Kjelda nr. 2 2016

Page 15

Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Julegrisen i Nordfjord

Av Annette Langedal Holme

 «Det var julekveld i skogen. Fjernt fra verdens ståk og larm.» Slik byrje visa, Julekveld i Skogen, skriven av Astow Ericsson i 1964. Songen har unekteleg sine kvalitetar på fleire måtar, men her er vi interessert i draumane til han gamlefar i første vers. Han sit nemleg og drøymer om ein fordums julegris. Det er vel fleire som har tenkt med glede på feite griselabbar til jul, og nettopp julegrisen var veldig viktig under julemiddagen før i tida. Heilt tilbake til vikingtida var grisen ein stor del av eit festmåltid og grisen har fylt opp festbord heilt fram til i dag med den populære svineribba dei fleste av oss et rundt jul. Det var mange gardar som hadde ein stadig feitare gris vraltande rundt på tunet utover hausten. Vi får håpe at ingen sprenggjødd julegris nokon gong skjønte kvifor han fekk ete det han klarte og kvifor kona nøgd klaska han på det tjuknande feittlaget. Lange tradisjonar i Nordfjord Også i Nordfjord kan vi vise til lange tradisjonar med julegrisen. Folketeljinga frå 1835 gir oss eit godt innblikk. I tillegg til folketal registrerte dei også avlingar og tal husdyr på dei ulike gardane. Der kan vi sjå at dei fleste gardar

i Nordfjord i all hovudsak hadde kyr, sau og geit. Nordfjord har aldri mangla utmark, så talet på beitedyr var ganske høgt. I tillegg hadde dei fleste gardar ein eller eit par grisar. Til eksempel kan vi løfte fram Eid prestegjeld som hadde 6126 sauer i følgje folketeljinga frå 1835. Til samanlikning fanst det 315 grisar. I følgje dei same folketeljingane er desse husdyra fordelt på 146 gardar som vanlegvis består av 2-3 bruk. Det gir om lag ein gris til kvar husstand, så der har vi nok julegrisane vi såg etter. På tide å slakte julegrisen Slaktinga av julegrisen var eit teikn på at jula var like rundt hjørnet. Grisen vart gjerne slakta så tett opp til jul som mogleg, for då kunne ein ha sylteflesk og blodpølse til julemiddagen. I Gloppen var det vanleg å lage grisekompar (raspeballar laga av raspa poteter, mjøl og griseblod) av blodet etter at grisen var slakta. Tradisjonar rundt julematen har store lokale variasjonar som ofte var ulik

frå gard til gard. Ulike delar av grisen vart eten til ulike tider i jula rundt om i fylket. I Gulen åt dei til dømes grisehovud og flatbrød til frukost. I dag hentar vi julegrisen i frysedisken og ikkje på gardstunet. Alt konene kan klaske på i dag er sitt eige fettlag, noko som gjerne ikkje er med den same gleda som eit godt dissande klask på julemiddagen. Grisen Grisen står i sin grisebing og tenker dypsindig på viktige ting. Undres om fleskeprisen går opp eller ned tenker grisen. Av Inger Hagerup Litteratur og kjelder: Folketelling for 1835. Funne på internett 24.06.2015: http://www.ssb.no/a/histstat/nos/ st_02r_1835.pdf Kongsvik, Å. og Støfringsdal, K. 1999. Fjordamat, kokebok for Sogn og Fjordane. Førde. Kvåle, I. 1967. Breim i Sogn og Fjordane fylke. I Manns minne, daglegliv ved hundreårsskiftet. Bind 1. Oslo. Shalin-Sveberg, I. 2000. Som julekvelden på kjerringa. Oslo.

15


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Besøk frå UWC

1min
pages 51-52

Tilvekst til biblioteket 28.05.2016-12.10.2016

1min
page 50

Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet

4min
pages 42-43

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv

10min
pages 46-49

Før i tida hadde alle svin på skogen

3min
page 44

Dyr for domstolen

3min
page 45

Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane

2min
page 41

Elsa Horne heidra med kulturpris

2min
page 40

Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik

6min
pages 37-39

Tidsnok

4min
page 36

Personlige iakttagelser og observasjoner under Måløyraidet

8min
pages 27-29

Haarklou-operaene

7min
pages 32-34

Alden, Orkja og Bjørga

2min
page 30

Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting

3min
page 31

Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule

14min
pages 22-26

Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness

6min
pages 19-21

Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944

16min
pages 4-9

Kvalstasjon i Vågane

6min
pages 16-18

Julegrisen i Nordfjord

2min
page 15

Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune

8min
pages 12-14

Samlinga etter Olai Fauske» - eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune

2min
page 10

Matteo Pisani – stordansaren frå Lærdal

4min
page 11

Når uhellet først er ute

4min
pages 2-3
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.