Hardangerfjordmagasinet nr 1 2020

Page 56

KUNST OG NATUR I ØVRE EIDFJORD! I ein eigen kinosal viser vi samspelet mellom kunst og natur. I meir enn 250 år har norske landskap vorte inspirert av mange kunstnarar. Dei flotte formasjonane av fjordar, fjell og fossefall over heile landet

har kome til utrykk i måleri, trykk og andre media. Professor i kunsthistorie Gunnar Danbolt viser oss samanhengen og forteljinga om mennesket si forståing av naturen gjennom målarkunsten.

EI OPPLEVING UTANOM DET VANLEGE 25 år med oppleving og kunnskap om Norsk natur, klima og miljø. 1.4 millionar gjester frå fjernt og nær har vitja senteret. I dramatisk og vakker vestlandsnatur ved foten av Vøringsfossen og oppstiginga til Måbødalen, sentralt ved riksveg 7 i Eidfjord, finn du Norsk Natursenter Hardanger. Senteret har som føremål å samle og spreie kunnskap om samspelet i naturen, og belyse relasjonane mellom natur og menneskeleg verksemd. Senteret si oppgåve er å skape eit nært møte mellom naturen og det moderne mennesket. 56

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2020

NORSK NATURSENTER Hardangervidda Natursenter Eidfjord vart etablert i 1995. "Dette stedet er et smykkeskrin med de edleste søljer og skattar frå norsk natur", sa HM Dronning Sonja då ho opna senteret 28. mai 1995. Våren 2018 skifta senteret innhald og namn til Norsk Natursenter - Hardanger. Senteret er eit spennande opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø og eit autorisert besøkssenter for Hardangervidda nasjonal park. 01. april 2018 vart det lansert eit heilt nytt utstillingskonsept med moderne design og nyskapande formidlingsteknologi. Utstillingane er utarbeida av Sarner International Ltd i London i nært samarbeid med norske forskarar innan fagfelta som vert presenterte i utstillingane. Den nyskapande formidlingsteknologien er ei oppleving for heile familien og målet er at eit besøk ved Norsk Natursenter skal være ei spennande, triveleg og lærerik oppleving for alle aldersgrupper!

Senteret har ein spektakulær panoramafilm "Fjord Fjell og Foss" regissert av Ivo Caprino som tek deg med på ei flott oppleving mellom høge fjell og djupe fjordar, med nervepirrande helikopterstup over bratte juv og mektige fossefall, samt rolege, poetiske sekvensar mellom fjellvatn, brear og reinsdyr og originalkomponert musikk. Lydbiletet er sterkt, vemodig og lyrisk, akkurat som filmen. Over tre etasjar kan gjestene utforske utstillinga som er bygd opp som ei tidsreise frå 2,9 milliardar år sidan og fram til i dag i form av interaktive stasjonar, bergartar, mineral, fossil, modellar, akvarium, temavideoar og illustrasjonar. På spektakulært vis kan ein oppleve delar av naturfotograf Arne Nevra sine beste filmar om dyre- og fugleliv.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.