Bøygen 4/2013

Page 10

Leiar

Den litterære omsettaren er gjerne utskjelt og oppskrytt på same tid – og sjeldan noko imellom. Den nynorske litterære omsettaren finst snart ikkje lenger, og skal ein tru enkelte bokmeldarar, er vellukka litterær omsetting rett og slett umogleg. Og likevel, du er i ferd med å lese eit nummer av bøygen, via fullt og heilt til litterær omsetting og den litterære omsettaren. Med dette nummeret ønsker vi å røre ved ulike problemstillingar knytte til omsett litteratur og omsettaren sin(e) rolle(r): Kor synleg kan omsettaren vere? Kor tru mot forfattaren må ein vere når ein omset? Kan ein også snakke om omsettaren si røyst? Og kven er det eigentleg som blir omsett? Vi har gitt oss sjølve og bidragsytarane høve til å sjå nærmare på det å omsette litteratur. Kanskje med eit litt anna perspektiv enn det ein ofte har i vitskapelege fora – her let vi omsettaren kome til orde. Vi ville løfte fram røystene til dei som omset for sitt daglege brød, til dei som studerer «det umogleges kunst», til dei som omset seg sjølve, til dei som omset frå daude språk, og frå store til små språk eller omvendt. Vi ville utfordre bokmeldarane til å skrive meldingar som verkeleg ser omsettinga som ein tekst med sin eigen rett. Og ikkje minst ville vi vise fram omsettingar innanfor ulike sjangrar, og frå forskjellige språk. For litterær omsetting kjem i mange slags klede, sjølv om dei skulle bere same språkdrakt. Skiljet mellom å omsette ord for ord og å overføre meininga i ein tekst er ein velbrukt dikotomi i omsettingsvitskapen, som ber mange ulike namn; dynamisk og formell ekvivalens, adekvat og akseptabel eller dokumentarisk og instrumentell omsetting. Det handlar støtt om å finne balansen mellom å omsette ord for ord versus det å omsette meininga i teksten. Men det er ikkje alltid vitskapen kan svare på kor meininga i ein tekst eigentleg ligg, og sjølv om dette også er noko som mange profesjonelle omsettarar tar stilling til, handlar mykje likevel om magekjensle og erfaring som mellomperson mellom såkalla utgangskultur og målkultur. Her får vi kanskje eit lite innblikk i tankar og arbeidsprosessar kring omsetting, frå eit «omsettarperspektiv». Lojalitet mot originaltekst og forfattar får vi høyre meir om i eit essay av Hilde Rød-Larsen og i ein artikkelen av William Gjerde. Rød-Larsen tar også implisitt opp spørsmålet om kompensering, eit tema som er mykje omdiskutert i metalitteraturen kring omsetting. Eit anna noko betent tema i bransjen er bruken av 10


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.