Bøygen 4/2013

Page 90

Brit Bildøen

Lytte og skrive seg fram Eg likar veldig godt å omsetje. Faktisk så likar eg det betre enn å skrive. Så når eg held på med eit eige skriveprosjekt, er det lite strategisk å ha eit omsetjingsarbeid i tillegg. For det er så utruleg mykje enklare, og morosamare, å opne dokumentet med ein fullt ferdig tekst enn å opne eit dokument der dei kvite sidene står som marmorveggar som eg aleine skal forme og meisle til. Å omsetje er som å ha ein dagleg passiar med ein god forfattarkollega, å dikte er å ha daglege samtalar med seg sjølv. Som den sosiale personen eg er, synest eg det er fint å kunne veksle på, så eg tar gjerne på meg omsetjaroppdrag i mellomfasen, når eg er ferdig med ei bok og ventar fram ideane til den neste. Å jobbe tett med gode tekstar er ein utmerka måte å halde skrivemuskelen varm på. Samtidig kan det vere slik at det å skrive sjølv aukar sensitiviteten til det andre skriv. Det er ein tanke, ikkje ein påstand. Og her skal eg prøve å følgje tanken vidare. Mitt første omsetjaroppdrag var enkeltdikt til ein antologi. Etter det våga eg meg på ein heil forfattarskap, og gjendikta eit utval av den amerikanske poeten Rita Dove. Samlinga kom ut i 1996, med tittelen Det rosa er i oss. Når ein gjendiktar poesi har ein gjerne god tid på seg, dikta kan få lov til å ligge og modne ei stund før ein tar dei fram og skrur dei enda betre til i neste runde. Det er noko heilt anna å omsetje store og tunge prosatekstar, det skulle eg få erfare da eg naivt optimistisk gav meg i kast med H.D.’s (Hilda Doolittles) Tribute to Freud. Her blei læringskurva bratt. Forfattaren H.D., kjend som ein av grunnleggarane av imagist-rørsla i USA, reiste i 1933 til Wien for å gå i psykoanalyse hos Freud. Første del av boka er eit tilbakeblikk på desse møta, den andre delen er dagboksnotata ho skreiv undervegs i terapien. I samtalane med Freud jobba dei mykje med draumar og syner, og kjensler knytt til forskjellige minne og objekt. Tekstane er fulle av referansar til klassisk litteratur, historie og gresk mytologi. Og sjølv om eg rusta meg med referanseverk, så var denne boka ei tung oppgåve for ein fersk omsetjar. Steget var stort frå å jobbe med knappe dikt til desse store tekstmassane. Dei inneheldt i tillegg både openlyse og skjulte referansar til svært mange forskjellige fagfelt. Språkvaskaren brukte vekevis på å gå gjennom manuset, og da eg fekk det att, såg det ut som sidene var dyppa i raudt blekk. Arbeidet til ein god språkvaskar kan ikkje overvurderast. Spesielt viktig er det å ha gode språkvaskarar på omsette bøker – fortrinnsvis ein som også sjekkar originalteksten opp mot manus. Eg kan ikkje seie anna enn at rundjulinga eg fekk under dette omsetjaroppdraget var svært lærerik, og Freud: ei erindring blei riktig bra til slutt. Men eg tvilar på om forlaget ville ha bedt meg om å omsetje verket dersom dei hadde visst kor lang tid eg kom til å bruke, og kor store ressursar dei måtte investere i ei så pass smal utgiving. Den siste store omsetjinga mi var av erindringsromanen til rockelegenda Patti 90


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.