Desse elevane er garantert jobb
Mangelen på helsefagarbeidarar er stor og kommunane understrekar behovet.
Mangelen på helsefagarbeidarar er stor og kommunane understrekar behovet.
Temabilag for Nordfjord
februar 2023
Stryn vgs. har ei levande kantine. Det vert lagt stor vekt på å gjere kantina til ein innbydande, sosial og trygg stad å vere.
Kvar morgon står kantina klar med gratis frukost til alle eleva-
med ulike tema og vere tilgjengelege for spørsmål og gje råd.
Bli kjent-dag
Fredagen i første skuleveka er ein merkedag ved Stryn vidaregåande skule.
– Då har vi Bli kjent-dag for heile skulen. Då handlar det om skulemiljø og det å bli betre kjent på tvers og utanfor klasserommet, fortel miljøkoordinatoren.
– Her er alle engasjert og i sving. Vg3 organiserer kjekke samarbeidsaktivitetar, mentorar og kontaktlærarar følgjer klassane rundt om på stasjonar og tilsette grillar og serverar god mat og drikke. Denne dagen er den beste avslutninga på ei elles så hektisk første skuleveke.
ne. Her får dei servert nykokt havregraut, brødmat med godt pålegg og yoghurt med ulike gryn for dei som ønskjer det. Eit populært tiltak, viser oppslutninga. Elles dannar gode varmrettar, salatbar og heimelaga bakverk eit godt grunnlag for all aktivitet som går føre seg i dette hjartet av skulen.
Hybelbuarane får servert gratis middag med dessert fleire gonger i månaden. Miljøkoordinator, rådgjevar og kantinepersonalet står bak dette tiltaket.
I kantina finn ein biljardbord, bordtennis og airhockeybord som skapar nye vennskap på tvers av trinn og retningar. I tillegg er det temadagar med leik
Det vert lagt stor vekt på ivaretaking av elevar, både hybelbuarar og heimebuande, ved skulen. Team for elevteneste med helsesjukepleiar, rådgjevarar, miljøkoordinator og miljørettleiar er til dømes tilgjengeleg for samtaler og støtte for elevane til ei kvar tid.
Elevmentorar
– Innleiingsvis i året har vi stort fokus på klassemiljø. I framkant av skuleåret har vi utdanna elevmentorar som er med på å ta i mot dei nye elevane. Desse mentorane er elevar som har søkt om å få oppdraget, dei gjekk sjølve på vg1 året før, og kjenner såleis til ein del av problemstillingane knytt til det å vere ny på ein skule. Vi har 2–3 mentorar per klasse, fortel Dispen.
Desse er med frå første skuledag. Dei tek i mot dei nye, viser dei rundt og gjennomfører Bli kjent-aktivitetar i klasseromma, og fungerer som ei god støtte saman med kontaktlærar. Klassen dei har fått ansvar for skal dei følgje opp gjennom heile skuleåret, gjennomføre klassebesøk
Elevstyrt skule
Skulen har desse tilboda: Byggog anleggsteknikk, Tømrar og betongfag, Helse- og oppvekstfag, Helsearbeidarfag, Kombinasjonsklasse, Sal, service og reiseliv, Teknologi- og industrifag, Transport- og logistikkfag, Studiespesialisering og Landslinje i skiskyting.
No er det snart duka for vårens største eventyr ved Stryn vgs.: Elevstyrt skule.
– Dersom du sit i elevrådsstyret ved Stryn vidaregåande skule betyr det at du utgjer leiinga av elevstyrt skule. I to dagar leier elevane skulen heilt åleine, fortel miljøkoordinatoren.
– Dei tilsette reiser bort. Vg3 studie og vg2 yrkesfag er då ansvarlege for å undervise, drive kantine, reinhald og drift – alt som høyrer med i ein skulekvardag. Og dei er så dyktige!
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.noELEVMENTOR: Viktig for trivsel og tilpassing for nye elevar.
– Kvar morgon står vi i døra og ønskjer elevane velkomne med eit smil og eit «god morgon». Det å føle seg sett gjer noko med oss alle, seier miljøkoordinator Therese Dispen ved Stryn vidaregåande skule
og moro, der lette konkurransar og sosiale aktivitetar skal bidra til eit positivt og samlande skulemiljø. Her går det i alt frå Hawaiiog beachparty, til rosa dag og afterski. I tillegg markerer ein alt frå uhøgtidlege dagar som vaffeldag, til meir viktige dagar med fokus på psykisk helse og trafikktrygging.
Juleballet ved Stryn vidaregåande skule vert omtalt som ei magisk oppleving, med festpynta kantine dekt til fest. Vg2 og vg3 bidreg på ulike måtar, frå rigging til pynting og program. Tilsette lagar alt av mat og er kveldens servitørar og vertar.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
Trafikktryggingsdagen er ein stor og viktig dag ved Stryn vidaregåande skule. Dagen er eit samarbeid mellom skulen, naudetatane, helsefag og Statens vegvesen. Her får elevane bevege seg gjennom åtte ulike stasjonar, alt frå hjarte-lungeredning og hjartestartar til å vere først på ulukkesstaden med politi, brann og ambulanse. Alle elevane får vere vitne til ei simulert ulukke der naudetatane undervegs viser og forklarar korleis dei går fram for å berge ut menneske i ei bilulukke.
Elevar frå Sogn og Fjordane som søkjer ambulansefagutdanning får no ekstrapoeng. –Veldig bra, seier helsearbeidarelev Aslak Sætre ved Stryn vidaregåande skule.
Aslak Sætre frå Nordfjordeid går i dag på Vg2 helsearbeidarfag ved Stryn vidaregåande skule. Han hadde eigentleg tenkt å gå Vg2 ambulansefag, men var ein av dei frå Sogn og Fjordane som ikkje kom inn.
Etter fylkessamanslåinga måtte elevar frå Sogn og Fjordane konkurrere med elevar frå heile resten av Vestland om plassane på Mo og Jølster vidaregåande skule.
No skal elevar frå Sogn og Fjordane prioriterast ved Mo og Jølster vgs., medan elevar frå Hordaland skal prioriterast ved utdanninga i Os. Neste skuleår vil Aslak søkje på nytt, og håpar då å få starte på ambulansefagutdanninga.
– Trur du denne nye ordninga vil føre til at ein får fleire lærlingar i Helse Førde?
– Ja, det trur eg. Eg ønskjer sjølv å vere lærling i heimdistriktet, og håpar på å bli lærling for Helse Førde heime på Eid ein gong i framtida, seier han.
Vil hjelpe menneske
– Kva er det som gjer at du gjerne vil ta ambulansefag?
– Eg har lyst til å hjelpe menneske. Og så er det sjølvsagt dette med at det er ein variert kvardag, ingen arbeidsdagar er like.
– Er det nokon i familien din som jobbar i ambulansebransjen?
– Ikkje på ambulanse. Men
eg har onkel og søskenbarn som jobbar innan helse.
Læretid nærare heime
Fylkeskommunen og Helse
Førde har i mange år hatt ein samarbeidsavtale om å rekruttere seks lærlingar i året til ambulansefaget. Elevane har gått på Mo og Øyrane vidaregåande skule, og etter fullført vg2 har dei vore dei garantert læreplass i Helse Førde.
Samanslåinga til Vestland fylkeskommune har endra dette. Mange frå Hordaland søkjer seg også til Mo og Øyrane vidaregåande skule. Men dei vil ikkje nødvendigvis ha læretida si her, mange av dei vil ha læretid eller vidare utdanning nærare heime og ikkje hos Helse Førde.
Dette vil føre til at søkjarar frå Sogn og Fjordane blir prioritert.
Aslak Sætre
– Siste år var det berre ein av seks elevar som ville ha læretid i Helse Førde. Dermed får dei ikkje nok lærlingar i ambulansefaget, fortel fylkesordførar Jon Askeland.
100 ekstrapoeng
Lærlingane til Helse Førde får læretid med geografisk spreiing på seks ambulansestasjonar: Vågsøy, Nordfjordeid, Florø, Førde, Sogndal og Lærdal.
ILLUSTRASJONSFOTO
– Geografisk plassering kan vere avgjerande for å inngå lærekontrakt ettersom mange lærlingar ønskjer læreplass nær heimstaden, seier fylkesordføraren.
For å sikre Helse Førde lærlingar har fylkestinget difor vedteke å gje 100 nærskulepoeng til søkjarar frå Sogn og Fjordane til utdanninga på vg2 i ambulansefag i Førde. Tilsvarande skal søkjarar frå Hordaland få 100 nærskulepoeng ved søknad til utdanninga i ambulansefag i Os.
– Dette vil føre til at søkjarar frå Sogn og Fjordane blir prioritert til utdanninga i Førde. Dermed kan vi oppfylle samarbeidsavtalen med Helse Førde, slik at dei kan få tilstrekkeleg med lærlingar i ambulansefag, seier Askeland.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
• Eg har lyst til å hjelpe menneske. Og så er det sjølvsagt dette med at det er ein variert kvardag.FORNØGD: Elevane set pris på ordninga for ambulansefag. VELDIG BRA: Aslak Sætre frå Nordfjordeid vil søkje ambulansefag, og synest det er veldig bra med den nye ordninga. Her saman med delar av Vg2 helsearbeidarklassen ved Stryn vgs. F.v. Markus Erstad Hole, Emilie Selstad, Pernille Alette Fløtre, Maria Cecilie Nesheim Aardalsbakke, Mathilde Tvinnereim Fjellvang, «Jens» (naturleg innslag i helsefagklassen) og Zainab Ali Al-Najris. FOTO: GUNNHILD SINDRE
Geir Ola Tvinnereim har gått ein spennande veg vidare etter studiespesialiserande ved Stryn vidaregåande. – Eg hadde tre fantastiske realfagslærarar som inspirerte meg til å gå vidare med teknologi og realfag, seier honndølen som valde sivilingeniørstudiet Kyberteknikk og robotikk ved NTNU.
Han har alltid vore teknisk interessert og hatt ein metodisk tankegang.
– Nysgjerrigheita har drive meg til å utforske og studere nye fagfelt. På ungdomsskulen var eg skuleglad, så når den tid kom var studiespesialiserande eit klart val for meg å ta, seier Geir Ola.
Halde mogelegheitene opne
– Tankar om kvar eg ville ende opp etterpå hadde eg eigentleg ikkje gjort meg, men for å kunne halde moglegheitene opne såg eg det fornuftig å velje realfag, fortel han.
Ved å velje både matematikk, fysikk og kjemi fekk han også ytterlegare to realfagspoeng som kom til nytte då han søkte vidare utdanning.
– På Stryn vidaregåande hadde eg tre fantastiske realfagslærarar, Ann-Cristin Sanden, Odd Nygård og Ola Berge, som inspirerte meg til å gå vidare med teknologi og realfag. Eg kjende meg ikkje nøydd til å ta høgare utdanning, dersom eg ikkje kom inn på eit interessant studium kunne eg når som helst finne på noko anna å gjere. Den fridomen ein får ved å ha spesiell studiekompetanse var noko eg sette veldig pris på tilbake i 2018, seier han.
– For det er absolutt ikkje sjølvsagt å vite kva ein vil gjere med livet i ein alder av 19 år!
Interessa vekt på vgs.
Med bakgrunnen frå studiespesialiserande i Stryn valde han å sjå mot teknologistudia på Gløshaugen, NTNU i Trondheim.
– Desse studia er både tverrfaglege, godt etablerte og velrenommerte. Eg enda med å starte på sivilingeniørstudiet «Kybernetikk og robotikk», eit val eg ikkje ha angra på.
– Kva er kybernetikk?
– Kybernetikk kjem frå det greske ordet kubernets, «styrmann», og er vitskapen om dynamiske system og korleis ein kan styre desse automatisk. Ein kybernetikar brukar datatekniske og elektroniske verkemiddel til å oppnå ein ønska oppførsel på eit fysisk system. Mange ser nok fagfeltet i samband med avansert teknologi som robotar og sjølvkøyrande (autonome) bilar, men vi nyttar slike løysingar kvar einaste dag utan at vi eigentleg er heilt klar over det, seier Geir Ola.
– Som når du skrur på bakaromnen på 200 grader. Då har du forventningar om at omnen blir 200 grader varm og ikkje 150 grader, og det er termostaten
I TYSKLAND: Geir Ola var utvekslingsstudent i Tyskland, noko som gav han både solide tyskkunnskapar, spennande studium og mange gode vener – pluss eit godt springbrett til å jobbe i utlandet seinare. BEGGE
som står ansvarleg for å realisere dette ønsket. Dei same kybernetiske prinsippa som blir brukt til å styre temperaturen i dette tilfellet, finn ein også att i styringa av meir komplekse system som fartøy, satellittar, rakettar etc.
Geir Ola sitt første møte med kybernetikken var på ekskursjon til Årdal med kjemiklassen på Stryn vgs.
– Det var to interns hos Norsk Hydro som presenterte studieløpet, og eg vart ganske sjokkert over at det var mogeleg å ta ei slik utdanning i Norge, seier han.
Gjennom studierettleiar fekk han meir info og karriererådgjeving.
Deltidsjobb i fagstaben
Geir Ola rosar studentmiljøet med fadderveka, skihelg i Åre, studentfrivilligheit med UKA, Samfundet og alt anna Trondheim har å by på. Han skryt også av ingeniørstudia der.
– Studieløpet er krevjande, med mange innleveringar og laboratorieoppgåver. Fleire ingeniørdisiplinar må lærast og meistrast i løpet av studiet, seier han.
– Bildet viser til kretsen og kontrollpanelet (joystick) vi kopla saman til eit tilpassa datasystem – eit pingpong-spel, fortel Geir Ola.
Normalt har det vore eitt eller to prosjekt som skal gjennomførast i semesteret.
– Som student har eg mellom anna programmert heisar, designa eit kontrollsystem for eit modell-helikopter og kopla saman og laga programvare for eit pingpong spel!
Alle laboratorieoppgåvene er tverrfaglege og gjort i grupper. På den måten blir ein tidleg introdusert til ingeniørarbeid i studiet.
– Ei ekstra gulrot for å vise gode resultat i eit fag, er at ein seinare kan skaffe deltidsjobb i fagstaben. I ein slik jobb kan ein vere med å utvikle faget vidare og vegleie eller undervise nye studentar. Slike assistentjobbar har eg mellom anna teke på meg for å få eit avbrekk og litt betre økonomi i kvardagen, fortel Geir Ola.
Utveksling og Interrail
I løpet av studiet er det også mogelegheiter for å reise på utveksling. NTNU har samarbeid med ei rekke universitet, og Geir Ola valde å reise til Technische Universität München, TUM.
– Dette er eitt av dei beste tekniske universiteta i Europa. Ved sidan av studia brukte eg dette året til å oppleve utlandet, reise og lære kultur og språk. Når eg ser tilbake så er det det mest intensive året eg har opplevd hittil, seier han.
Saman med venene han fekk gjennom opphaldet reiste han på Interrail igjennom Sentral-Europa, og mot slutten av året hadde han vore innom heile tretten land.
Ekstra kjekt var det å møte på studievener og dermed ha eigen guide.
– Den tyske kulturen og språket vart eg kjend med ved å bu i kollektiv med tre tyskarar og ta språkkurs ved sidan av. Det var nærast ei karakterskapande oppleving å tore å flytte utanlands, dette er noko eg anbefaler alle på det sterkaste å gjere. Eg synest det er skikkeleg stas å ha eit tysk nettverk å kome tilbake til, og utvekslinga er noko eg ikkje skulle vore forutan.
Vegen vidare?
– Kvar går vegen vidare for deg?
– Å studere i 2023 gjev deg eit hav av moglegheiter, og eg skulle gjerne ha gjort meir i løpet av studietida mi. For tida går eg sisteåret og skriv masteroppgåve for energiselskapet Equinor. Eg er generelt utruleg fornøgd med studieløpet mitt, og alt eg har fått gjort i løpet av dei siste fem åra i Trondheim og München. Vegen vidare etter enda utdanning er endå uviss, seier Geir Ola.
– Ei mastergrad opnar mange dører med jobbmoglegheiter over heile landet, også utanlands. Så når spørsmålet melder seg «er du fornøgd med ditt utdanningsval?» kan eg ikkje gjere anna enn å svare «ja, absolutt»!
– Personleg brukte eg lang til på å sette av nok tid til meg sjølv og å strukturere kvardagen. Men trass i vanskelege fag har eg alltid funne problemstillingane interessante som har gitt meg motivasjon til å jobbe vidare.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.noVil du vere med å byggje og drifte framtidas straumnett?
Sjå sfe.no for meir informasjon om stillinga
Søknadsfrist: 15.03
• Elektrikarfaget
• Energimontørfaget
• Tavlemontørfaget
• Telekommunikasjonsmontørfaget
• Automatiseringsfaget
• Dataelektronikarfaget
SIKKER JOBB OG GOD LON I EIN FRAMTIDSRETTA BRANSJE MED stor TEKNOLOGISK UTVIKLING
Er du på utkikk etter læreplass? Har du lyst på ei spennande framtid med bygging og drift av Linja sine straumnett?
Linja AS er godkjent lærebedrift innan energimontørfaget. Energimontøren jobbar med feilretting, vedlikehald og nybygg.
Kvart år tilset vi fleire nye lærlingar ved våre montørbasar i regionen. I år søker vi lærlingar i Gloppen, Askvoll og Stad.
For søknad og meir informasjon om stillinga sjå linja.no
Søknadsfrist 15.mars 2023.
linja.no
nordfj@fjt.no
57 84 90 00
Vi gir deg folk i Nordfjord på papir, nett og mobil – kvar dag, heile døgnet.
Med nytt skulebygg til 45 millionar på veg håpar skuleleiinga ved Fagskulen
Måløy at fylket opnar for fleire maritime klassar ved Måløy vidaregåande skule. Administrativ leiar Inger Vedvik
Nygård ved fagskulen peikar på moglegheitene som opnar seg i og med at Vestland fylkeskommune har vedteke å bygge eit nytt og større bygg til fagskulen.
– Då håpar vi at vi også kan starte opp nye linjer. Vi har godkjenning for studiet Leiing i havbruksoperasjonar, men har ikkje plass til å starte opp dette
studiet i dei lokala vi har i dag.
Skulesenteret på Tennebø, med vidaregåande skule og høgskule samlokalisert, kan bli eit kraftsenter innan maritime og marine fagutdanningar, trur ho.
– Det er ein veldig etterspurnad etter både dekksoffiserar og maskinoffiserar. Vi på fagskulen skulle ønskt at fylket oppretta
fleire maritime klasser ved MVS. Med kombinasjonen vidaregåande skule, lærlingordningar og den maritime fagskulen kan lokal ungdom ta heile utdanningsløpet sitt i Måløy og ende opp i godt betalte jobbar, ofte med gode turnusordningar, seier ho.
GJERT MYRESTRAND gjert@fjt.noAydan, Noodee, Tumas og
Vitalii er glad for at redigering og programmering er ein stor del av skulekvardagen deira.
Aydan valde informasjonsteknologi og medieproduksjon fordi han er mest interessert i data og programmering.
– Og fordi nokre lærarar har sagt til meg at eg er flink i programmering, smiler Aydan Molenaar, og legg til:
– Eg har ikkje angra på valet.
Han er likevel usikker på kva han kjem til å jobbe som seinare, men er ganske sikker på at data kjem til å vere ein stor del av arbeidsdagen.
Styrer mykje av tida sjølve – Eg har lyst på ein jobb der eg kan jobbe heimafrå og styre mi eiga tid. Derfor er dette utdanningsprogrammet eit godt val, seier Noodee Phongsai.
Ho liker godt måten arbeidet dei skal gjere blir lagt opp på.
– Det er så fritt og ein får gjere det ein vil og som ein synest er interessant. Vi finn blant anna eigne prosjekt som vi får tilbakemelding på, seier ho.
Tumas Slizys er einig:
– Prosjekta kan handle om programmering, redigering, filmproduksjon, plakatlaging
eller foto til kampanjar. Det er ganske kjekt.
Vitalii Harnaha kom til Norge frå Ukraina for berre eitt og eit halvt år sidan og liker seg godt.
– Det er mykje som er kjekt. Eg er glad i å jobbe med Photo Shop og redigering, og så synest eg det er interessant å lære nye språk. No har vi begynt å lære JavaScript, seier han.
Nokre jobbar med å lage spel og snart skal dei lage appar.
– Det er ganske tungt å lage spel fordi det tar lang tid å programmere, seier Tumas.
Trivst på hybel og på skulen Han og Aydan kjem frå Bremanger, medan Noodee kjem frå Stryn. Alle tre bur på hybel, medan Harnaha bur i Måløy.
– Det er ganske kjekt å bu på hybel her. Men vi bur i Blålid så av og til er det litt langt å gå til skulen, smiler Aydan.
– Og så er vi av og til på open skule og et middag, seier dei.
Elevane rosar klassemiljøet og føler dei er blitt godt kjende.
Vitalii snakkar framleis engelsk med klassevennane, men har lært ein del norsk. Og ti-
mane er på norsk. – Då lærer eg også meir norsk. Men det er vanskeleg å forstå av og til, men viss det er noko eg ikkje forstår, så spør eg lærarane og dei forklarer meg det alltid. Klassemiljøet er også bra, eg har ikkje sett nokon vere stygge med andre.
KJELLRUN ÅSEBØ kjellrun.asebo@fjt.no
Når elevane på fiske og fangst ved Måløy vidaregåande skule startar i august er det med eit flunkande nytt opplæringsfartøy.
– Båten skal vere ferdig 30. juni. Så den kjem til Måløy i byrjinga
av juli og vil vere klar til skulestart, seier rektor Ellen Jåvold.
Fartøyet som skal erstatte det gamle som no heiter «Skulebas Senior» er 38 meter lang og båten har ei breidde på 10,5 meter.
Nye Skulebas blir utrusta med trål, line, snurrevad og garn, noko som gir mange moglegheiter til sjøs. Det er elevane på fis-
ke og fangst som i hovudsak kjem til å bruke båten, men også naturbruk, akvakultur og dei maritime linjene har noko bruk. Det nye opplæringsfartøyet kostar rundt 100 millionar.
– Dette er ei kjempeinvestering. Det er fylkeskommunen som står som eigar av båten, og så er vi så heldige at vi får lov til
å bruke den.
Med klasserom på sjøen får elevane vere med på mykje spennande. Mellom anna har elevar ved MVS sidan 2021 vore med på eit forskingsprosjekt som har ført til at forbodet mot fiske av pigghå er oppheva.
MARIANNE S. ROTIHAUG marianne@fjt.noElevane på YSK Helse ved Måløy vidaregåande skule er glade for at dei får lære veldig mykje om kroppen, prøve seg i ulike tenester, får teori og praksis hand i hand og ikkje minst at dei blir attraktive på arbeidsmarknaden.
Elevane som går andre året er på skulen tre dagar i veka og på jobb to dagar.
– God balanse
– Det at vi både går på skule og får vere i praksis er veldig kjekt, seier Andrea Carlson medan ho klipper til ein stomipose til mannen som ligg framfor elevane.
– Då får vi prøve ut det vi lærer, supplerer Malin Mäkäläinen Kassen.
– Det er ein veldig fin balanse. Du lærer noko på skulen, og så kjem du på jobb og får bruk for det. Og dersom vi gjer noko på jobb som vi ikkje heilt forstår kvifor vi gjer akkurat slik, kan vi også spørje på skulen og få forklaring der, seier Malin Solvang.
– Vi får rett og slett bruk for det vi lærer på skulen i praksis og det vi lærer i praksis hjelper oss på skulen, forklarer Lukasz
Cichoracki.
Er innom ulike tenester
Elevane får prøve seg og får erfaring i ulike tenester og elevane har fått sansen for dei forskjellige tenestene. Nokre liker best å jobbe med menneske som er ramma av demens, andre i omsorg, nokre i heimetenesta og andre igjen i miljøtenesta.
– Eg liker godt at det er stor variasjon i alt vi lærer. Vi lærer alt frå kommunikasjon med barn til korleis vi tar på ein sto-
mi, seier Malin Gangeskar Fure. Elevane har praksisplass i dei ulike kommunane dei kjem frå, og delar erfaringar og læring når dei er på skulen igjen. Dei diskutere utstyr, måtar å gjere ting på og velferdsteknologi.
– Vi lærer ting heilt klart ting med kvarandre, seier Aurora Lien frå Vanylven som har praksisplass heime.
Dei andre jobbar i Kinn kommune og Stad kommune.
– Dersom ein ser på alle fire åra har elevane praksisplassar både i Måløy og Florø i Kinn, i
Bremanger, i Selje og på Nordfjordeid i Stad kommune, i Stryn, i Gloppen, i Gulen og i Vanylven, forklarer lærar Elvida Grabus.
Mange ballar i lufta
Å gå YSK Helse betyr også mykje arbeid og at ein må dele seg mellom skule og jobb.
– Det er ein del arbeid. Men fellesfaga er tyngre enn helsefaga. Og i helsefaga får vi også hjelp av praksisen, seier Linnea Lillestøl.
Å vere ei lita gruppe i helse-
faga ser ikkje elevane på som noko negativt.
– Vi er berre åtte stykke og då blir vi godt kjende alle saman og det er lettare å samarbeide, seier Sandra Furenes Blålid.
Lukasz er einig:
– Eg har det veldig bra som einaste gut i klassa. Eg kosar meg og har god kontakt med alle. Dei er veldig inkluderande. Og å jobbe i helsevesenet er fint og dei treng menn, seier han.
– Får verdifull arbeidserfaring Norunn Stavø, kommunalsjef helse og velferd i Kinn kommune, forklarer at elevane som går YSK Helse stiller sterkt når dei skal vidare i utdanning og arbeidsliv fordi dei får både spesiell studiekompetanse og fagbrev og ikkje minst verdifull arbeidserfaring.
– YSK Helse på Måløy vidaregåande er eit viktig utdanningsprogram for Kinn kommune, og for rekruttering til fag- og høgskuleutdanna helsepersonell spesielt i Måløy-delen av Kinn. Kommunen samarbeider tett med skulen og deltar i YSKråd som er samansett av leiarar frå Nordfjord-kommunar. Kinn kommune tar imot mellom fem og sju nye elevar eller lærlingar kvart år som går på denne linja, alt etter kor mange søkarar som er frå Kinn, seier ho.
KJELLRUN ÅSEBØ kjellrun.asebo@fjt.no
To dagar i veka held Måløy vidaregåande skule ope etter skuletid. Her kan elevane ete middag, gjere lekser eller berre vere sosiale.
– Vi har alt mellom 15 og 30 elevar som kjem på open skule,
fortel miljøkoordinator Lillian Lyng ved MVS. På open skule får ein tilbod om gratis middag, ein har bordtennis, sjakk, brettspel og kort, ein kan spel i gamingrommet, bruke treningsrom eller buldre og ein har open verkstad og ope bibliotek. Det er også ofte konkurransar og spel som quiz og
bingo, og av og til ulike temakveldar og kurs, basert på ønskjer frå elevane.
I tillegg til middag kan ein kvar dag ete frukost på skulen. Gjennom Draumeskulen, med mål om å skape eit læringsmiljø der ein opplever tryggleik og tilhøyrsle, får brukt ressursane sine og psykisk helse blir fremja,
har skulen elevmentorar.
– Ein søker om å bli det, og så vel vi ut to elevmentorar på kvart programområde. Dei har laktivitetar gjennom skuleåret. Nyleg hadde ei gruppe vaffeldag og dei har også hatt Kahoot og beste klassebilde-konkurranse.
MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no
Kristoffer Westvik Lofnes
ville bli kokk eller hjernekirurg, men ønsket om å kome seg raskt ut i arbeidslivet og å få ein variert arbeidskvardag gjorde at han valte restaurant- og matfag ved Måløy vidaregåande skule.
Han kjem frå ein familie med høg arbeidsmoral, fortel han.
– Eg ønskte sjølv å kome meg ut i arbeid tidleg og ikkje sitte på skulebenken så lenge. Difor blei det eit yrkesfag, og eg hamna til slutt på kokk, seier Lofnes.
Valet om å gå restaurant- og matfag grunngir han med dei mange moglegheitene det gir.
– Det er veldig allsidig. Du kan jobbe kor som helst i verda, og du kan jobbe med uendeleg mykje meir enn å «berre lage mat».
Fekk god rettleiing
Lofnes starta allereie som ungdomsskuleelev å arbeide på ulike kafear og kantiner i Måløy, og han fekk fort smaken på yrket.
– Då eg kom inn på kokkelinja møtte eg fantastiske lærarar som såg kvar elev, men også heile elevgruppa samla. Eg fekk god hjelp og rettleiing, noko som kanskje er spesielt viktig i vår bransje, sidan det handlar mykje om å vere rett person i rett team.
Han er tydleg på at tida på Måløy vidaregåande skule gav han eit godt grunnlag for det som kom seinare.
– Etter dette flytta eg til Bergen og hadde læretida mi på Hotel Neptun. Så fort eg fekk fagbrevet mitt flytta eg til Stockholm der eg var kokk på ei nysatsing på ein restaurant, fortel Lofnes.
Etter eitt år fekk han tilbod om å bli assisterande kjøkkensjef, før han og kjøkkensjefen starta ei event- og cateringbedrift saman. Etter fleire år med arbeid i Sverige flytta han tilbake til Norge, og i 2017 vart han medlem av det norske kokkelandslaget, der han framleis er medlem i dag.
Tok OL-gull med landslaget
– Eg har konkurrert i to VM og eitt OL. Det vart bronse i VM i 2018, gull i OL i 2020 og bronse i VM i 2022. Så det er jo ikkje så verst, smiler Lofnes.
I dag bur Lofnes i Oslo der han driv med konsulting og catering. Han er også matfagleg kreativ leiar på ein ny restaurant i Smestadkrysset.
– Det er utruleg mange moglegheiter innfor yrket vårt. Eg har drive med alt frå foto og matstyling, reklameinnspeling, oppskriftsskriving og det meste innan restaurantdrift, seier Lofnes, og held fram:
– Eg trivst best med variasjonen yrke gir. Ein kan ha mange ulike ting i lufta og jobbe med alt samtidig. Det er nok ikkje alle det passar for, men eg kosar meg veldig med det.
Rosar initiativ Nyleg vart det kjent at Ervik Havfiske kastar seg inn i kampen for å bevare restaurant- og matfag ved Måløy vidaregåande skule. Gjennom eit nytt samarbeid med skulen ønsker dei å få opp engasjementet rundt eit fag som dei sjølve kjem til å få bruk for i åra som kjem. Selskapet på Stadlandet tilbyr både lærlingplassar og fri tilgang på sjømat til opplæring. Eit initiativ som Lofnes rosar.
– Dette er veldig kult og betyr mykje, spesielt for dei som vil rette seg inn mot den delen av yrket. Men det er framleis viktig at dei som skal ut å ha læretida si beviser at dei kan bli lærlingar, seier Lofnes.
Når det kjem til at verksemda vil gje linja fri tilgang på sjømat til opplæring, gir Lofnes 100 poeng.
– Eg hugsar godt sjølv då eg var lærling. Det var ingen som forventa at eg skulle kunne filetere fisk. Men vi stod i fiskemottaket på skulen og fileterte 200 kilo laks opp til fleire gonger, så dette er ein kvalitet som elevane på Måløy vidaregåande skule vil nyte godt av, seier Lofnes.
MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.noVARIERT: – Det er veldig allsidig. Du kan jobbe kor som helst i verda, og du kan jobbe med uendeleg mykje meir enn å «berre lage mat», seier Kristoffer Westvik Lofnes om kokkeyrket. FOTO: MORTEN
GØY MED FRAMFLYT: Marknadsføringsklassa på vg2 gler seg. Her er Elisabeth Gjengedal, Tuva Rundereim og Sandra Rundereim under årets Framflyt.
STORT OPPLEGG: Det er ikkje nokon spøk å arrangere Framflyt. Her under årets Framflyt då konferansegjestane var på veg inn i salen.
BRA MILJØ: Elevane på studiespesialiserande meiner det både er godt klasse- og skulemiljø. – Slik som dette står vi kvar dag, smiler Andrea.
ein på studiespesialiserande kan velje programfag utifrå kva ein liker og kva ein trur ein vil jobbe med seinare i livet.
– Vel det vi synst er gøy
Elevane er einige i dette:
– Det kjekkaste er programfaga og å velje dei faga vi synest er gøy. Eg har valt økonomi, marknadsføring og engelsk, seier Hedda.
Ho har sett korleis ungdomsbedrifter jobbar med ungdomskonferansen Framflyt og neste skuleår skal ho vere med og arrangere den.
– Eg gler meg! Det verkar både kjekt, spennande og utfordrande å arbeide med ulike oppgåver knytt til konferansen.
– Eg liker også marknadsføring fordi det er noko heilt anna enn det vi har gjort tidlegare. Det er eit fag ein uansett får bruk for, seier Kristoffer.
– Eg tenker for tida berre på språkreisa til Frankrike som vi snart skal reise på, ler Andrea.
– Eg har valt studiespesialiserande fordi eg då har fleire moglegheiter innan høgare utdanning etter vidaregåande, seier Andrea Hagen. Hedda, Adrian og Kristoffer er også glade for at dei valde akkurat denne retninga.
Ein annan grunn for Andrea til å velje studiespesialiserande var fordi det då blei lettare å ta eit utvekslingsår i Frankrike etter første året. Det var viktig for henne og noko ho hadde lyst til å gjennomføre.
Hedda vil jobbe i politiet
– Studiespesialiserande opnar mange vegar vidare i livet og du treng ikkje låse deg til eitt yrke. Sidan eg skal bli politi er dette den utdanninga eg treng, seier Hedda.
– Eg var litt usikker og då var studiespesialiserande veldig trygt å velje. Då kan eg bygge på den utdanninga uansett kva eg gjer etterpå, seier Adrian.
Kristoffer er einig:
– Eg har tre brør som har gått same retninga og dei treivst veldig godt. Det er
• Vi kan ikkje sjå at nokon går åleine. Vi er éi klasse og alle kan snakke med alle. Og alle har sine vennar og sin vesle gjeng.
Kristoffer
Har det kjekt på skulen Elevane skryt av både lærarane og klassemiljøet:
– Sjølv om det er mykje teori på studiespesialiserande, sit vi ikkje berre og les i bøker. Dei fleste lærarane er veldig flinke til å variere timane. Første året hadde vi eigentleg dei beste lærarane vi kunne ha bedt om, og dette skuleåret var lærarane også klare til å ta imot oss og gjere det godt for oss, seier Adrian.
DESSE
ARRANGERE FRAMFLYT I ÅR: Frå venstre Elise Silden, konferansier Elise Silden, Henriette Wik og Marine Otneim etter at Framflyt 2023 var over. FOTO: GJERT MYRESTRAND
greitt å sjå kva dei har kunne gjort etterpå også, seier Kristoffer.
– Programfaga er kjekke
– Det opnar utan tvil mange dører og mogelegheiter. Elevane vil ha ein del teori, men
lærarane er kjempeflinke til å variere og tenke på kva som er best for elevane, seier avdelingsleiar for studiespesialiserande, Kari Sølvberg.
Avdelingsleiaren forklarer at elevane opplever ein forskjell frå ungdomsskulen fordi
– Det er også veldig godt klassemiljø. Fleire av oss kjenner kvarandre frå før, seier Hedda og Andrea.
Dei meiner også at miljøet på skulen er godt.
– Vi kan ikkje sjå at nokon går åleine. Vi er éi klasse og alle kan snakke med alle. Og alle har sine vennar og sin vesle gjeng, seier Kristoffer.
KJELLRUN ÅSEBØ
kjellrun.asebo@fjt.no
Vi vil gi våre studenter et best mulig faglig tilbud med tett oppfølgning av hver enkelt student. Forelesninger på nett, et internasjonalt studie- og forskningsmiljø og utplassering i bedrift. Et nært og sosialt studiemiljø, med kort vei til naturopplevelser i verdensklasse. Hos oss kan du ta en bachelor eller master innen: sykepleie, vernepleie, logistikk, økonomi, sport, juss, samfunnsfag og IT.
NORDFJORD OPPLÆRINGSKONTOR
STUDIEFØREBUANDE
UTDANNINGSPROGRAM
Hegrevegen 1 – 6783 Stryn – Tlf. 57 63 86 00
E-post: Postmottak.strynvgs@vlfk.no – web: stryn.vgs.no
– Studiespesialisering
Realfag
Språkfag, samfunnsfag og økonomi
YRKESFAGLEGE UTDANNNIGSPROGRAM
– Bygg- og anleggsteknikk (vg1)
Vg2 Tømrar
Vg2 Betong og mur
Vaksenopplæring innafor
- Byggfag
- Restaurant og matfag
STUDIEFØREBUANDE
UTDANNINGSPROGRAM
– Studiespesialisering
Sophus Lie-vegen 3 – 6770 Nordfjordeid – Tlf. 57 63 83 00
E-post: postmottak.eidvgs@vlfk.no – web: eid.vgs.no
– Påbygg til generell studiekompetanse, Vg3 for dei som har vg1 og vg2 på yrkesfag
Vaksenopplæring (for dei over 25år)
– Vg4 påbygg til generell studiekompetanse for dei som har tatt fagbrev
– Teknologi- og industrifag (4årig løp – fagbrev) Sluttkompetanse: Industrimekanikar, CNC-operatør, Industrisnikkar YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM:
– Frisør-, blomster- og interiør og eksponeringsdesign (Vg1)
– Vg2 Interiør og eksponeringsdesign
– Vg2 Frisør
Tennebø, 6718 Deknepollen – Tlf. 57 63 79 00
E-post: postmottak.maloyvgs@vlfk.no – web: maloy.vgs.no
Firdavegen 21 – 6823 Sandane – Tlf. 57 63 85 00
E-post: postmottak.firdavgs@vlfk.no – web: firda.vgs.no
– Helse og oppvekstfag (vg1)
Vg2 Helsearbeidarfag
– Sal, service og reiseliv (vg1)
Vg2 Sal og reiseliv
– Teknikk og industriell produksjon (vg1)
Vg2 Transport og logistikk
Kombinasjonsklasse (grunnskuleutdanning for minoritetsspråkleg ungdom)
Landslinje i skiskyting: Tilbod til elevar på Studiespesialisering og Bygg- og anleggsteknikk.
– Teknologi- og industrifag (vg1)
Vg2 Industriteknologi
Vg2 Treteknikk (5 elevplassar for dei som har vg1 Bygg- og anleggsteknikk)
– Elektro og datateknologi (vg1)
Vg2 Elenergi og ekom
Vg2 Datateknologi og elektronikk
Vg2 Automatisering
Vg3 Dataelektronikarfaget
Vg3 Automatiseringsfaget
Kombinasjonsklasse (grunnskuleutdanning for minoritetsspråkleg ungdom)
STUDIEFOREBUANDE
UTDANNINGSPROGRAM:
– Studiespesialisering Realfag, språkfag, samfunnsfag og økonomi
– Yrkes- og studiespesialiserande utdanningsprogram (YSK/TAF-modellen, 4 år med opplæring i skule og bedrift)
Teknikk og industrifag/ industriteknologi
Helse- og oppvekstfag/ helsearbeidarfag
Naturbruk/ akvakultur
Studieførebuande utdanningsprogram
– STUDIESPESIALISERANDE
– MUSIKK, DANS, DRAMA
– IDRETTSFAG
Opplæringstilbod for vaksne:
Vg1 Helse og oppvestfag
Vg2 Helsefagarbeidar
Vg3 Felles fag
Nettbasert opplæringstilbod for vaksne:
Helsefagarbeidar
Tannhelsesekretær Apotekteknikar
SØKNADSFRIST: 1. mars: Ordinær skule/læreplass
YRKESFAGLEGE STUDIEPROGRAM
– Informasjonsteknologi og medieproduksjon (Vg1)
Vg2 Informasjonsteknologi
– Teknikk og industrifag (Vg1)
Vg2 Køyretøy
Vg2 Maritime fag
– Bygg og anleggsteknikk (vg1)
Vg2 Tømrar
– Helse og oppvekstfag (vg1)
Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
– Naturbruk (vg1)
Vg2 Akvakultur
Vg2 Fiske og Fangst
– Restaurant og matfag (vg1)
Vg2 Kokk og servitørfag
Kombinasjonsklasse (grunnskuleutdanning for minoritetsspråkleg ungdom)
Lik oss på
– Eid er best, meiner ein kameratgjeng vi finn i aulaen på Eid vgs. Stemninga er på topp. Kvar fredag er bollefredag og elevane stiller seg i kø i kantina for rykande ferske og digre bollar. Rune Hellenes, Olav Hopland
Johnsen, Esekiel Hagen Henden og Henrik Vingen Vedeld hiv i seg bollar, medan dei skryt uhemma av skulen.
– Folk bør søke på Eid vgs, er den klare oppfordringa.
– Her er så bra læringsmiljø, meiner Olav.
– Eg prøvde først Stryn, men så kom eg hit. Det angrar eg
ikkje på, seier Esekiel.
– Her er mange flinke lærarar, som vil at vi skal gjere det godt, og mange moglege linjer å velje i, som legg til rette for det meste, seier gutane.
– Eid er best, det er berre sånn det er, meiner Henrik.
INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no
For å sikre rekruttering for framtida har lokale bedrifter innan treindustri i Nordfjord etterlyst meir lokal utdanning. No vert det nytt tilbod ved Eid vidaregåande skule.
Nytt for komande skuleår er vg2 Treteknikk på Nordfjordeid, for dei som har gått bygg og anlegg i Stryn eller Måløy.
– Vi har laga eit opplegg, der dei går saman med industriteknikk i nokre fag, og der dei har praksis ved Norgesvinduet Bjørlo på Eid, Nordvestvinduet i Almenning eller Hagen i Stryn. Dette er noko bransjen har etterspurt, og som vi legg til rette for, fortel rektor Alf Reidar Myrstad ved Eid vgs.
– Bransjen står i ein situasjon der dei signaliserer at det er vanskeleg med rekruttering. Her ved skulen har vi derimot det utstyret næringslivet brukar ute i fabrikkane, så vi kan ta opplæringa her, seier avdelingsleiar Ove Lillestøl.
Svært fornøgd Hans Roger Starheim, dagleg leiar ved Norgesvinduet Bjørlo på Nordfjordeid, er svært fornøgd med det nye tilbodet.
– Dette er noko vi innan trevare har etterspurt. Vi må
prøve å sikre oss rekruttering, og må passe på å få ungdom til fabrikkane våre gjennom lærlingordning. Ungdom som går i praksis eller har læretida ute i bedrift har gjerne moglegheit til å få fast jobb seinare, frir Starheim.
NAM: F.v. Henrik
V. Vedeld, Esekiel
H. Henden, Rune Hellenes og Olav
H. Johnsen skryt av Eid vgs – og ikkje minst «bollefredagen».
FOTO: INGEBJØRG NILSEN STOKKENES
Livsnerven er rekruttering – Det viktigaste er å få fleire ungdommar til å jobbe innan treteknikk og produksjonsteknikk. Det står mykje utstyr oppe på skulen, som vi også har her ved fabrikken. For oss er det viktig å sikre oss ungdommen for framtida, innrømmer han.
– Livsnerven er rekruttering. Vi må bruke millionar av kroner på moderne maskiner, og utfordringa er å ha tilsette som kan bruke dei. Vi treng ungdommen, påpeikar Starheim.
Superlærlingar Norgesvinduet Bjørlo har i år også fire superlærlingar i hus. – Superlærlingane våre har vi berre gode erfaringar med, og det ser ut til at også dei trivast. Vi har fire kjekke superlærlingar her hos oss, noko som viser at det går fint an å ta utdanninga og jobb i nærmiljøet, seier Starheim.
• Vi har eit opplegg, der dei går saman med industriteknikk i nokre fag og har praksis ved Hagen i Stryn, Norgesvinduet Bjørlo på Eid eller Nordvestvinduet i Almenning.
Alf Reidar Myrstad, rektor Eid vgs.
Ungdom i dag tar også mykje lettare maskinparken som er i dag. Dei unge har vakse opp med datakunnskap som eldre tilsette ikkje har fått med morsmjølka, og maskinene ein brukar blir meir og meir avansert.
– Det vi har minst av er ungdom, fortel avdelingsleirane. Gjennom «superlærling»ordninga har dei også utdanna fleire instruktørar blant avdelingsleiarane.
– Nordfjord Opplæringskontor gjer ein viktig jobb for oss og også andre medlemsbedrifter med tanke på rekruttering for framtida gjennom Superlærlingordninga. har gjort det enkelt for oss å ta inn fleire lærlingar, meiner Starheim. INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no
– Her får du variasjon i kvardagen, meiner Henriette Holmen Nesbø frå Svelgen. Ho har lyst å bli konkurransefrisør.
Nordfjordeid er einaste staden i gamle Sogn og Fjordane der du
kan velje frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign. Hit kjem elevar frå heile fylket.
Elevane var i full gang med å krølle hår då vi kom. Her er klasserommet forvandla til ein frisørsalong. Elevane lærer til dømes om oppbygging av håret, og korleis ein kan behandle håret utan å skade det. Tar du fri-
sør får du jobbe mykje i praksis. – Spesielt i Sunnfjord har dei vore flinke til å vere lærebedrifter, og i fjor ringde dei frå salongar frå Volda og Ørsta og spurde om vi hadde elevar som trengde lærebedrift. Det hadde vi ikkje, for alle hadde fått seg plass, fortel lærar Marilyn Osmundsvåg. Første året er linja for deg som
vil arbeide yrkesretta mot frisør, blomsterdekoratør, interiørkonsulent, eksponeringsdesignar, maskør og parykkmakar eller profileringsdesignar. Her lærer du form og farge gjennom praktisk arbeid, og du får arbeide med folk.
INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no
Eid vidaregåande skule har i mange år satsa tungt på oppsetjing av musikalar. Etter nokre år med pause vil ein igjen sette musikal på agendaen.
Dei synst det er på tide.
– Frå komande skuleår vil vi tilby fag som leiar inn mot teaterproduksjon/musikal, fortel avdelingsleiar Bente Olseth. Skulen er samlokalisert med Operahuset Nordfjord, som inneheld kino, bibliotek og operasal.
– Det er viktig at vi brukar dei fasilitetane som er her, og det er naturleg når vi har operahuset vegg i vegg, seier ho.
– Og så har vi gode erfaringar frå tidlegare år. Ein musikal vil styrke samhaldet mellom elevane, og vi ser det
som endå viktigare no etter pandemien, seier Olseth.
Med teaterfag/musikal kan ein kople inn mange fag; som trevirke for å byggje scene, FBIE, frisør og elektro.
– Tilbodet vil gi fleire fag, noko ekstra, meiner avdelingsleiarane.
Utnytte alle gode ressursar
– Med dette ønskjer vi utnytte alle gode ressursane vi allereie har ved skulen, seier rektor Alf Reidar Myrstad.
– Studiespesialiserande er teoretisk, og tanken er at med teaterfag/musikal vil ein få bruke elevane på ein annan måte. Vi veit frå tidlegare at
mange utan sceneerfaring har blomstra når ein har sett opp musikal, fortel dei.
– No er det endå viktigare at vi gjere slike ting. Bryte mønster. Vi satsar på ungdom og framtida. Vi ser behovet for å lage noko som kompenserer etter koronapandemien, ei tid som var tøff for alle, seier han.
Bønn til rektor
Han innrømmer at mange elevar har vore på rektor sitt kontor med oppfordring om at ein igjen set opp musikal ved Eid vgs.
– No har vi gjort ein omstrukturering, og sett at vi har rom for å få det til. Samtidig
veit vi at det har vore sakna sidan 2020, den gong ein berre hadde ei internt oppsetting, seier Myrstad.
– Vi må satse. Det vert organiserast som eit prosjekt – og det er viktig for skulen og for kulturskulen. Her er det moglegheit til å vise seg fram, og det går ein raud tråd gjennom skuleløpet, fortel rektor.
Med operahus og operasal vegg i vegg er det dumt å ikkje bruke fasilitetane.
– Vi er jo sambuarar, seier rektor og ser mot operasalen.
INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no
– Vi jobbar nært opp mot lokalt næringsliv, fortel Sigrunn Heggen Leivdal, lærar ved vg2 interiørog eksponeringsdesign.
Eksponering er viktig i dag, og denne klassa skal også innreie
Smarthuset som no er under bygging utanfor skulen.
– Det vert jobba ein del med dette i år, for her skal ein alltid vise det som er trendy, fortel dei, og viser fram kva tapet og fargeval ein har valt innvendig for Smarthuset.
Etter vg1 Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign
kan du gå vidare på vg2 Interiør og eksponeringsdesign. Dette er eit kreativt fag der du får jobbe med det du interesserer deg for innan interiør, profileringsdesign og eksponeringsdesign/utstillingsdesign.
Her får du arbeide med reelle oppdrag mot lokalt næringsliv, og ein har utstyr til å hjelpe lo-
Smarthuset ved Eid vidaregåande skule tek form. Gleda var stor då Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane overleverte ein storsjekk på 750.000 kroner til satsinga.
Øystein Nes frå Inviro innrømmer at eit prosjekt som Nordfjord Smarthus kostar, og at budsjettet for lengst er overskride
– Då er det fantastisk kjekt å få dette tilskotet til prosjektet, smiler han.
Veks fram
Smarthuset veks sakte, men sikkert fram rett ved Eid vgs, og elevane er i full gang med jobbinga. Nokre jobbar på taket, andre blandar sement. Her er litt å gjere enten du går bygg, betong, elektro eller design. Smarthuset er eit samarbeidsprosjekt, og det er elevar frå Eid og Stryn vidaregåande skule som er involvert. I tillegg er 36 lokale Nordfjord-bedrifter med på prosjektet.
– Dette er eit stort Nordfjordprosjekt, stadfestar Nes.
I det nye smarte huset vil ein ta i bruk den nyaste og beste teknologien både innan bygg, elektro, data og automasjon, og gjere den tilgjengeleg. Her kan ein kome og sjå kva moglegheiter som finst der ute. Samtidig får elevar, studentar og næringsliv nytte bygget til læring, utvikling og innovasjon.
Viktig med rekruttering
– Det er kjekt å følgje dette pro-
sjektet, og for oss er det naturleg å gi eit tilskot, seier Ørjan Skåden, banksjef for bedriftsmarknad for Nordfjord i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Han viser til at dei er opptatt av rekruttering.
– Gjennom smarthuset får ein rekruttering på ein heilt annan måte. Her er det elevane sjølve som gjere jobben. For oss er det også viktig at så mange bedrifter er med, seier han.
Samfunnsnyttige tiltak
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler kvart år ut gåver av overskotet frå banken til samfunnsnyttige tiltak. Gåvene skal bygge opp om visjonen om å vere ei drivkraft for Sogn og Fjordane, og fremje verdiane; mangfald, trivsel og utvikling. Nyleg vart sjekken på 750.000 kroner overlevert.
– Ei av dei viktigaste oppgåve våre er å støtte opp om slikt som dette. Vi skal vere med på fleire tilsvarande prosjekt i framtida, lovar Skåden.
– Vi håper dette vert eit bygg som heile regionen kan vere stolte av, seier Øystein Nes.
INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no
kalt næringsliv med profilering på bilar, kontorveggar eller med logo. Du får planlegge eit interiør, lage bilreklame, skape spennande vindaugsutstillingar og bruke folieskjærar og laserkuttar. Ein er også med på å lage modell for operaen til hausten.
INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no
Kvart år er Eid vgs. engasjert i FN-rollespel – i år med fokus på det borgarkrigsherja landet Mali.
– Elevane som deltok har gjort ein imponerande jobb for å sette seg inn i situasjonen i Mali, seier Elin Monstad, frå FN-sambandet
og ansvarleg for rollespelet som elevane gjennomførte nyleg. Tryggingsrådet var samla i Operasalen for å prøve og løyse den omfattande konflikten i Mali. Landet har opplevd ei rekkje terroråtak, militærkupp, konflikt om ressursar og svolt.
Elevane i 3. klasse studieførebuande og påbygg hadde føre-
budd seg godt til den viktige dagen. Ville elevane ved Eid vgs. klare å bli einige om ei løysing på den omfattande konflikten?
Linnea Strand og Emma Solheim Fløtre sin jobb under forhandlinga i Tryggingsrådet, var som bakspelarar for dei ulike land sine ambassadørar.
– Vi har lært mykje om korleis
FN fungerer. Det var vanskelegare enn vi trudde. Spesielt det å få gjennomslag når mektige land har vetorett, fortel dei.
TORMOD FLATEBØ tormod.flatebo@fjordabladet INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.noPRAKSIS: Ein stor gjeng med elevar og lærarar og bedrifter er involverte i smarthuset på Nordfjordeid. Her jublar dei over 750.000 kroner til byggeprosessen. ALLE FOTO: INGEBJØRG NILSEN
HUMØR: Leiinga ved Eid vgs. håper mange søkjer. F.v. ass. rektor Ottar Arve Bjørkedal, rektor Alf Reidar Myrstad, og avdelingsleiarar Ove Lillestøl og Bente Olseth. FOTO: INGEBJØRG NILSEN STOKKENES
Eid vgs. er kjent for å vere ein av dei skulane som er best på utstyr.
Ved studiespesialiserande er det to klasser per trinn. I tillegg kan ein velje påbygg. Ved Eid vgs kan ein også ta vg4 påbygg via nett.
– Det er viktig for fagtilbodet at vi har to klasser per trinn, då vert det eit bredt og godt tilbod for elevane. Det er viktig for heile Nordfjord, fastslår rektor Alf Reidar Myrstad.
– Stabilitet er viktig for oss, og vi tilbyr dei linjene som vi har i år, i tillegg til det nye med vg2 Treteknikk, seier han.
Ved Eid vgs. har du desse linjene å velje i:
- Elektro og datateknologi
- Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign
- Studiespesialisering
- Teknologi- og industrifag
- Kombinasjonsklasse
- Påbygging til generell studiekompetanse
- Vaksenopplæring
Halde tritt med næringslivet
– Det er kjempeviktig at vi som skule høyrer på lokalt næringsliv, og kva behov dei har med tanke på rekruttering. Vi ønskjer å ha den dialogen og samspelet, seier avdelingsleiar Ove Lillestøl.
BUDSJETTET HAR SPREKT: Derfor var det stor glede over storsjekk på 750.000 kroner til smarthuset på Nordfjordeid.
– Og så er det viktig at ungdommen vår har eit bredt og best mogleg tilbod å velje i, seier assisterande rektor Ottar
Arve Bjørkedal.
– Faga vi har går fint i lag, og vi ser at det er flott å jobbe tverrfagleg. Vi har ikkje veggar mellom avdelingane, fortel Lillestøl.
Han fortel at når skulen kjøper inn utstyr, så er det ikkje til ei enkelt avdeling, men at denne kan nyttast av fleire.
– Og så er vi vel kjent for å vere ein av dei skulane som er best på utstyr. Det har vore viktig for oss, og viser at vi kan halde tritt med næringslivet.
I dag er det 390 elevar ved skulen, og Eid vgs. er dermed den største vidaregåande skulen i Nordfjord.
Skulen er samokalisert med Operahuset Nordfjord, som inneheld kino, bibliotek og operasal.
– Vi er også privatistskule, og organiserer eksamenar for heile Nordfjord, fortel rektor Myrstad.
Saman med Amalie Skram vgs. i Bergen samarbeider ein om ein del fag via digitale løysingar.
– Det er eigentleg fantastisk at ein kan kome og ta eksamenar her, og at vi har sensor som sit klar i Bergen, seier han.
Rektor er stolt over skulen sin, og at det skal vere eit godt miljø på skulen.
– Vi har også open skule og tilbyr leksehjelp, og hjelper til så elevane skal få gode arbeidsvanar, fortel avdelingsleiarane.
INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no
Gjennom Nordfjord alumni
ønskjer Nordfjordakademiet
å halde kontakt med ungdom som reiser ut av regionen for utdanning.
Målet er at Nordfjordakademiet skal halde ungdomane oppdatert om moglegheiter på heimplassen og i regionen elles
gjennom utdanningsløpet deira. Dette håpar dei igjen vil lette rekrutteringsarbeidet til bedriftene gjennom eit nettverk smed oversikt over kven som utdannar seg til kva frå regionen vår.
Dei vil også sørge for at bedriftene samarbeider tettare om rekruttering, slik at ein sik-
rar både arbeidsgivar og arbeidstakar.
Men dette er berre ei av satsingane til Nordfjordakademiet. – Bakgrunnen for at Nordfjordakademiet var at alle snakka om at det var vanskeleg å rekruttere, kor mange som flytta vekk og ikkje kom tilbake og at vi hadde for lite lokale
utdanningstilbod. Difor ville vi lage eit samlingspunkt mellom offentleg og privat næringsliv, som jobbar med rekruttering i kvardagen, seier Tom-Øyvind Solheim, som var med å starte akademiet.
Primæroppgåva er å ha kontakt med dei som søker arbeid i regionen, om det er tilflyttarar eller heimflyttar.
– Ofte er det slik at ein har funne jobb til ein, men treng gjerne jobb til to. I tillegg er det kanskje mange ting ein lurer på med omsyn til bustad, barnehageplass eller liknande. Då skal Nordfjordakademiet tilby ei koordinerande rolle, seier Solheim.
MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no
Primæroppgåva deira er å følge opp og sikre at dei elevane som ønskjer å gå ut i lære får læreplass og at dei har ei god og meiningsfull læretid.
– Det betyr at vi skal hjelpe dei og bedriftene slik at ungdomane får lære det dei skal og at dei skal ha det bra på jobb og fritid. Læretida skal vere noko dei verkeleg ser tilbake på med glede, seier Tom-Øyvind Solheim.
Starta i 2016
Nordfjord opplæringskontor såg dagens lys i 2016. Det var eit ønske frå lokalt næringsliv og kommune om å styrke lærlingarbeidet, styrke samarbeidet mellom skule og næringsliv, auke tal læreplassar og rett slett skape noko unikt for Nordfjord.
Og hos opplæringskontoret seier dei ikkje lærlingar.
– Dei er så mykje meir. Dei er Nordfjord si framtid, og vi
er så stolte over valet dei har tatt med å ta yrkesfagleg utdanning at vi rett og slett kallar dei superlærlingar, skriv opplæringskontoret på sine nettsider.
Dei har difor superbedrifter, superlærlingar, superinstruktørar og superskular. Og dei som jobbar i lag med alle desse er superrådgivarar.
– Misjonen vår er å sikre at flest mogleg fullfører utdanninga si og får eit fagbrev, seier supersjef Solheim.
Manko på lærlingar
I dag består Nordfjord opplæringskontor av over 90 medlemsbedrifter frå Stadlandet i vest, til Eikefjord i sør, Hornindal i nord og Skjåk i aust.
– Eg trur det er veldig få som bur i Nordfjord som veit
kor heldige vi er med næringslivet vårt. Vi har ein fantastisk variasjon når det kjem til typar bedrifter og kva moglegheiter ungdomane våre har. Ein viktig del av vårt virke er difor å fortelje ungdomane om moglegheitene, seier Solheim.
Fleire enn 500 lærlingar har sidan 2016 fått fagbrevet i handa, og i dag er over 250 lærlingar under utdanning i 31 ulike lærefag.
Men opplæringskontoret har støtt på ei utfordring. I 2016 var det ikkje nok læreplassar innan til dømes industri, helse eller bygg. Sju år seinare er situasjonen annleis.
– Vi har for få elevar til å fylle læreplassane. Vi hentar om lag 50 prosent av lærlin-
gane våre utanfor vår region, fortel Solheim.
Utvidar moglegheitene I dag er dei ni tilsette ved Nordfjord opplæringskontor.
– Vi er veldig opptekne av at dei først og fremst lyttar til seg sjølv.
Solheim meiner samstundes at ei yrkesfagleg utdanning er noko som passar for mange.
– Sjølvsagt for dei som er praktiske, men yrkesfaga er ein kombinasjon av teori og praksis, det er også læretida.
Han meiner at å ta eit fagbrev er noko som utvidar moglegheitene om ein vil gå vidare.
– Om ein vil bli sjukepleiar eller byggingeniør har du ei heilt anna forståing for faget
om du har tatt eit fagbrev først. Så då har ein eit godt grunnlag om ein vil gå vidare praktisk eller teoretisk.
Solheim peiker også på at arbeidsmoglegheitene er store.
– Det er utruleg stor arbeidsmanko innan fagpersonell. Men det aller viktigaste er at ungdomane lyttar til draumane sine. Det verste som kan skje er at ein gjer eit omval, og det er slett ikkje feil, seier Solheim, som sjølv er tømrar, har ei lang utdanning innan idrett, har jobba i bank og som lærar.
– Mange forventar at ein skal ha ei rett linje frå skule til arbeidsliv, men slik er det ikkje i dei fleste tilfelle. Vi lærer litt av kvar sving vi er innom på veg mot det endelege målet.
MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no500 ungdomar har sidan Nordfjord opplæringskontor vart etablert i 2016 fullført læretida si. I bedriftene som er knytt til opplæringskontoret er ytterlegare 250 under utdanning.
Å være frisør er gøy, sosialt og skapende. Ønsker du å ha en jobb der ingen dag er lik og du ser resultater av egen innsats umiddelbart?
Som frisør har du mulighet til å jobbe med mennesker, og hjelpe andre med å få frem det beste i seg selv.
Etter bare 5 1/2 måned på Cancam skolen kan du begynne å jobbe som lønnet lærling.
Søk enkelt på cancamskolen.no.
Studiestart: august 2023 og januar 2024
Vil du ha ei internasjonal utdanning?
Vil du i tillegg sikre deg generell studiekompetanse?
Da kan du ta høgare utdanning innan dekksoffiser eller maskinoffiser på Fagskulen Vestland. Studiet er 2-årig og gir 120 studiepoeng.
Våre studiestader finn du på:
• Måløy – Dekksoffiser og maskinoffiser
• Austevoll – Dekksoffiser
• Nygård i Bergen – Dekksoffisser og maskinoffiser
Søknadsfrist
15. april 2023 Meir
Fødd og oppvaksen på Sandane, starta han tidleg i Gloppen kulturskule, der han gjekk i lære innan klassisk gitar i mange år.
– Eg såg alltid opp til dei som gjekk på musikklinja på Firda.
Vandrande reklame
Ola og andre musikkinteresserte barn og unge på Sandane, beit seg fort merke i dei spennande musikklinjeelevane i bygdebiletet, dei var lette å legge merke til.
– Ein såg alltid kven som gjekk på musikklinja, dei var hakket kulare og annleis kledd enn dei andre Firda-elevane. Dei fungerte som eit reklamevindauge for musikklinja, smiler Tennes.
– Eg tenkte veldig tidleg at «Der vil eg gå!»
Som tenkt så gjort, og i 1997 starta Ola på Firda vidaregåande skule og vart sjølv ein del av dei «kule og annleise». Den unge mannen stortrivst og sette pris på å vere midt i eit kreativt miljø.
Midt i det kreative
I klassa hans gjekk det 24 entusiastiske elevar, der 20 kom frå andre stadar i fylket.
– Det var heilt fantastisk å kunne vere midt inne i ein så kreativ gjeng, med så mange nye folk lett tilgjengeleg å få spele og dele musikk med.
Nokre av dei beste minna han har frå denne tida er frå då han og medelevane møttest etter skuletid for å spele og øve på skulen, gjerne seint på kvelden, og utover natta.
– På den tid var ikkje Open skule starta opp på Firda, men vi på musikklinja praktiserte open skule uansett. Vi hadde nøklar og kunne spele midt på natta om vi ville.
Inspirerande
Læringskurva var bratt, og Ola fekk nye impulsar kvar dag. Då han starta hadde han så vidt byrja å skrive sin eigen musikk.
– Vi høyrde på veldig mykje ny musikk, og vart inspirerte av kvarandre. Det var ein enorm kreativ boost for mitt musikalske sinn, fordi ein var i miljøet heile tida, seier han.
Det var som ein draum å kunne ha skuletimar som krinsa rundt det han hadde halde på med på
fritida.
– Lærarane var så inspirerande, og prosjekta som musikklinja hadde var veldig spennande. Sjølv om mitt hovudinstrument var gitar, og eg spelte i eit rockeband, så stod eg plutseleg og song i eit oratoriekor saman med Nordfjord Oratoriekor og fullt orkester. Plutseleg kunne ein, som 16-åring, dei store, klassiske verka ut og inn, smiler han.
– På denne måten fekk vi prøve oss på mange ulike sjangrar og scener, det var utruleg gjevande.
Den klassiske musikken
Etter at dei tre åra på Firda var over, flytta Ola frå Sandane. Først til Bergen, så til Oslo, der han budde i 15 år. Musikken hadde han med seg, og han skreiv og
framførte eige materiale på fritida. I dag har han fleire utgjevne singlar under beltet.
For to og eit halvt år sidan vart likevel saknet etter heimstaden for stort, og i dag bur han med kone og barn på Sandane.
Bagasjen frå Firda har han hatt i sekken heile tida, og har opna opp fleire dører for han. Hausten 2021 tok han over jobben som dagleg leiar for Gloppen musikkfest, ein av få kammermusikkfestivalar i Sogn og Fjordane.
– Ein av tinga eg har fått med meg frå Firda, er fleire inngangar til klassisk musikk. Ofte treng ein nokre knaggar og verktøy for å skjønne kva ein høyrer, og for å ta det eit steg vidare, understrekar han.
Engasjementet til lærarane
hadde mykje å bety for dette. Musikkteori og historie, teknikk og satslære, alt var viktige moment for Ola til å komme tettare på klassisk musikk, noko som han dreg nytte av i jobben sin i dag.
– Interessa for klassisk musikk vart vekt der.
Ein institusjon I dag samarbeider Ola tett med den gamle skulen sin.
– Musikkfesten har heile tida som mål å kople på lokalsamfunnet. Og samarbeidet med Firda har og er heilt avgjerande for å kunne gjennomføre ein festival av ein slik storleik her på Sandane, slår han fast.
Både Gloppen Musikkfest og andre lokale festivalar nyttar seg av lokala og kompetansen på skulen og i Trivselshagen, og mange av musikklinjeelevane stiller på som frivillige både før, under og etter festivalveka.
– Firda er ein institusjon, og vi føler oss heldige som har denne skulen her i vårt distrikt. Skulen stiller med eit kontinuerleg kreativt miljø, som stadig er i utvikling. Å ha det så tett på, det er eit privilegium. Det er spennande å følgje musikklinjeelevane, frå ferske førsteklassingar til avgangselevar, frå kort til langt hår. Firda gir ein evig tilførsel av kreativitet i nærmiljøet, og akkurat det trur eg smittar over på oss andre, smiler festivalsjefen.
SIRI CECILIE FLATJORD siri@firdatidend.no
For sjefen i Gloppen musikkfest, Ola Skarstein Tennes, har musikken alltid vore ein stor del av livet.
1 veke, 45 elevar, 80 ulike idrettar fordelt på 500 aktivitetar, i 20 varmegrader på La Santa –Det er oppskrifta på ei lykkeleg 3. klasse på idrettslinja på Firda.
For niande gong har Ole Morten Mardal, lærar i idrettsfag på Firda vidaregåande skule, med seg 3. klasse idrett til treningsanlegget Club La Santa på Lanzarote i Spania.
– Eg er overtydd om at dei i løpet av denne veka får fylt på batteria, seier han.
Dei mørke månadane
– Neste år blir det jubileum, smiler han, og fortel at dette er første turen sidan 2020. Då rakk dei så vidt å sende av garde eit kull i februar, før koronaen tok over verda.
Idrettsklassa har hatt som tradisjon å reise vekk ei veke i starten av siste semesteret, men tidlegare har turen som regel gått til Oslo eller andre plassar innanlands.
– Januar og februar er mørke og kanskje litt tunge månader, noko som vi merkar godt på humøret til elevane i denne perioden. Då vi oppdaga Club La Santa for nokre år sidan, vart vi overraska over kor bra det var der. Det er eit kompakt anlegg med fantastiske trenings- og aktivitetsfasilitetar, seier han.
Mykje å velje i
Monica Helen Fløtre Ulvestad, Sofie Ja-
kobsen og Dorte Maria Heggheim var trøytte, men på same tid full av ny energi, då vi møtte dei to dagar etter heimkomsten frå varmare strøk.
– Det har vore så kjekt! Vi er sjølvsagt litt slitne etter ei veke full av aktivitetar, men på same tid har vi fått tid til å kose oss og vere sosiale på kveldane òg, seier Sofie.
Anlegget på nordvestkysten på Kanariøya Lanzarote, har eit stort utval av idrettar. Her kan dei besøkande velje alt ifrå vannsport som SUP og vindsurfing, til CrossFit og aerobic, dans, yoga og ballsport. Til saman 80 idrettar, fordelt på 500 ulike aktivitetar var tilgjengeleg.
Ved hjelp av ein app kunne elevane velje kva idrettar og aktivitetar dei ville vere med på, alt etter kva som var ledig den dagen.
– Det var veldig mykje forskjellig, og dei fleste var lagt opp som gruppetimar, der det var først til mølla som
gjaldt. Vi har fått prøve oss på mykje, og har absolutt ikkje kjeda oss, seier Sofie.
Frå morgon til kveld Aktivitetane går frå åtte om morgonen til sju om kvelden, men jentene starta endå tidlegare enn det.
– Ja, vi og fleire andre starta med morgonjogg halvsju. Men det var heilt frivillig, altså, smiler Monica Helen.
– Etter det var det felles morgongymnastikk for heile anlegget. Det var ein fin måte å starte dagen på, seier Sofie.
På ettermiddagen kunne dei slappe av, med restaurantar og butikkar inne på området.
Dei tre innrømmer at det nok var litt hardt å stå opp og møte til time i Trivselshallen dagen etter heimkomsten, men kjenner at dei på same tid har fått litt ny energi inn i skuledagane på Firda.
– Denne turen har gitt oss ein heilt
annan måte å bli kjende med klassa på, seier Dorte Maria.
– Det har vore eit veldig deilig avbrekk, og gir god motivasjon for dei siste månadane no inn mot eksamen, konstaterer Monica Helen.
Knirkefritt
Lærar Mardal hadde med seg to kollegaer på turen som saman hadde ansvaret for 45 ungdomar.
– Ein kan kanskje tenke at det er litt stressande, men det er det absolutt ikkje. Ungdomane skal organisere dagen sin sjølv med minimum tre aktivitetar, og dei har eit vell av ting å finne på.
Einaste krava lærarane har sett til elevane er at dei skal møte opp til eit kjapt fellesmøte klokka åtte om morgonen. Om kvelden må dei vere inne på romma igjen seinast klokka ti.
Ifølgje Mardal har det gått knirkefritt. – Null problem. Fleire av dei flirte litt når vi fortalde om innetida før vi reiste ned. Men etter å ha vore i aktivitet heile første dagen, var alle bra trøytte når kvelden kom, smiler han.
Fri frå vurdering
– Eg trur dei har godt av ei slik veke, der dei kan senke skuldrene litt. Der nede får ungdomane fri frå vurderingsskulen for ei veke, og kan fylle på med opplevingar og utfordringar, seier Mardal.
Han har stor glede av å ha med seg klassa på tur, og ser allereie første kvelden at humøret er stigande.
– Du ser det på dei, når dei legg seg for kvelden så gleder dei seg til neste dag, og kva dei skal finne på då. Eg trur dei får ein ny giv av dette. Dei er til og med mindre på mobilen, det er ein fin bonus, smiler han.
SIRI CECILIE FLATJORD siri@firdatidend.noIaugust i fjor starta 13 vaksne på utdanninga tannhelsesekretær på Firda vidaregåande skule. Utdanninga er nettbasert, og Firda er einaste skulen i fylket som gjennom nettskulen Vestland tilbyr yrkesfagopplæring på nett.
Vil nå fleire
– Vi bur i eit stort fylke, med mange distriktskommunar. Ved eit nettskuletilbod kan ein nå fleire, og fleire vaksne vil få moglegheita til å kunne ta utdanning, seier prosjektleiar og lærar Anette Aske Sollid ved Firda.
Ho er ei av arkitektane bak den populære Gloppenmodellen, helsefagarbeidartilbodet for minoritetsspråklege vaksne som vart etablert ved skulen i 2013.
No har Aske Sollid og den framoverlente vidaregåande skulen på Sandane tatt eit steg vidare inn i verdsveven, og vil frå hausten av tilby til saman tre yrkesutdanningar via Nettskulen Vestland. I tillegg til tannhelsesekretær kan vaksne over 24 år no ta nettutdanning i helsearbeidarfaget og som apotekteknikar. Undervisninga vil hovudsakleg vere nettbasert.
– Men elevane må vere budde på nokre fysiske samlingar kvart semester. I tillegg ønskjer vi at deltakaren skal ha opplæring i bedrift. Nokon har kanskje allereie eit relevant arbeid, andre treng kanskje ein praksisplass.
Viktig supplement
Det er Firda sjølv som har spelt inn forslaget til Nettskulen i Vestland, som har det overordna ansvaret for nettutdanning i Vestland fylkeskommune.
– Med Gloppenmodellen og tannhelsesekretærutdanninga, har vi til saman 43 vaksne elevar under opplæring i dag. Det er eit viktig supplement til den ordinære undervisninga, og viser at det er moglegheiter for å utvikle drifta vidare, understrekar ho. Mykje av undervisningskompetansen til to av studia har dei på huset allereie, men for apotekteknikarlinja er dei avhengige av ekstern hjelp.
13
for tannhelsesekretærar starta opp i fjor haust, med 13 elevar som følgjer undervisninga hovudsakleg på nett. FOTO: FIRDA TIDEND ARKIV
veit at mange ofte sit på kompetanse ein ikkje alltid tenkjer er relevant for ei slik utdanning.
– Slik kompetanse kan vere med på å avkorte og tilpasse studieløpet, så det er viktig at ein har det i tankane når ein søkjer. Det er regjeringa sitt ønskje at vi skal ta i bruk realkompetansen meir enn kva vi gjer i dag, som eit ledd i å få ei utdanning.
For nokre kan denne kompetansen ikkje alltid vere like lett å ta med inn i ein søknadsprosess, og mange kan kvi seg for at dei må bevise noko.
HÅPAR Å NÅ UT MED TILBODET: – Dette tilbodet er både spennande og nytenkjande i vårt fylke, og eg håpar at vi kan nå mange med det, seier Anette Aske Sollid. FOTO: SIRI CECILIE FLATJORD
Fleire interesserte
Søknadsfristen er 1. mars, med det er òg mogleg å søkje etter denne fristen.
– Vi har danna ei arbeidsgruppe der NAV, Rettleiingstenesta og skulen er representert, og vi har eit godt samarbeid. Vi har faktisk fått mange førespurnader frå vaksne som er interesserte i utdanningane allereie, så dette blir spennande, smiler ho.
I utgangspunktet er planen å legge opp til fullt studieløp, men dette kjem ifølgje Aske Sollid an på søkjarmassen.
– Vi såg i fjor med tannhelsesekretærutdanninga at mange av søkjarane sat på mykje realkompetanse. Det førte til at alle 13 elevane kunne starte rett på VG3.
Realkompetansevurdering
Det er læreplanane i faga for ut-
FAKTA
Fullføringsreforma
• Reforma vart vedteken på Stortinget i juni 2021.
• Alle som har byrja på vidaregåande utdanning, skal ha rett til å fullføre.
• Fullføringsreforma inneheld tiltak for at fleire ungdom og vaksne skal bestå med studie- eller yrkeskompetanse og vere godt førebudde til vidare utdanning og arbeidslivet.
danningsprogramma som utgjer utgangspunktet for realkompetansevurderinga, og Aske Sollid
Samtale, ikkje prøve
Aske Sollid understrekar at det slett ikkje er noko prøve ein må gjennom for å få godkjent kompetansen ein har opparbeidd.
– Det er ein samtale rundt eit bord eller ei yrkesretta oppgåve der målet er å få fram kva søkjaren har erfart og lært gjennom livet og arbeidet sitt. Ein treng ikkje å grue seg, smiler ho. No håpar ho at dei kan nå mange med dei nye tilboda, og er spent på å sjå interessa.
– Som vaksen er det ulike ting i livet som gjer at ein ikkje kan møte opp fysisk på ein plass på jamleg basis. Men samfunnet har like fullt behov for arbeidskraft innan ulike yrkesretningar. Då er det veldig fint at vi kan vere med å tilby ei løysing for dei personane som har ønske og vilje til å ta ei utdanning i vaksen alder, uavhengig av livssituasjon og
SIRI CECILIE FLATJORD siri@firdatidend.noFirda vidaregåande skule satsar vidare på nettbasert yrkesfagopplæring til vaksne, og frå hausten av tilbyr skulen to nye studietilbod.geografisk plassering, konstaterer ho. NETTELEVAR: Pilotprosjektet