Sogn Næring 2007-2022 Aage Engesæter

Page 11

Styret

11

SOGN NÆRING 2007 - 2022

Det var få utskiftingar i det styret som vart valt for Sogn Næring ved etableringa av selskapet i 2007. Dette styret, med Atle Stalheim som leiar og styremedlemene Laura Kvamme, Sigurd Sætre, Gro Lerum Bondevik, Yngve Hallén og Arild Meisterplass vart sitjande uendra fram til generalforsamlinga i 2010. Då overtok Johannes Josvanger styreplassen til Meisterplass. Det året var det også litt offentleg diskusjon om styresamansetjinga. Georg Arnestad, forskingsleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, uttrykte i eit foredrag misnøye med at korkje høgskulen eller Vestlandsforsking var representert i styret for selskapet. Arnestad skulda ordføraren for å ha sett foten ned for dette, noko ordførar Jarle Aarvoll sterkt tilbakeviste i intervju med Sogn Avis. På generalforsamlinga i 2012 kom det fleire utskiftingar. Stig Ove Ølmheim overtok styreplassen til Sigurd Sætre, og Jørgen Chr. Lindstrøm erstatta Johannes Josvanger. Vi kan merka oss at styret framleis var utan representasjon frå høgskulemiljøet, så Arnestad sin framstøyt gav ingen resultat på styresamansetjinga. I 2014 kom Agnar Holen inn i styret i staden for Atle Stalheim, og Stine Lilloe-Olsen erstatta Gro Lerum Bondevik. Samstundes tok Laura Kvamme over styreleiarvervet etter Atle Stalheim, som hadde vore styreleiar sidan selskapet vart etablert. Kvamme hadde også vore med i styret sidan starten. I motsetning til Stalheim var Kvamme vald inn i styret av kommunen. Ho var politikar, og frå 2011 også varaordførar i Sogndal. Då ho var vald til styreleiar i Sogn Næring fortalde ho Sogn Avis at ho var spesielt oppteken av «å byggja vidare på det som gjer at folk trivst i bygda», og at ho ynskte seg fleire aktive eigarar som kunna bidra til finansieringa av selskapet. Næringslivet ytte no mindre driftstilskot enn i oppstarten. Laura Kvamme sat som styreleiar fram til generalforsamlinga i 2016, då Agnar Holen tok over dette vervet. Kvamme heldt fram i styret til 2017, då vart ho erstatta av Karin Vikane. Stine Lilloe-Olsen gjekk også ut. I hennar stad kom den første representanten frå Leikanger, Cecilie Njøs, inn i styret. Ei ny endring i 2019 reflekterte den føreståande kommunesamanslåinga, då Eli Grete Høivik frå Balestrand vart styremedlem. Ho erstatta Yngve Hallén, som hadde vore med i styret for selskapet sidan starten i 2007. Då den nye Sogndal kommune var ein realitet i 2020, kom ein ny politikarar inn i styret: Kristin Rundsveen Bøthun erstatta Cecilie Njøs, og i 2021 kom Mari Husabø inn i styret i staden for Karin Vikane. Det er også verdt å merka seg at det har vore eit svært aktivt styre i Sogn Næring. Det var hyppige styremøte: I 2008, det første heile driftsåret, vart det halde 7 styremøte, i 2010 og i 2011 var det 8 møte. I 2012 og 2013 møttest styret heile 10 gonger. Sidan gjekk møtefrekvensen noko ned, og i åra etter har det vore mellom 3 og 6 møte i året. Hyppige møte betydde sjølvsagt at mykje tid gjekk med til saksførebuing. Møteinnkallingar og protokollar var formelle og skikkelege, og mykje av møtetida gjekk lenge med til å handsama søknader til det kommunale næringsfondet.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Vedlegg 1. styremedlemer og varamedlemer

1min
pages 64-65

Vedlegg 3. selskap Sogn Næring a/s er eller har vore medeigar i

0
pages 67-68

«Ein samanhengande utviklingsstruktur» - også utover kommunegrensene

4min
pages 55-56

Oppsummering – Sogn Næring og utviklinga i Sogndal

7min
pages 60-63

Sogn Næring sin plass i den nye kommmunen

1min
pages 53-54

Kommunikasjon

1min
page 52

2017 -2020, mot ein ny kommune

10min
pages 43-47

Ny strategiplan

2min
page 51

Svak økonomi og ny driftsmodell

13min
pages 37-40

Ideelt aksjeselskap eller reiskap for «krambu-Fjøra»?

6min
pages 49-50

Strategiprosessar - og nesten eit namnebyte

2min
page 48

Forholdet til næringslivet

1min
page 41

Byregionprogrammet

5min
pages 35-36

Nasjonalt næringshageprogram og Sognefjorden Næringshage

2min
page 34

«Campus-verksemdene treng ein Hydro-kur»

17min
pages 32-33

Sogndal lufthamn

9min
page 29

Kjøpesenter i Nedrehagen

1min
pages 27-28

Fjellsport og vinterturisme

3min
pages 25-26

Cruiseturisme

0
page 23

Reiselivsorganisering

1min
page 24

Det kommunale næringsfondet

3min
pages 21-22

Bemanning

2min
page 13

Rollefordeling mellom kommunen og Sogn Næring

2min
page 16

Forord

0
page 3

Styret

2min
pages 11-12

Forhistoria

6min
pages 5-7

Oppstart og strategiar

2min
page 15

Grunnleggjande arbeidsoppgåver

7min
pages 17-20

Skipinga

3min
pages 8-9
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.