Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25
DS «Nordfjord 1» på pinsetur 1932. Mannssang foreningen «Freya» samla på framdekket. Båten går inn Høyangsfjorden. Offiseren på brua er kaptein Wærness. Fotograf: Ukjent. Datering: 1932.
Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness Av Hermund Kleppa
«en sjelden dyktig sjømann, godt anskrevet i det selskap han tjente i så lang tid [39 år], og meget godt likt av det reisende publikum”. Det var attest til kaptein H. Wærness i Bergens Tidende då Wærness runda 70 år, 18. juni 1939. Wærness er ein av dei ruvande kapteinane i Fylkesbaatane si soge. Han var skipsførar i 18 år, først på «Stavenes» frå 1908, seinare på «Fjalir», «Sogn, «Firda», «Kommandøren» og «Nordfjord» 1. «heldt i roret» Kari Louise Kvamme, fødd 1932 i Bergen, bur i Fjærland (2015). Ho er dotterdotter til kaptein Heinrich Wærness. Og ho hugsar at ho var med morfaren om bord og fekk halda i «roret». Vi fekk låna fleire foto av Kari Kvamme, mellom anna tre foto som viser kaptein Wærness på brua på tre ulike båtar. Dei er òg interessante ved at dei viser fleire skipsbygnings-detaljar frå tida då opne bruer var vanleg. Dessutan hadde Kari Kvamme ein del opplysningar om kaptein Wærness. Saman med litt anna kjeldemateriale, kunne vi laga denne vesle artikkelen om Heinrich Wilhelm Wærness, kaptein i Fylkesbaatane.
Sjømannen Wærness – tidsline Heinrich Wilhelm Wærness, fødd 18. juni 1869 i Bergen, var son til sjøk aptein Peter P. Wærness. Han reiste til sjøs i «ung alder». Sommaren 1885 veit vi at han var påmønstra «SS Niord», i hamn i Cardiff. Heinrich Wærness var sjømann i over 50 år, først kring 16 år før han i 1897 vart tilsett i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe/Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane der han han hadde sitt arbeid til han gjekk av for aldersgrensa i 1936. 1881-1882 Reiste til sjøs, og tok etter kvart styrmannseksamen
1897 Vart tilsett som styrmann i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) 1908 Vart kaptein på ”Stavenes”, seinare «Fjalir», «Sogn» og «Firda». 1912 Vart kaptein på «Firda» etter at kaptein Lund gjekk av for aldersgrensa 1916 Vart kaptein på «Kommandøren». 1932, 15.-18.05 Var førar på «Nordfjord 1» på pinsetur i Sogn og Fjordane med Mannssangforeningen Freya, Bergen. 1936, hausten. Gjekk av for alders grensa. «Mannseth førar på «Nordfjord 1» etter Wærness» (avisnotis). 19