KYRKJELYDSSEKRETÆR OG KLOKKAR ODDBJØR HEIMARK
Ord for påsken
For ein del år sidan tok eg turen til gravplassen der nokre i famelien er gravlagt før eg reiste heim til mor mi. Då eg kom heim møtte eg ein av ungdomane i slekta og kommentaren hans var "Å, Søren, eg ville ha vore med". Vedkomande er mest alltid omgitt av musikk og tilkopla diverse duppedittar på øyra. Neste dag tok me turen begge to. Han sette seg på benken rett innom porten og eg merka at no vart eg ganske irritert. Heldigvis unngjekk eg å seie noko, men undra meg over kvifor han eigentleg skulle vera med. Sjølv hadde eg jo vore der dagen før. Eg tok meg heldigvis god tid og gjekk til nokre andre kjente graver før eg kom tilbake til benken. Då var kommentaren hans: "Her er det alltid godt å vera. Har du merka kor stilt det er på ein gravplass."
No livnar det i lundar No livnar det i lundar, no lauvast det i li, den heile skapning stundar no fram til sumars tid Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord og atter som eit under nytt liv av daude gror. Du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song, du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong. Då me med vigsla tunge, med kjærleik heil og klår, alt utan best og sprunge skal lova Herren vår!
Den kommentaren har eg hugsa på fleire gonger det siste året. Ikkje på ein gravplass, men elles i samfunnet. Kor stilt det har vore. Eit år har gått med nedstenging. Eit år har gått med at alt vert bra. Eit år har gått der mykje har vore annleis. Men me har klart det. Styresmaktene har gjort så godt dei har kunna. Unge og eldre har høyrt etter når noko er stengt ned eller opna litt opp etter kvart som smitten har kome og gått i bygdene våre. Ein ny vår står for døra. Dagane vert lengre og temperaturen stig. Snøklokker og krokus kjem fram så fort snøen forsvinn. Dette er noko som gjentek seg kvart einaste vår. "nytt liv av daude gror" skriv Blix. Eg har sett det med eigne auge, og i år etter dette annleis året. Mykje har vore annleis. Mykje vil vera annleis ei tid framover, men at våren kjem med lysare dagar, naturen vaknar til liv og at me skal feira påske i små eller større grupper er sikkert. Framleis treng me å ta oss tid til å vera stille innimellom. Reflektera over livet og visa takksemd over kva me har og kor heldig me er som får bu her me bur.
HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021
I
45