Hardangerfjordmagasinet nr 1 2021

Page 9

– HØGDEPUNKTET PÅ LUNDENESET VAR INTERNATLIVET Hilde Tomassen Skartveit (22) frå Odda og Daniels B. Zaurins (18) frå Ålvik angrar ikkje på at dei valde alternativt då dei skulle begynna på vidaregåande. – Eg høyrde om Lundeneset gjennom vener eg hadde møtt på leir. Me var fleire som bestemte oss for å søka, og det trakk opp at det var ein kristen, vidaregåande skule, seier Hilde Tomassen Skartveit, som var avgangselev våren 2017. Heilt nord i Rogaland, så tett opp i Vestland fylke som du kjem, ligg den privateigde vidaregåande skulen Lundeneset. På denne skulen går det ungdommar frå heile landet, for skulen har nemleg dei fleste av elevane buande på internat. Lundeneset tilbyr programområda studiespesialisering, og yrkesfaga IT og medieproduksjon og sal, service og reiseliv. Sjølv om nokre ønskjer læretid etter to år med yrkesfag, er det mange som held fram i VG3 påbygg på Lundeneset. – Det var eitt av søskena mine som tipsa meg om skulen. Det var den internatskulen som låg nærast heime, og eg bestemte meg for å søka. I tillegg hadde eg ein kamerat frå Tørvikbygd som gjekk året over meg, seier Daniels B. Zaurins. HEIMEFRÅ, MEN ALDRI ÅLEINE Å flytta på internat kan skildrast som ein mellomting mellom det å flytta heimefrå, og det å flytta på hybel. På Lundeneset bur du saman med mange andre, på anten einerom eller dobbeltrom. For dei fleste betyr det altså at du er heimefrå, men ikkje åleine – ei setning som også har festa seg som Lundeneset sitt motto. Elevane får frukost, lunsj, middag og kvelds. På skuleområdet er det fleire internatbygningar. Det siste internatet stod ferdig etter totalrenovering no i 2021. På alle internata er det eigne kjøken og små stover. – Noko som kjenneteiknar Lundeneset er det gode miljøet. Internatlivet er kjekt, og det skjer mykje sosialt, seier Daniels, som går studiespesialisering og er avgangselev dette skuleåret. Han skildrar internatlivet som litt meir bedageleg enn å bu på hybel: – Det er nok litt meir chill med internat. Me kjem til

dekka bord og slepp å tenkja på matlaging sjølv, seier Daniels og dreg på smilebandet. Hilde opplevde det spennande og kjekt å gjera noko annleis då ho skulle velja vidaregåande: – Eg treivst veldig godt på Lundeneset. Eg gjekk studiespesialisering, for det var viktig for meg med tanke på vidare studium. Undervisninga var kjekk og variert, men høgdepunktet var internatlivet, fortel Hilde, som i dag bur og studerer i Bergen. Ho legg til at det var godt å vita at det berre var ein god time heim til Odda. – Hadde skulen lege lenger unna, hadde eg nok ikkje søkt. Det var viktig og godt for meg å ha moglegheit til å reisa heim i helgene. Også Daniels er oppteken av at Lundeneset ikkje låg altfor langt heimefrå, sjølv om han nok må berekna litt meir tid når han vil heim til familien sin. VARIERT FRITID Lundeneset ligg idyllisk til ved Ølsfjorden i Vindafjord. Her er sjøen og fjella rett utanfor ytterdøra. Dette gir gode moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar heile året. I vinterhalvåret ligg skiløypene 20 minutt unna. Den privateigde internatskulen kan også skilta med eit mangfaldig fritidstilbod. Mykje av dette sørger elevane sjølv for. Det kan til dømes dreia seg om talentkveldar, sosiale happeningar, turneringar eller turar. I tillegg har skulen to aktive fotballag: Eit gutelag (G19) og eit jentelag (J19).

Begge laga deltar i seriespel i Rogaland fotballkrins. Sidan skulen har ein kristen profil, har også elevane høve til å delta i bibelgrupper og møte på fritida. – Men du treng ikkje vera kristen for å vera elev på Lundeneset. Skulen har elevar med forskjellig tru, opplyser fritidsleiar Håvard Brekkå. – Mange elevar vel å delta på det kristne tilbodet utanom skuledagen, men dette er frivillig, understrekar han. Han legg til at ei kristen forståing av verkelegheita og kva eit menneske er, er noko som er sentralt for Lundeneset. – Samtidig er det viktig for oss at alle elevar blir inkludert og respektert, same kva tru ein måtte ha, seier Brekkå. Daniels visste tidleg at det var internatskule han ville gå på. I løpet av åra har han vore aktiv med på både bibelgrupper og møte. FRAMLEIS GOD KONTAKT I dag, snart fire år etter at ho var russ, ser Hilde tilbake på tre år med godt miljø, og alt det kjekke dei fann på i lag: – Eg har framleis god kontakt med fleire av dei eg gjekk saman med. Eg vil påstå at ein blir betre vener når ein bur på internat saman. Ein lever jo på ein måte livet saman i tre år, både på godt og vondt, seier ho. Også Daniels veit å verdsetja mange nye menneske i livet sitt: – Eg har blitt kjend med mange og fått mange nye vener i løpet av snart tre år på skulen, avsluttar han.

LUNDENESET

• Kristen privatskule med internat i Vindafjord kommune • Ligg i Ølensvåg, ca 1 t og 15 min frå Odda, 40 minutt frå Haugesund • Eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) • Tilbyr studiespesialisering, IT og medieproduksjon, service, sal og reiseliv, og påbygging. • Følgjer offentlege læreplanar og eksamensordningar • Ca. 190 elevar og 50 tilsette • Les meir og søk skuleplass her: www.lvs.no/soke HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021

I

9


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

HAUGALAND KRAFT I SUNNHORDLAND

3min
pages 78-79

ODDA ENERGI

2min
pages 80-81

STATKRAFT

6min
pages 74-77

VESTLANDS ENERGI

0
pages 72-73

SKL - 75 ÅRING MED TRU PÅ FRAMTIDA

3min
pages 66-67

BKK

6min
pages 68-71

ELEKTRISK KRAFTFORSYNING

3min
page 64

ENERGI TEKNIKK

2min
page 65

NORWATER

2min
pages 60-61

VATNET SIN VERDI

1min
pages 58-59

EIDE FJORDBRUK

3min
pages 62-63

SVAR PÅSKEQUIZ

0
page 57

SJUSETE SKISENTER

3min
pages 52-53

KVINNER PÅ RANDEN

2min
pages 55-56

KNUDSEN DØRFABRIKK

4min
pages 50-51

TASTE HARDANGER

1min
page 49

HARDANGER INTERNASJONALE SIDERFEST

2min
page 48

ORD FOR PÅSKEN

10min
pages 45-47

GRISEN SIN LAGNAD

7min
pages 40-44

BONDEKOMPANIET

1min
pages 12-13

SLAB

2min
page 27

NÆRT VILLE DYR

6min
pages 28-33

LUNDENESET VIDEREGÅANDE SKULE

5min
pages 9-10

VIDAR EIDE - LANDETS ELDSTE MANN

18min
pages 20-25

HELSE I HARDANGER

3min
page 19

ROSENDAL HAMN

1min
pages 38-39

HARDANGER MILJØSENTER

1min
page 26
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.