TEK VARE PÅ KLYNGETUNET ALEINE
ATTENDE PÅ
HJØLMO Hjølmo, inst i Eidfjord i Hordaland, er eit fråflytta klyngetun omkransa av steile fjell. Dei stig 1000 meter nærast rett opp til Hardangervidda. Steinras truger heile tida. Her budde sju familiar, dei siste fram til 1971. Da blei tunet lagt øyde, årsaka av alderdomen til folk og dragninga mot eit enklare liv. Saman med kona Toril bruker Jan Vivelid mykje tid her. Her blei han fødd i 1947. Han er glad for å ha kome att. Tekst og foto: Ivar Moe
- EG ER FØDD HER, JA. Eg var nummer tre av fire søsken. Den plassen der ein er voksen opp på, det er noke spesielt med det, seier Jan Vivelid. Han har nytta store deler av det vaksne livet sitt og mange pengar til å setje i stand dette klynge tunet, Hjølmo i Eidfjord.
74
FORTIDSVERN