Kjelda nr. 2 2016

Page 16

Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Kvalstasjon i Vågane. Staten bygde og dreiv kvalstasjon i Vågane, Bremanger, i åra 1918-1919. Her er eit drusteleg stykke råstoff til vidare «behandling» til sluttprodukta; feitt, olje, beinmjøl, guano. Fotograf: Kristian Berge. Datering: 1918-1920.

Kvalstasjon i Vågane Av Egil Totland

Vågane ligg sør på Bremangerlandet. Det går veg frå fylkesveg 616. Heilt inne står fire-fem hus og nokre naust; ein fredeleg idyll, det er Vågane år 2016. Heilt annleis var det i 1918. Då vart det brått uvanleg mykje liv og røre her. Staten bygde kvalstasjon, som var i drift i to år. Feittmangel Første verdskrig starta i 1914. Sjølv om Norge offisielt var nøytralt fekk vi føle verknadane av den, særlig når det galdt forsyningar av viktige råstoff. Feittmangelen vart etter kvart merkbar. Dei norske fangstselskapa som fanga kval på den sørlege halvkula, opererte i britiske soner. Britane forlangte etter kvart at alle produkt fanga i deira soner skulle tilfalle dei sjølve. Kvalfangst på norskekysten På grunn av dette tok staten hausten 1917 ei rekke skritt til iverksetting av kvalfangst på Norges kyst. Ved kongelig resolusjon av 23. november 1917 vart Provianteringsdepartementet bemyndiga til straks 16

å iverksette kvalfangst for statens rekning. Statens Hvalfangstkontor vart oppretta i desember 1917 og Vågane var 1 av 6 kvalstasjoner som staten etablerte langs norskekysten. Avtale om grunn Vågane ligg like nordaust for Smørhamn på Bremangerlandet. I desember 1917 vart det inngått avtale mellom staten og bruk 2 og 5 (Gnr. 33) i Vågane, om utleige av delar av strandlinja for 600 kroner i året for å opprette kvalstasjon. Bygging av kvalstasjonen På vårparten i 1918 starta arbeidet med å bygge kvalstasjonen i Vågane. I ein artikkel i Norsk Hvalfangst-tidende i april/mai 1918 står det:

Stationen i Bremanger er ikke helt færdig, først i juni kan fangstbaatene begynde. Paa anlægget arbeider 50 mann, 3 barakker er oppført, maskinhuset er i sin vorden og en del maskiner montert. Saa blir der kokeri, foruten til oljen ogsaa for kjøttet og benene, benmølle og guanofabrik. Den store flenseplan 40 x 25 m er heller ikke færdig. Der opsættes 9 preskjeler og 6 aapne kokekar. 2500 tomme tranfat er allerede frembragt for i sin tid at fyldes. Tomten som ligger paa Vaagene ca 6 km østenfor Kalvaag, er erhvervet av staten for en avgift av 600 kr. pr. aar. Om arbeidsforholda Anleggsarbeidet og drifta gav arbeid til mange. Ikkje alle var like begeistra. I ein artikkel i avisa Daggry (Socialdemokratisk organ for Horten og omegn) 14. mai 1918 står det om arbeidsforholda:


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Besøk frå UWC

1min
pages 51-52

Tilvekst til biblioteket 28.05.2016-12.10.2016

1min
page 50

Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet

4min
pages 42-43

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv

10min
pages 46-49

Før i tida hadde alle svin på skogen

3min
page 44

Dyr for domstolen

3min
page 45

Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane

2min
page 41

Elsa Horne heidra med kulturpris

2min
page 40

Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik

6min
pages 37-39

Tidsnok

4min
page 36

Personlige iakttagelser og observasjoner under Måløyraidet

8min
pages 27-29

Haarklou-operaene

7min
pages 32-34

Alden, Orkja og Bjørga

2min
page 30

Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting

3min
page 31

Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule

14min
pages 22-26

Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness

6min
pages 19-21

Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944

16min
pages 4-9

Kvalstasjon i Vågane

6min
pages 16-18

Julegrisen i Nordfjord

2min
page 15

Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune

8min
pages 12-14

Samlinga etter Olai Fauske» - eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune

2min
page 10

Matteo Pisani – stordansaren frå Lærdal

4min
page 11

Når uhellet først er ute

4min
pages 2-3
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.