Tove Bakke
Omsettarlivet, ein heilt objektiv A B C A som i audmjuk, autoritet (hos omsettaren), alt som er, alt mogleg, alle ord, allmennkunnskap. B for babyar eg må drepe, for at det ikkje er ord, men bruken av ord eg skal omsette, for banalitetar i originalen som ikkje kan bli anna på norsk heller; B som i bølgjelengde med teksten og stilnivået, bryte ned originalen og bygge den opp igjen på norsk, for svensk omsettarveteran Jan Stolpes 1. og 2. bod: «Du skal ikkje normalisere», og «Du skal føre lesaren til boka, ikkje boka til lesaren». D for distanse, for dialektproblematikk og -dosering, demensførebyggande? døgndrift i hjernen, dialogdriven handling, D som i dårlege sexskildringar, dårleg betalt, deadline. E for energien i teksten, E som i engelskfella – er engelsk verkeleg så likt norsk i syntaks og struktur at eg kan omsette rett fram, eller har eg lese så mykje engelsk at eg trur eg skriv norsk? Og at eg trur eg kan engelsk? Og alle «engelskar»? F for faen (tidl. pokker), flyt i teksten (og gjerne i arbeidet, om mogleg), for forfattaren, for forfattaren sin (ja da) autoritet, finne rytmen, fange tonen, forstå og formidle kva som står og korfor, ev. finne på sjølv!; F som i frustrasjon – over forbaska forfattarpåfunn, forlags forvirrande og uforståelege disposisjonar og forleggarforeininga sin evig arrogante og forbeina uforstand for omsetting som yrke og ikkje dyr hobby; F for alt nyttig ein får frå fagfolk og kollegaer og alle slags folk; men òg at vi på norsk heller får enn blir gitt – som i «eg får gnagsår i øyra av det maset», sjølv om «mas gir gnagsår» også er forståeleg; F for å ikkje alltid halde på formene i originalen; for å sleppe faste norske uttrykk og vendingar litt fri, la dei få nye og friske leikekameratar frå framande språk og fjerne strøk, til fryd for skrivar og lesar! F for å ikkje file så fælt på teksten at du fjernar kvar friske flate – og filer av den vesle honorargreina du sat på òg, sidan det ikkje er timetalet, men talet på tastetrykk i ferdig bok som tel. (Sånn tenkjer ein sjølvsagt ikkje, men factum est.) G som i gløymsle, få lesaren til å gløyme at boka er på norsk og tru at han les flytande tyrkisk eller iallfall fransk; godt språk, gjendikting som ikkje er gjendiktarens frie egotripp. 14