HELSING FRÅ ORDFØRAR
GRATULERER MED JUBILEET! Det er få stader i landet som har hatt ei så flott utvikling og vekst som Førde. Frå å vere ei lita bygd for nokre ti-år sidan, har Førde i dag blitt ein vital, mangfaldig og kraftig småby. I år etter år har byen vore prega av stor aktivitet og investeringslyst, og det ser ikkje ut til å stoppe opp. Tvert om er det i dag større aktivitet og investeringar enn nokon gang. Det er mange grunnar til Førde sin suksess. Ein av hovudgrunnane er næringslivet, og den svært store viljen næringsaktørane har hatt til å satse. Det har gjerne vore tale om lokalt næringsliv, og fleire av desse har hatt mange prosjekt i byen vår. I år er Elvegården 50 år og Førde Torg 25 år. I tillegg til det feirar mange av leigetakarane i dei to forretningsgårdane òg jubileum. Gratulerer til dei alle! Desse bygga er flotte representantar for ei av dei aller viktigaste næringane i Førde, og ikkje minst ei næring som har sett Førde på kartet; nemleg handelsnæringa. Førde har i mange år vore den største handelsbyen mellom Bergen og Ålesund, og denne posisjonen har berre blitt meir og meir styrka. Handelsnæringa har mange positive sider for Førde; den skaper arbeidsplassar og står for verdiskaping, aukar attraktiviteten til byen vår, styrkar Førde som reisemål, er med på å skape ei levande sentrum, skaper møteplassar og er òg mange ungdommar sitt første møte med arbeidslivet. Som fleire andre næringsdrivane i Førde, er eigarane av Elvegården og Førde Torg òg involvert i andre store og viktige prosjekt og næringar i byen vår. Fritz Hjelmeland sine selskap har til dømes investert mykje i utvikling av sentrum dei siste åra, som oppgradering og moderniseringa av Sunnfjord Hotell, Tinghuset og Hafstadgården. Frå 1. januar 2020 blei Førde by kommunesenteret i nye Sunnfjord kommune. Byen vår har såleis òg fått eit ny rolle å spele; som ein motor for å få vekst og god utvikling i heile den nye og flotte kommunen vår. Det er ei rolle eg er sikker på byen vil ta på ein god måte.
Førde, juni 2021 Olve Grotle ordførar i Sunnfjord kommune
4
Førde har alle føresetnader for å ha ei god utvikling i åra framover, ikkje minst fordi næringslivet vårt er så offensive og omstillingsdyktige. Det er derfor ekstra kjekt å gratulere viktige næringsaktørar med jubileum, når eg samtidig veit at desse kjem til å få feire mange gode jubileum i framtida.
JUBILEUMSMAGASIN