Sinus 2P (2021) utdrag nyn

Page 48

Oppgåve 1.227

Oppgåve 1.231

For 8 månader sidan kjøpte Inger aksjar. Nedanfor har ho rekna ut kva verdien av aksjane er i dag.

Du er i ein klesbutikk og skal kjøpe eitt par sokkar, éi T-skjorte og ei jakke. Butikken har to tilbod å velje mellom:

10 000 kr ⋅ 1,03 ⋅ 1,0084 ⋅ 0,913 ≈ 7824 kr

Kva kan reknestykket fortelje om korleis verdien av aksjane har endra seg? Oppgåve 1.228

Verdien av ei myntsamling har auka med 5 % kvart år dei siste åra. Myntsamlinga er i dag verd 50 000 kr. Kva for eit av desse uttrykka kan vi bruke for å rekne ut verdien av myntsamlinga for 2 år sidan? Grunngi svaret. 1) M = 50 000 ⋅ 1,05-2 2) M = 50 000 ⋅ 0,95-2 3) M = 50 000 ⋅ 1,052 4) M = 50 000 ⋅ 0,952 Oppgåve 1.229

Ein fabrikk har redusert utsleppet av karbondioksid med 8 % kvart år dei siste åra. Utsleppet er i dag 40 tonn per år. Kva for eit av desse uttrykka kan vi bruke for å rekne ut kor stort utsleppet i tonn var for 3 år sidan? 1) U = 40 ⋅ 1,08-3 2) U = 40 ⋅ 0,923 3) U = 40 ⋅ 1,083 4) U = 40 ⋅ 0,92-3 Oppgåve 1.230

a) Ein fjellkikkert kosta 2200 kr. På ei messe blei prisen sett ned 20 %. Finn den nye prisen. b) Deretter blei prisen sett opp igjen slik at prisen på nytt blei 2200 kr. Kor mange prosent blei prisen sett opp?

s

228

Tilbod 1: Kjøp 3 plagg og få 75 % avslag på totalprisen. Tilbod 2: Kjøp 3 plagg. Betal berre for dei to billigaste. a) Finn eksempel på prisar slik at desse to alternativa gir same avslag. b) Kva er det som avgjer om du bør velje tilbod 1 eller tilbod 2? Oppgåve 1.232

a) I ei matforretning kostar 1 kg tomatar normalt 25,00 kr. 1) Ein dag var prisen på tomatar sett ned 20,4 %. Kva var kiloprisen på tomatar denne dagen? 2) Ein annan dag var prisen på tomatar 29,90 kr. Kor mange prosent var prisen på tomatar sett opp frå normal pris denne dagen? b) I den same forretninga kan du få kjøpt potetar i laus vekt til 6,90 kr per kg eller 2,5 kg potetar i nett til 21,90 kr. Kor mange prosent billigare er det å kjøpe 2,5 kg potetar i laus vekt enn i nett? c) I ferskvaredisken kan du få kjøpt kjøtt­deig på tilbod til 47,90 kr per kg. 1) Kor mykje kjøttdeig kan du da få kjøpt for 60 kr? 2) Kjøttdeigen er sett ned 45 % i forhold til normal pris. Kva er den normale prisen på 1 kg kjøttdeig i denne forretninga?

1  |  Prosent

11_Sinus 2P-2021_kap1_oppgaver.indd 228

06/08/21 3:21 PM


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.