litterær omsetting og den litterære omsettaren
Dairena Ní Chinnéide
Heimstaddikting frå Na Blascaodaí: Tre dikt av Dairena Ní Chinnéide Gjendikta av Jan Erik Rekdal Introduksjon ved Runa Kvalsund & Ida Hove Solberg Translate me!
Den irske poeten og forfattaren Dairena Ní Chinnéide er sjølv litterær omsettar, og ho omset sjølv sine eigne dikt til engelsk frå gælisk. I tillegg til si eiga litterære verksemd, som ho har mottatt fleire prisar for, har ho undervist i kreativ skriving og litterær omsetting ved American University i Washington D.C. Skildringar av Corca Dhuibhne (engelsk: Dingle Peninsula) og øysamfunnet på Na Blascaodaí (engelsk: Blasket Islands) pregar mange av dikta. Natur, språk og mytologi er dominerande element i heimstaddiktinga hennar; det å halde språket og kulturen i live står sentralt. Språkval og tematikk er tett knytte saman, for det er
42
ikkje eit innlysande val å skrive på gælisk, eit språk som møter mykje motstand og har eit lite publikum – og kanskje er det nettopp derfor ho også omset seg sjølv til engelsk. Vi vel å trykke dei gæliske dikta side om side med dei norske. Dikta hennar var ikkje omsette til norsk før ho deltok på Oversatte dager i vår, der eit knippe av dei vart presenterte av professor og gjendiktar Jan Erik Rekdal. «Jeaic» er henta frå den tospråklege, sjølvomsette samlinga An trodaí agus dánta eile/The warrior and other poems (2007), mens dei to andre er frå den siste samlinga hennar, Rí Rá (2013).