva for nokre av påstandane stemmer? A: Verdien av aksjane er 10 000 ⋅ 1,17 2 ⋅ 0,95 B: Verdien av aksjane er 10 000 ⋅ 1,17 2 : 1,05 C: Verdien av aksjane er 10 000 ⋅ 0,17 2 ⋅ 0,05 D: Verdien av aksjane har stige med 29 % på dei tre åra. OPPGÅVE 7

Are kjøpte seg eit hus til 3,2 millionar kroner i 2020. Anta at verdien av huset stig med 5 % per år i perioden frå 2015 til 2025. a) Kor mykje er huset verdt i 2024? b) Kor mykje var huset verdt i 2017? Ida kjøpte eit hus i 2015 til 2,7 millionar kroner. Dei første tre åra steig verdien av huset med 7 % per år, men dei neste to åra minka verdien av huset med 2 % per år. c) Kva var huset til Ida verdt i 2020?

1  |  Prosent

01_Sinus 2P-2021_kap1_teori.indd 32

10/08/21 1:55 PM


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.