NETT NO - ÅRG 9 / UTG 1 / 2021

Page 70

PEN DL A R F R Å Å L ESUN D : Rozan Arrat pendlar frå Ålesund til sysalen hos Ekornes. Ein samarbeidsavtale mellom Nav og eit tett samarbeid med vaksenopplæringa og flyktningtenesta gjorde at Ekornes raskt kunne rekruttere ei stor gruppe flyktningar då boomen kom i fjor sommar.

MANGEL PÅ FOLK BREMSAR VEKSTEN Av: Ogne Øyehaug

No er det så lite ledig arbeidskraft at Ekornes-sjef Roger Lunde meiner arbeidskraftmangel står i vegen for meir vekst i Sykkylven.

Lunde har tidlegare sagt at Ekornes-konsernet skal bli dobbelt så stort innan fem år. Det betyr investeringar og vekst også i Sykkylven. Men kor stor veksten blir - målt i arbeidsplassar – kjem mellom anna an på tilgangen på arbeidskraft. Buss og bustadar er stikkorda for kva Lunde ønskjer seg. Det må bli betre kollektivtilbod for folk frå Ålesund til dømes, og ikkje minst må det bli råd å få seg ein stad å bu for dei som vil flytte til Sykkylven. - Eg er bekymra for tilgangen på folk, seier Lunde.

70

NETT NO

FLYKTNINGAR

I sysalen hos Ekornes er Rozan Arrat i arbeid på dagskiftet. Arrat kom som flyktning frå Syria til Noreg i november 2016 og byrja hos Ekornes 5. januar i år. Ho er ein av dei 181 nye tilsette på Ekornesfabrikkane i Sykkylven sidan juli 2020. Ektemannen fekk jobb hos Ekornes i fjor. Ho og han arbeider kvart sitt skift og pendlar frå Ålesund der trebarnsfamilien bur, i alle fall inntil vidare – for no vurderer dei flytting til Sykkylven og ser etter hus. Arrat har også tre brør på fabrikken.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.