Kjelda nr. 2 2016

Page 12

Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Kor gamle er gardsnamna våre?

Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune.

Rabben, bygsleplass på Ulvedal. Fotograf: Kristian Solvang.

Av Kristian Solvang

Usamansette namn, gardsnamn på -vin, -land, -stad og -set. Eg vil først nemne at J. Aaland har skrive artikkelen «Um busetjingi i Innvik-Stryn» i Bygdesoga Innvik-Stryn, bind I. Her skriv han utførleg om gardsnamna og kor gamle dei kan vere. Prof. Jørn Sandnes skriv: «Kor gammal den norske garden er, kan vi ikkje seie visst. Gardane har vakse fram smått om senn til det vi kan kalle den historiske garden. Vi brukar nemninga «gard» frå den tida da folk budde heile eller iallfall stordelen av året på ein stad og dreiv gardsdrift, dvs. dyrka jorda og heldt krøtter. Gardsskipnaden går minst eit par tusen år tilbake i tida. Klimaforverringa mot slutten av bronsealderen tvinga folk til å slå seg ned på gardar, byggje hus og vinterfore krøtter» (Norsk Stadnamnleksikon, 1976, s.29). Altså – gardane våre er mellom 100 og 2000 år gamle, og gardsnamna det 12

same. Dei eldste gardane vart til fleire hundre år før vikingtida, difor inneheld mange av gardsnamna så gamle ord at dei ikkje er forståelege, som gardane på Jæren: Horr, Tjøtta, Sola, Tasta. Det er vanleg å dele gardsnamna inn i namneklassar, dei som er laga med grunnord eller sisteledd som går att i svært mange namn. Desse grunnorda var produktive til ulike tider, og vi kan difor datere namneklassane relativt i høve til kvarandre. Det vil seie at namnet på garden kan gje oss ein omtrentleg informasjon om alder. Men heilt sikre kan vi sjeldan vere, til det finst det altfor få skriftlege kjelder frå eldre tid. Bruken av grunnord varierte og på ulike kantar av landet. Den eldste klassen er dei på «-vin» og «-heim». Desse namna høyrer stort sett heime i tida før vikingtida, dei fleste går altså tilbake til tida 0-500 år e.Kr. I Norge er det om lag 1000 vin-namn, og like mange heim-namn. «Vin» tyder «naturleg eng», og var nok først namn på grasmarker og beitemarker. I Stryn finn vi vin-namna: Muri, Gytri,

Lauki, Hilde, Skåden, Langvin, Folven, Stauri, Dispen, Nesje, Tenden, Gjørven, Tjugen, kanskje også Raudi og Sæten. Vi ser ikkje utan vidare at dette er vinnamn, fordi dette namneleddet er blitt omlaga både i uttale og skrift gjennom eit par årtusen. Dei fleste vin-gardane ligg på den beste jorda, midt i bygda, og har nok vore hovedgardar. 4 av vin-gardane i Stryn kommune har hatt kyrkjer frå middelalderen, og 3 har vore prestegardar. Det er eit sikkert teikn på at vin-gardane har vore blant dei aller eldste. Minst like gamle er gardar som har usamansette natur- og kulturnamn som Bø og Vik. Namnet fortel oss korleis lendet er der garden ligg. Desse gardane ligg og sentralt til i bygda på same måte som vin-gardane. Namneforma har halde seg uforandra heilt fram til vår tid, men som nemnt ovanfor er enkelte så gamle at orda ikkje lenger er forståelege. I vår kommune har vi namn vi skjønar: Berg, Gjuv, Rand, Rake, Eide, Kvamme, Sunde (seinare Mindresunde, Storesunde), Lunde, Vik, Bø, Fure, Flo, Grov, Hjelle, Brekke og Rygg.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Besøk frå UWC

1min
pages 51-52

Tilvekst til biblioteket 28.05.2016-12.10.2016

1min
page 50

Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet

4min
pages 42-43

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv

10min
pages 46-49

Før i tida hadde alle svin på skogen

3min
page 44

Dyr for domstolen

3min
page 45

Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane

2min
page 41

Elsa Horne heidra med kulturpris

2min
page 40

Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik

6min
pages 37-39

Tidsnok

4min
page 36

Personlige iakttagelser og observasjoner under Måløyraidet

8min
pages 27-29

Haarklou-operaene

7min
pages 32-34

Alden, Orkja og Bjørga

2min
page 30

Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting

3min
page 31

Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule

14min
pages 22-26

Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness

6min
pages 19-21

Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944

16min
pages 4-9

Kvalstasjon i Vågane

6min
pages 16-18

Julegrisen i Nordfjord

2min
page 15

Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune

8min
pages 12-14

Samlinga etter Olai Fauske» - eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune

2min
page 10

Matteo Pisani – stordansaren frå Lærdal

4min
page 11

Når uhellet først er ute

4min
pages 2-3
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.