SOGN NÆRING 2007 - 2022
etter at planane om det det nye innovasjonssenteret vart kjende, og dei vart inviterte til å koma med innspel. «Dei fremste innovatørane våre spring rundt med millimeterpapir og planlegg», kunne han vidare fortelja. Det vart klart at Sogn Næring og Kunnskapsparken skulle samlokaliserast i det nye Innovasjonsbygget. I april 2017 kunne dagleg leiar informera styret om at dei hadde starta arbeidet med å finna ut korleis dei to selskapa kunne samarbeida betre i åra som kom. I dette måtte det liggja ei oppfatning om at samarbeidet til då ikkje hadde vore optimalt. Ein ynskte også å samla all gründeraktivitet i eitt område. Kommunen hadde signalisert at byggherren – Sogndal Fotball AS – kunne forventa finansiering av gründerkontor gjennom løyvingar frå næringsfondet. Ein var opptekne av at senteret måtte bli eit regionalt nav i næringsutviklinga, og ville vurdera å organisera gründersenteret som eit aksjeselskap, eigd i fellesskap av Sogn Næring og Kunnskapsparken. Seinare dette året løyvde styret kr 200 000 til senteret, kr 100 000 i aksjekapital og kr 100 000 i tilskot. Like før jul vart aksjeselskapet FUS Sogndal skipa, ved at Sogn Næring sitt gründerkontor og Kunnskapsparken sitt inkubatorkontor vart slått saman, med 50/50-eigarskap mellom Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Sogn Næring. Kjetil Kvåle vart styreleiar og Torgeir Skålid styremedlem. Lisbeth Bringebøen fungerte er som prosjektleiar, utleigd frå Sogn Næring i 800 timar. Namnet FUS spelar på uttrykket «fus», som i følgje heimesida til organisasjonen er eit «Uttrykk som vert nytta mellom vener/søsken for å erklære førsterett til noko, den som er førstemann.»
«Campus-verksemdene treng ein Hydro-kur» Campus-miljøet, med ei rekke nye oppstartsverksemder var godt synlege i det lokale mediebiletet. Likevel var desse verksemdene i ein oppstartsfase og hadde ikkje hadde stor inntening. Dette greip historikaren og samfunnsdebattanten Johs. B. Thue tak i. «Campus-verksemdene treng ein Hydro-kur» var overskrifta på eit innlegg han skreiv i Sogn Avis i februar 2015. Her stilte han seg kritisk til dei mange innovasjonsbedriftene på Campus som han las så mykje om, men som han hadde funne ut at ikkje tente pengar: «Til og med motoren i etableringane, Sogn Næring har gått med underskot i alle år, aldri betalt eitt øre i selskapsskatt. Kva for rollemodell er dette?» skreiv han. Hovudpoenget til Thue var at dei store innteningsverksemdene var knytte til oljerelaterte aktivitetar, til havbruk og industri, som han meinte i alt for liten grad hadde gått inn på skrytelistene til politikarar. Per Odd Grevsnes svara Thue i avisa. Han klargjorde at Sogn Næring var eit selskap langt på veg finansiert ved driftstilskot, som han gjerne hadde sett var større, og med ein ideell vedtekstfesta formålsparagraf. Han måtte medgi at ikkje alle dei nye verksemdene på Campus tente pengar, mange var nye og i ein startfase. Der, som elles i landet, var det heller ikkje alle nystarta verksemder som kom til å overleva. Grevsnes var likevel klar på at han trudde den største veksten i næringslivet i regionen ville koma i form av nyetableringar og knoppskyting. Til det meinte han at campus-miljøet var ein god verktøykasse. Grevsnes fekk støtte av Olav Hjelle, regionbanksjef i Sparebanken Vest. I Sogn Avis karakteriserte han Campus-miljøet i Sogndal som truleg «det mest innovative miljøet vi finn i Sogn og Fjordane, og på fleire område blant dei mest innovative vi har i Norge».
32