FÔRING
Suksess med fri tilgang på kraftfôr etter lamming Vil du bruka tida like etter lamming på dyra heller enn på fôring, samt redusera stressnivået ved kraftfôrtildeling? Då kan fri tilgang på Formel Sau Intensiv vera ei god løysing.
L fôring.
amminga er ei travel tid og då er det viktig å disponera tida best mogleg. Det er lurt å investera i oppfølging av mor og lam, men alt tek si tid – også
Fleire sauebønder har dei siste åra prøvd ut fri tilgang på Formel Sau Intensiv i tida like etter lamming. Bakgrunnen for dette er primært eit ynskje om å bruka tida på lamma heller enn på fôring, samt å redusera stressnivået som oppstår ved kraftfôrtildeling.
Suksessfaktorar For å lukkast med fri tilgang på Formel Sau Intensiv er det viktig med: Tilvenning til kraftfôr: Det er viktig at søya er tilvent kraftfôr slik at vommikrobane toler overgangen til høgare kraftfôrrasjon. Søya bør i alle fall ha fått meir enn 0,5 kg kraftfôr dei siste vekene før lamming. Tilgang til kraftfôr: Når det er kraftfôr tilgjengeleg heile tida blir sauene avslappa og kampen om fôret forsvinn. Difor er
det svært viktig at det ikkje går tomt. La det alltid vera kraftfôr i bøtta/auto maten, slik at det ikkje blir ein avgrensa ressurs. Vatn: La det alltid vera tilgang på reint vatn i rikelege mengder. Med auka kraftfôropptak aukar også vassopptaket. Vatn er det billigaste fôrmiddelet og det er det lov å sløsa med. Hugs at hygienisk kvalitet er viktig for eit godt vassopptak. Grovfôrmengd og -kvalitet: Det bør alltid vera tilgang på grovfôr av god kvalitet. For at vomma skal fungera må søya få i seg nok fiber. Difor er det viktig at fôret er smakleg, av god hygienisk kvalitet og med riktig fiberkvalitet (ikkje veldig grovt, men heller ikkje NDF under 500 g/kg TS). I tillegg er det viktig at det er nok eteplassar slik at alle faktisk har tilgang til fôret. God vårvekt er viktig for haustvekta Ved å gje fri tilgang blir det konsumert mykje kraftfôr i ein kort periode, men som kjent gjev høg vårtilvekst påfølgande høg hausttilvekst. Ein god start er svært viktig. Riktig fôring av søya rett etter lamming kan redusera trongen for oppfôring av lam på hausten. Bøndene som har prøvd dette melder om følgande erfaringar: • Stressnivået rundt fôring forsvinn • Klemskadar på lam ved fôring uteblir • Lamma et i lag med mora og får difor tidlegare utvikla vomfunksjon • Søyene konsentrerer seg om å eta, kvila og ta seg av lamma • Søyene produserer meir mjølk og lamma blir jamnare, spesielt i store kull • Det fungerer best ved høgt lammetal (søyer med få lam greier seg godt på eit tradisjonelt opplegg) • Ved overgangen til beite ved tidleg beiteslepp kan Formel Sau Intensiv stabilisera fôrrasjonen og hindra dropp i tilvekst.
ekst: Jenny Johnsen, T fagrådgjevar
42
SAMVIRKE
#02 2020